Eg har budd åleine to gongar, og det var fint nok å henge med meg sjølv, eg blei bestevenn med biblioteket og sykkelen min, åt nudlar foran Sex&Singelliv og lærte meg å ikkje være redd for edderkoppar. Og eg er glad for å kunne sei at hei, eg har budd mutters åleine og det var ganske fint, men mest glad er eg for alle dei rare kollektiva eg har budd i.

I mitt første kollektiv var det meg, Caroline og tre andre veldig forskjellige personlighetar. Me hoppa i senga, reiste på Ikea, fylte frysen med krokanis, berre fordi me hadde lov. Me hadde rips i hagen, som me åt med vanlijesaus, og eg tok bilde av Caroline i vinduet mitt, med tyllskjørt og brunt hår. Ein gong opplevde eg noko skummelt på vei heim i mørket, og eg ringte Caroline mens eg sprang heim mot huset, og ho kom springande mot meg i mørket med tøfler og sengeteppe rundt seg. Dagen etter kjøpte eg ein sykkel. Ein gong sprang me heim mot huset på grunn av noko anna skummelt, men då var det lyst, og me var to.

Så flytta me inn i naboblokka. Der var me fire, så fem. Det fins alltid plass. Me lagde fårikål og mojitos, blei kasta ut frå uteplassar og sendte papirfly ut i båkgården. Johannes lagde kaffi, og me spionerte på naboen. Og så blei nøkkelen vår stjelt, og Caroline sov med kniv under puta, sånn i tilfelle. Alle hadde kjærastar, unntatt meg, det var alltid litt dumt når me skulle spele Fantasi og måtte være på lag, men unntatt det var det alltid fint at folk kom og gjekk.

Mitt tredje kollektiv var meg, Anna og Joachim, i Paris. Anna i det blå rommet med køyeseng, meg i det ferskenfarga rommet med grønn smijernsseng, og Joachim i det store lyse rommet med altfor kort seng og kjøkken i eit skap. For å komme til eit rom, måtte man alltid gå gjennom eit anna rom. Me var aldri åleine. Joachim hadde det største rommet, og der satt me om kvelden og høyrte på norsk radio . Og me hadde ingen stolar, så man måtte sitte på golvet, men me hadde i alle fall masse plass til å danse om natta.

Året etter flytta eg og Anna inn i ein knirkete leilighet i 11 arrondissement i Paris. Me hadde eitt soverom, og ein sovesofa på stova, men me fant ut at det var mykje bedre å sove i samme seng, så man kan snakke ilag om kvelden. I dei to første månedane budde Hannah og Moa der óg, eg og Anna sov i senga, Hannah og Moa på sovesofaen. Fire jenter på 30 kvadrat. Om det regna ute blei me alltid glade, for då kunne me være heime med bøkene våre. Me hadde tv, men den blei aldri skrudd på. Livet gjekk alltid så sakte der oppe, i sjette etasje, på toppen av byen. Den siste dagen me budde saman i den leiligheten tusla me ned på bakeriet og kjøpte croissantar. Eg satte meg i taxien til flyplassen, me hadde kvar vår croissant i hånda, og visste begge to at me ikkje lenger skulle bu i samme leilighet, ikkje eingong i samme by.
Eg flytta rett inn i kollektivet til Caroline, på St. Hanshaugen. Åpna opp vindu, kjøpte tunge, gamle møblar fordi eg visste eg slapp å ta dei med meg på eit norwegian-fly. Me hadde lange morgonar, lange ettermiddagar og lange kveldar ved kjøkkenbordet. Inviterte heile verden på ostesmørbrød og vodka om natta. Hadde festar, fransk fest, mekikansk fest, spontan fest, festivalfest. Overnatta på rommene til kvarandre. Så fekk Ida ledige rom i Waldemar Thranesgate, og me kjørte tingene våre i handlevogn lenger bort i gata. Frå vinduet kunne me sjå over til Joachim og Karina. Marius seier at me er som ein tv-serie. Når man er mange er det jo alltid noko som skjer. Etterkvart flytta Andi og Susan inn, me fekk Basse, og sjølv om skapdører går av hengslene, malinga skreller av veggane, vaskemaskina fungerar som russisk rulett, sjølv om det er ganske krokete og knirkete, er det alltid godt å komme heim, alltid godt å rope hallo og få svar, høyre rolig snakking på stova like før eg sovnar om kvelden, eller musikk i eit anna rom, ein hårfønar på badet eller sukking i gangen, våkne av Basse som murrar meg i fjeset, føle meg som heime, heilt trygg og varm.

7 comments:
nå varma du hjertet mitt
mitt og
Nydelig fint. Det er bra vi samler opp så mye fint gjennom et liv, og passer på at det er det vi husker. Alt det som er fint og bra.
ENDELIG et ordentlig langt innlegg igjen. Akkurat det jeg trengte idag :) Du har din helt egen uttrykksform, og jeg blir alltid så inspirert av det! GO YOU!
magi. rett og slett. (om det skulle være uklart er det ment som et kjempekompliment.)
Vil bare si at at bloggen deres er absolutt en av mine favoritter! Det er så utrolig mange bloggere der ute som skriver om "kul" mat, "kule" klær, og hva som er den "riktige" måten å leve på. Hos dere er det lov til å være rar og tullete og ikke alltid føle seg på topp. Det er rom for alt, fine fester med fine mennesker, men også vonde følelser og vanskelige ting. Det er utolig deilig og mye mer inspirerende enn å lese om mennesker som tilsynelatende har alt på stell. Tusen takk :)
åå nå skulle jeg ønske jeg ikke bodde alene.
Post a Comment