Wednesday, October 31, 2012

Halloween

IMG_2530 IMG_2570 IMG_2545 IMG_2509 IMG_2593
Den einaste Halloween-natta eg ikkje fekk kle meg ut, gjekk me opp Thorvald Meyersgate klokka seks om morgonen og du skreik "I need love! I need love!", morgontrikken glei forbi og ingen brydde seg. Me gjekk heim til deg, uten å sei noko, men me visste ingen av oss hadde lyst å sove åleine. Tidlegare på kvelden stod me fire stykker i ein toalettbås og skreik alt me kunne under det røde lyset, dansa våre finaste dansar under diskokula, blant dei andre som var utkledd til hore, Madonna, cowboy og døden. Men det var me som var ute å spøkte den natta.

4 comments:

Anna said...

Å, fint. Spesielt avslutningen.

Karen said...

det Anna sa.

marire said...

det Anna sa, en gang til.

Lisbeth said...

Det er så vidunderlig fint. Kiler alltid i magen når jeg leser bloggpostene deres <3

Alle bilder på denne bloggen tilhøyrer oss, om ikkje anna er nevnt.

Kval&Actionfilm?