Wednesday, August 08, 2012

Det regna sidelengs inn vinduet, og senga mi blei våt men eg fekk sove i di.

IMG_9907
På vestlandet begynte eg å grine i bilen, du svingte ut i veikanten og snudde deg mot meg og eg såg at du grein frå venstre auge, det som var vendt vekk frå meg. Man kan ikkje grine og kjøre bil samtidig, me mista nesten ferja vår. På dekk blåste det som faen. Eg leste høgt frå Beatles i bilen, frå øst til vest og tilbake til øst igjen. Eg leste høgt frå Beatles i senga i Gyldenløvesgate, mens fontenen surkla utenfor, samme fontenen som Kim og Nina kyssar ved, og tvers over gata heng epletrea Kim klatrar opp i. –Det regnar, seier du. –Det er berre fontenen, seier eg. –Jo, det regnar, seier du og peikar på ein regndråpe på puta. Og på golvet i stova står alle platene, samme platene dei lyttar til, The Beatles såklart. Dei er født i 1951, akkurat som pappaen din. Det er jo hans plater, og holet i midten av Abbey Road er mykje større enn i dei andre platene. Me er på slutten av sommaren totusenogtolv, eg gløymte visst å planlegge den, eg gløymte å kjøpe festivalbillettar og det kostar femtusen å reise til Hellas. Me tar t-banen til Frognerseteren, billetten kostar tretti kroner. Du les høgt for meg i teltet mens det regnar, soveposen din blir våt men du kan låne min.

Sjekk mi speleliste for ein regntung sommar på Flamme sine sider.

10 comments:

regndrope said...

Beatles er ei skikkeleg fin bok å lese om sommaren!

Sunniva said...

Aldri slutt å skriv er du snill

annie said...

heihei, dette var nydeleg. beatles og the beatles er kjempefint.

Anonymous said...

Du skriver veldig fint. Ser bilder inni hodet mitt når jeg leser.

guro said...

<3 <3 <3 takk

Helene said...

Eg blir så emosjonell når du skrive så fint! :)

marthe said...

Så nydelige ord! :)

Tammy Lau said...

love the photos of your blog...Beautiful:)

If you have time pls check out mine, There are photos from around the world. If you like, you can follow on bloglovin and I will follow right back;)


EDGYMIX Bloglovin
EDGYMIX-TRAVEL FOR FASHION

julie said...

enten må dere blogge oftere eller så slår jeg opp med bloggen deres!!!!!!

Anonymous said...

enig med julie

Alle bilder på denne bloggen tilhøyrer oss, om ikkje anna er nevnt.

Kval&Actionfilm?