Monday, January 02, 2012

"Du er det finaste eg veit fra 2011."

Eg likar tanken på å oppsummere, samle ting, få oversikt og sette alt saman. Eg tenkte først at det var håplaust å gjere med tjueelleve, det blir for mykje, ting som er for fine til å skrive ned i svart/kvitt, ting som blir for trist å skrive om. Ups and downs. Eg starta året med ein slags down, tequila og lebestiftmerker på doskåla. Me låg heile 1. nyttårsdag med latterkrampe og var enige om at herifrå kan det berre gå oppover.
IMG_6327
Når eg ser for meg vinter 2011 hugsar eg at det var mørkt, at eg stort sett berre var kledd i den grønne flanellskjorta, at eg avlyste avtalar og blei heime for å ete pepperkakedeig i senga, at eg ikkje gjorde spesielt anna enn å tusle over veien, bort til Karina, og heim igjen.
IMG_6593
IMG_6784
IMG_7534
IMG_7729
Eg reiste til Trondheim, der var det alltid mørkt, me drakk øl, låg på golvet, i senga og på bordet. Sov til klokka tre, tok nattoget heim.
IMG_7107
I vinterferien blei eg sjuk, og låg to dagar i senga uten å klare å ete, skrive, snakke med nokon, før eg siste dagen reiste meg opp, dusja, handla mat, pakka kofferten og reiste til Paris, til grå himmel og regn, eg elskar grå himmel og regn.
IMG_8008
IMG_0078
IMG_0068
IMG_0062
Så kom regnet til Oslo, eg hugsar den dagen det begynte å regne skikkelig for første gong sidan oktober. Eg måtte sove nokre dagar i senga til Caroline etter det. Man kan ikkje alltid sove åleine.
IMG_8041
Caroline kom med toget fra øst, eg kom med bussen fra nord, eg og Caroline i Stavanger. På solastranda, med champagne i solnedgangen. Me fekk haik inn til byen igjen, ingen bussar gjekk, for det var langfredag. Me var på nachspiel, gjekk heim i sola, var på nachspiel, gjekk heim i sola, var på nachspiel og gjekk heim i natta for å ta toget heim til Oslo.
IMG_1377
IMG_1651
Me flytta inn i nytt kollektiv, liksom vårt eget. Hengte opp bilder på veggane i sikkerhet om at dei kunne få bli der i stund. Kjøpte ein sofa. Fekk oppvaskmaskin og nye jenter i naborommet.
IMG_3425
IMG_3525
IMG_1923sh
IMG_3245
IMG_5342
IMG_5072
Korleis kan eg nokon gong igjen tenke på 2011 uten å tenke på 22.juli? Det er fortsatt 22.juli, overalt. Eg tenker på det kvar gong 37-bussen svingar inn i tunnelen like før regjeringskvartalet. Eg blir aldri vant til det. Eg drømmer om det om natta, fortsatt. Om at eg står midt i regjeringskvartalet og ser byen rase ned rundt meg. Eg, som ikkje eingong kan forstå korleis det er for dei som manglar nokon på slutten av året. Eg håpar 2012 er snill mot oss, eit varmt og trygt år.
IMG_0510
IMG_0368
Eg satte meg på toget til Stockholm, uten datamaskin og norske nyheter. Eg besøkte Sigrid i Stockholm, ho viste meg byen rundt på sykkel, me bada, drakk øl på eit tak med utsikt over byen. Og eg sov bedre enn på lenge. Så tok eg bussen til Småland og hadde sommarens finaste dagar på gården til Moa.
IMG_0711
IMG_0810
IMG_0836
IMG_0763a
IMG_0852
IMG_0920
IMG_0945
IMG_0915
IMG_1003
IMG_1194
Men det var ein fin sommar, tross alt.
IMG_0394
IMG_0329a
IMG_0622
IMG_0561a
IMG_1379
IMG_1306a
IMG_0636
IMG_3197a
IMG_7414
På høsten sa eg hei til ein gut, på fredagsbaren. Han var høg og kjekk, og fekk meg til å le. Me begynte å gå turar i nabolaget, eg lo ennå meir. Andi og Susan flytta inn. Me drog på loppemarked og gjekk søndagsturar.
IMG_3645
IMG_3654
IMG_3677
IMG_3865
IMG_3934
IMG_3888
IMG_4855a
IMG_4777
IMG_5270a
IMG_8715
IMG_7613a
Me fekk ein katt, kalte han Basse. Han hadde svart kajal rundt augene og var dårlig til å mjaue, god til å krype opp i senga om kvelden. Basse.
IMG_5545
IMG_5523
IMG_7633
Caroline og eg hadde jo snakka om å bli dj’s i 100 år. Så var det nokon som spurte om me ville, og det ville me jo. Me spelte først på feminismeuka, så litt her og der, så i Gamlebyen. Eg tok fly til Bergen for å spele og tenkte at dette er fint.
IMG_8084
Eg håpar det blir litt roligare i 2012. At eg får tid til å lese alle bøkene eg vil, kose med Basse om morgonen (det er då han likar å kose), lage middag med sambuarane mine, sykle på tandemsykkelen eg fekk av kjærasten min til jul, vende meg sjølv innover, innover, innover. Eg vil få fleire blåmerker, være ennå meir dansestøl, skrive brev til Tromsø, Bergen og Sverige. Kjøpe konsertbillettar. Sove minst sju timar kvar natt. Ta eit fly. Gå ein tur.

11 comments:

Oda said...

Så fint. Jeg håper at dere spiller i Oslo når jeg er der :) Ellers så skal jeg ha et bra år med nye og supre folk. Håper dere også får det, Heidi og Caroline.

Sunniva Johansen said...

Så utrolig fint. Jeg kom bare inn på bloggen din via... Mariell, kanskje. Så fint året ditt virker. Og katta vår da jeg var liten het Basse.

Stine said...

Dette var særs inspirerande. Likar!

Sushibird said...

For en absolutt herlig oppsumering. Nå smiler jeg.

Sandra said...

Kan ikke du skrive litt om bøker du har lest. Som f.eks. Anna Karenina som jeg så på bildet overfor. :)

Kine said...

så utrolig mange fine bilder,Heidi. Jeg håper også dette blir et fint år! Du er FIN !

Synne said...

En veldig fin oppsummering! Håper 2012 blir alt du ønsker deg. Godt nytt år!

FotoRenate said...

Du er så utrolig GJENNOMFØRT!!! ALt her er NYDELIG!

Nøve said...

Godt nyttår! Håper 2012 blir alt du vil.

maja - fotogeniquee said...

Så otroligt vackert! Du tar fantastiskt vackra bilder, ljuset och färgerna och hela känslan som du lyckas fånga passar alltid så bra ihop med varandra i dina foton. Jättefint!

danattenfalt said...

Dere må være dj's helt fram til mai 2012 minst, for da blir jeg 20, og alle vet at når man er 20 får man gjøre alt det man ikke fikk gjøre når man var 19.

Alle bilder på denne bloggen tilhøyrer oss, om ikkje anna er nevnt.

Kval&Actionfilm?