Thursday, December 08, 2011

Tøyenbadet året rundt (Reprise)

IMG_8135
IMG_1928
Vinter
Det er vinter og eg svømmer i kollonne på Tøyenbadet. Eg ser på dei andre rundt meg, kjærastepar som ler og kyssar, eldre damer som passar på å ikkje ødelegge frisyren, menn med tatoveringar på store overarmar. Eg trekk inn pusten, dukkar under og synk ned til eg kjenner botnen under meg og sparkar ifrå alt eg klarar, når overflata og pustar ut, inn, ut, gnir vatnet ut av dei raude auga mine, må kjøpe svømmebriller snart. Etterpå, på veg ned i garderoben stoppar eg foran dei store runde vindua som fører inn til bassenger, ser på alle kroppane som flyt fram og tilbake i motstanden vatnet gir dei. Eg tenker at folk er flinke, så flinke dykk er, seier eg lavt og kjenner gåsehuden spre seg frå ryggsøyla og ut over armane. Eg spring inn i garderoben og brukar lang tid, ligg lenge i badstua og kjenner varmen brenne over kvar einaste kvadratcentimeter på kroppen. Når eg kjem ut i den mørke Tøyenparken frys håret mitt til is, eg kjappar meg til t-banen før heile meg frys til is, småspring på den glatte snøen som knirkar under skoa, håret klirrar som små ispinnar. Når eg kjem heim et eg to bløykokte egg og drikk ein kopp te, Earl Grey. Eg legg meg i senga med ullsokkar på, kjenner at håret mitt framleis luktar klor, og det siste eg tenker før eg sovnar er at eg skulle ønske at det var nokon andre som også kunne lukte på håret mitt. Men eg ligg heilt åleine i seng på St. Hanshaugen i Oslo og den natta drømmer eg at eg er ein kval som syng åleine i havet.

IMG_8037
Vår
Eg går vegen opp frå t-banestasjonen på Grønland, gjennom Tøyengata, forbi Botanisk Hage og forbi Munch Muséet. Går snarvegen gjennom Tøyenparken, det er litt vått i graset, det luktar syrinar og våt asfalt. Det er annleis her oppe, rolegare, i kontrast til Grønland som aldri står stille. Eg ser Tøyenbadet på toppen av parken, den kvite boksen, eit lite barn seier til mammaen sin at "det er jo Operaen" og eg ler for meg sjølv. Folk strøymer inn og ut dørene, dei som kjem ut er våte i håret, med reine ansikt, dei går ut med tunge steg og dei minnar meg om svømminga på barneskulen, korleis tjuefire nyvaska ti-åringar sovna i kor på bussen som køyrte oss gjennom bygda kvar fredag, etter me hadde kasta oss rundt i kommunebassenget som ville fisk, hylande, hoppande, om å gjere å være lengst under vatn, å kunne hoppe høgast. Eg var alltid så redd for å stupe, redd for å kaste meg ut i vatnet med hovudet først, det er eg fortsatt redd for, men eg var god til å flyte på ryggen, heilt stille, med øyra under vatn, eg låg og lytta til lyden av alle dei andre barna under vatnet. Eg lærte å flyte på ryggen før eg kunne svømme, svømmelæraren min haldt hendene sine under ryggen min og sa eg skulle tenke på det beste eg visste. Pistasje-is. Det var det beste eg visste, og eg tenker fortsatt "pistasje-is pistasje-is pistasje-is" når eg flyt på ryggen. Og denne tidlege vårdagen går eg opp til Tøyenbadet, tar på meg badedrakten i den varme garderoben, et ein vaniljeyoghurt på ein av dei brune stolane mens eg høyrer på musikk på ipoden min, ser dei andre damene rundt meg som kler av og på seg, alle kroppane som bevegar seg rundt. Eg går opp til bassenget, dette er ein av dei første dagane utebassenget har ope, det er ingen andre der, forutan meg og badevakta som er ei kraftig eldre dame, som sit under ein parasoll, sjølv om det er skygge. Eg senkar meg sakte ned i vatnet, og svømmer eit par lengdar før eg legg meg på ryggen og høyrer kun lyden av meg sjølv under vatnet. På himmelen over meg flyr to jet-fly sakte forbi, eg kan såvidt høyre lyden under vatnet. Eg lukkar augene, isolerar ein sans for å vekke den neste og kjenner vatnet rundt fingertuppane, i nakken, under badedrakten og i håret mitt som ligg rundt skuldrene, klistrar seg over brystet og hjartet som bankar under der igjen.

IMG_1758a
Sommar
Det er den varmaste dagen i august og alle i Oslo vil være akkurat her, på Tøyenbadet, og eg er her, akkurat her med deg, og ligg på graset og ser deg hoppe frå tremeteren, du prøvar å imponere meg, det fungerar, eg ler når du kjem opp igjen. Du smører meg med faktor 30 på skuldrene, du seier eg er gjennomsiktig. Berre for deg, seier eg. Sola brenn i augene, du myser mot meg. Me står på taket på Tøyenbadet, Oslo ligg bak oss og me hoppar med samla føter ned i utebassenget, du tar hånda mi på veg opp og drar meg inntil deg. Etterpå går me i kvar vår garderobe, eg kjappar meg, børstar håret ser meg i speilet, prøvar å sjå søt ut, vått hår og røde kinn, eg møter deg utenfor, det har begynt å regne, plutselig varmt sommarregn som klistrar seg rundt kroppen. Me finn kvar vår bysykkel og trillar ned bakken, du syklar foran meg og eg ser håret ditt krølle seg i nakken fordi det er vått. Det luktar vind og koriander i Tøyengata, det er 24. august i Oslo og siste gong eg badar dette året.

Høst
Du kan ikkje fly, men du kan svømme, du kan puste ut all lufta i lungene og synke sakte til bunnen, før du blir redd og må opp, du er lett som ei fjør og sparkar frå med beina og snurrar rundt og rundt, du er ein ensom synkronsvømmar og vatnet gir deg akkurat passe motstand. Din kropp og dei andre kroppane er like i vatnet, me er alle like her inne, i badedrakt og badebukse, det er alt. Jobben, busskortet, kjærasten eller radioen er ikkje her no, det er deg, det er kroppen din og vatnet. Det er ryggen din, armane dine, nyrer, hjarte, augevipper og dine fem liter blod, du er vektlaus i vatnet, frigjort frå deg sjølv. Du kan hoppe frå stupebrettet og vatnet tar deg imot, det følg kroppen din, legg seg inntil deg og held deg fast. Du kan felle salte undervannstårer heilt til du kjenner at huda på fingrane rynkar seg, og det er på tide å gå opp. Du går heim, handlar kardemomme-te og granateple på Nordbygata Dagligvare. Kroppen er tilbake i tyngekraftens lov og lyden av Oslo fyller deg sakte opp igjen.
IMG_7061
IMG_7057

17 comments:

eirin said...

dette var så mye fint på en gang, at jeg ble helt satt ut.
minte meg om å være liten og vokse opp med oslo og verdens beste tøyenbad, før jeg flytta til trondheim.

julie anett said...

Pene bilder!!

Renate said...

herreguri så fine!!!

Hilde said...

du skriver så himla fint. og jeg får alltid lyst til å flytte til oslo

Karoline said...

Så finfint. Du har ikkje vurdert å bli forfattar vel?

maria said...

dette er så ubeskrivelig vakkert

Henrik said...

hvor stiller man seg i kø for å gifte seg med blogginnleggene deres?

Inger Kristine said...

Jeg elsker dette. Og betaler gladelig og forventningsfullt mine 380 kroner i måneden i håp om at Tøyenbadet snart åpner igjen.

tom-andré said...

likte det like godt som første gang jeg leste det. så fint!

kjersti said...

elsker deg litt.

og lengter etter tøyenbadet.

Hilde Marie said...

Savner Oslo og tøyenbadet <3

hoydepunkt said...

å. enig med Henrik. nesten enda bedre nå enn første gangen, ettersom jeg nå sitter langt borte i et studio i frankrike, alene en fredagskveld, og bare lengter hjem til oslo, byen min.

Ingrid said...

Forrige gang jeg leste dette satt jeg på pikerommet og hatet livet mitt litt. Men jeg bestemte meg, etter sommeren pakker jeg kofferten og begynner på nytt, hei Oslo.

tone said...

det bildet av høstbladene er det fineste høstbildet jeg har sett. heidu, du er helt på toppen av verden syns jeg

Anonymous said...

Fantastisk!
Men altså; kan jeg få kjøpe den kjolen som dere har på dere på det øverste bildet til venstre? Har letet så lenge etter den, men den er ikke å få kjøpt mer :(

Mari said...

Fint. Veldig fint. : )

Anonymous said...

fint fint fint. dokke er fine.

Alle bilder på denne bloggen tilhøyrer oss, om ikkje anna er nevnt.

Kval&Actionfilm?