Tuesday, November 15, 2011

Musikkfoto

Mens me ventar på at kameraet mitt blir ferdig reparert kan eg heller gå litt bak i skryteboka av gamle bilder eg har tatt. Foreksempel bildene eg tok for eit musikkmagasin som heiter Modzik eg jobba litt for når eg budde i Paris. Det er nok ein av dei mest spennande jobbane eg har hatt i mitt liv, mest fordi eg blei star-struck og fekk gjesteliste på alle konsertane, men og fordi eg lærte mykje om min egen evne litt å jobbe sjukt effektivt. Eg pleide aldri å få meir enn ti minutt på å ta bildene, uansett om eg skulle levere eitt eller fire bilder. Når eg tok bildet av Best Coast fekk eg nøyaktig to minutt til å dra ho med meg ut i ei sidegate og knipse eit bilde. Når eg tok bilde av Foals var eg så forelska i alle saman at eg trudde eg skulle forgå, og me hadde ti minuttar på å ta bildet i ein hage me egentlig ikkje hadde lov til å være i. Eg, som egentlig har problem med å heve stemma i sosiale lag hadde plutselig ansvar for Foals, manageren deira, ein stylist, to assistentar av stylisten og ein journalist. Inni meg tenkte eg "herregud, no trur dei at eg er ein superproff fotograf og så er eg jo berre meg!" Men det gjekk bra, det gjekk alltid bra. Det første oppdraget eg hadde for dei var å fotografere Broken Bells og eg var så nervøs for å møte James Mercer at eg blei fysisk uvel. Men det gjekk bra. Eg hadde med bestemor sitt gamle kamera, fortalte om bestemor, James Mercer og Danger Mouse nikka og sa "so this is your grandmothers old camera?" og eg sa "yes, it is." Oioioioi, for ei tid, eg følte meg som verdens kulaste når eg kunne kjøpe mine egne bilder i kva som helst papeterie i Paris. Lite for Paris, stort for meg.
Dessuten vil eg anbefale å sjekke ut musikken til alle desse artistane, om du ikkje har gjort det allerede, eg linkar til spotify under:
014
Memory Tapes.
19
The Hundred in the Hands.
15
Broken Bells
20
Best Coast
13
Foals
017
Og Caribou.

Sånn. No har eg ikkje noko meir å skryte over. Eg går tilbake til katten min og seier som Best Coast, i wish my cat could talk.

7 comments:

johanne said...

du er så flink og bildene dine er alltid så magiske. syntes det er sykt kult at du har tatt bilder av kjente band

Hanne said...

Jeg elsker Broken Bells. Så heldig du er. Og ikke minst FLINK.

maria said...

du er så fantastisk dyktig

Siv said...

Kult, kult, kult! Fint lys og komposisjon

Mari said...

Nydelige bilder! Liker særlig bildet av The Hundred in the Hands :)

FrkDrittNøgd said...

Elsker bildene dine, flere av artistene og musikkvalgene din på spotify ;-) God helg

Anonymous said...

Så flink du er! Og for en mulighet! Leste at du var fotografassistent også. Hvordan fikk du tak i en sånn stilling?

Hilsen en som drømmer både om å bo i Paris og å jobbe som fotograf

Alle bilder på denne bloggen tilhøyrer oss, om ikkje anna er nevnt.

Kval&Actionfilm?