Sunday, September 18, 2011

Dette kunne vore ein kjærlighetshistorie

IMG_3613
Eg tar opp mobilen og begynnar å skrive ein melding for å spørre kva han gjer i kveld. Eg komponerar eit par forsøk, før eg trykkar på slett-knappen og berre skriv "Vil du møtes ein plass i byen for å kysse?". Er det ikkje det me egentlig vil, er det ikkje det alle sms'ane som blir sendt i Oslo etter klokka elleve om kvelden egentlig handlar om? Ligg det ikkje eit nett av lys over byen frå dei som ennå ikkje har lagt seg, men som har tatt opp mobilen for å sende ein melding til andre sida av byen? Frå Tøyen til Bislett, frå Gamlebyen til Torshov? Om me brukte røyksignal ville byen vore lagt i røyk om nettene. Eg har såvidt lagt fra meg telefonen før eg får svar; han er med. Eg foreslår at me kan finne eit fint tre på St. Hanshaugen å kysse under. "Du velger ikke trær. De velger deg.", svarar han. Tjue minuttar seinare møtes me bak kiosken. Me heng litt på ein benk, det er mørkt og stille, nesten ingen bilar kjører forbi.Me snakkar litt om om ei bok me begge har lest, og om at me begge skal på Murakami-foredraget på seinsommaren. Han fortel om då han laga herbarium på barneskulen med blomar frå St. Hanshaugen. Eg ser for meg eit tynt og slarvete herbarium og ler. Så tuslar me inn i parken for å finne treet vårt, vurderar dei ulike sortane nøye, eg seier at eg kunne tenke meg eit eike-tre. Me går lenger inn i parken, det er oss to og lyset frå ein lyktestolpe. Eg blir redd for at han skal høyre at hjartet mitt bankar, eg kan høyre pusten hans, og her er me, under et tre på St. Hanshaugen, treet valgte oss og me kyssar først litt rolig, så masse, kanskje i eit kvarter, kanskje ein time, før det blir lyst og eg går heim, snik meg stille inn i kollektivet og plukkar bark ut av håret foran speilet på badet.

33 comments:

Regnboge said...

Iiih, du skrive so fint!

EMM said...

<3

Ragni said...

ÅÅH. fint.

<+)))>{ said...

jeg vil og. men det gjør for vondt.

Oda said...

Nydelig!

June said...

Dååååååååån.....

Stylenerd said...

åh. fint. skal gjøre det samme en gang. når jeg blir større, men ikke klokere. eller kanskje bare når jeg har noen å sende den meldingen til.

pernille said...

åå så fint!

Therese *_* said...

herregud, FINT.

hf said...

og kvifor vert det ikkje det, om eg tør spørre?

Ingrid said...

<3 Jeg håper dette er virkelighet og ikke fiksjon. Og at det skal skje igjen og igjen og igjen.

(Jeg så deg i Oslo. Du var pen. Jeg spiste banan.)

veronica isabelle said...

jaaaaaaaa


skriver så altfor vakkert og nydelig

Caroline K said...

Så fint og ekte <3 Det er jævlig forfriskende å høre om jenter som tørr å ta initiativet på den måten, og bare si det rett ut! Kult.

Alvilde said...

Vondt og fint nå etter nettopp en sånn opplevelse. Nå må jeg bare finne en ny å kysse med.

hoydepunkt said...

<3 magnifique!

Kine said...

<3

elin said...

!!!! gjorde min morgon. vackert

mari said...

magisk!

Elena said...

ååh. er dette virkelig? så herlig!

regndrope said...

så himla fin tekst!

marlou said...

vær så snill og si at dette er virkelighet.

Ida said...

<3 skulle ønske det var meg.

Marte said...

Det er akkurat sånn jeg vil ha det. Håper det var en historie fra virkeligheten.

Maria said...

Finfin historie! Herlig.

Ragnil said...

Herremin, så vakkert.
<3

Karoline said...

Åh, det er nesten så eg kjenne hjarte banke sjølv! Også fikk eg lyst til å sende ei sann melding sjølv til han eg alltid preikar med. Tihi :)
Heidi, du skriv så utroleg fint! Blir du forfatter ein gong vil eg forhandsbestille boka <3

Åsne said...

Fantastisk!

John T. said...

Dette var noe av det aller fineste jeg har lest på veldig lenge.

Mari said...

wow, jeg har problemer med å vite hva jeg skal si nå, for en nydelig historie! Håper den er sann! Det verker i magen, jeg vil også!

idunn said...

Åh. Kval&actionfilm får meg til å ønske at eg var i ein film. Ein sånn der alt blir heilt håplaust og så håpar ein at det går bra til slutt, og om det ikkje går bra er slutten likevel sånn fin og riktig. Bra, altså.

Anonymous said...

Eg blei inspirert til å skrive av innlegget. Om min første skikkelege kjærleik. Då hjarte var så fullt av kjensle at eg trodde det skulle si pang, omtrent som ein kinaputt. Vi møttes på skolen, gikk i same klasse. Blei kompisar. Smilte og lo ilag, men vi flørta og. Flørta hemningslaust. Også holdt han handa mi i si og handa hanna var så varm og god. For mi hand var alltid kald, så eg spøkte om at vi passa i hop. Så var det oss to åleine på eit klasserom, vi skulle gjere naturfagslekse. Eg var nervøs og fnisete, visste ikkje heilt kor det bar hen. Han lukta godt. Kom nærare meg også så han meg djupt inn i auga før han kyssa meg. Han har grønne auge med gull i. Eg visste ikkje om kva eg skulle gjere, eg berre kyssa tilbake. Også blei det vi to ei lita stund. Vi var fine ilag. Eg fnisa og han lo. Vi preika og gjorde kjærasteting. Også rota eg det til fordi eg ikkje er så flink til å tale om kjensle. Også var det ikkje eg og han lengre. Men vi er kompisar fremdeles. Ganske gode faktisk, men berre det.

Camilla said...

Så veldig, veldig fint skrevet! Jeg sitter ved siden av kjæresten min i sofaen, og etter å ha lest teksten fikk jeg så lyst til å kysse ham. Jeg spurte "Kan jeg få kysse deg?", og han smilte og sa "Ja", og så, rett før jeg kyssa ham, merka jeg at jeg ble nervøs, selv om vi har vært sammen i 2 1/2 år og kysser veldig mange ganger om dagen. Og det var så fint. Så takk for at du skrev en tekst som gjorde meg nervøs, det gjorde kyssene ekstra deilige.

Madeleine said...

Dette var så fint at jeg vil huske det for bestandig! Takk for nydelige ord!

Alle bilder på denne bloggen tilhøyrer oss, om ikkje anna er nevnt.

Kval&Actionfilm?