Tuesday, August 16, 2011

Stockholm

IMG_0649
IMG_0676
IMG_0685
IMG_0686
IMG_0711
IMG_0712
IMG_0714
IMG_0763a
IMG_0756
IMG_0775
IMG_0799
IMG_0791
IMG_0810
IMG_0804
IMG_0836
IMG_0842a
I Stockholm sov eg. Eg sov som om eg tok igjen alle timar søvn eg hadde mista etter 22. juli. Sigrid sa ho kunne sjå på augene mine at eg drømte, at dei bevegde seg rundt under augelokka, og det var nok sant, for eg drømte om kattar, om Bergen og om Oslo. Meir vil eg ikkje sei, for eg avslører sjelden drømmar; ikkje eingong for mine nærmaste. Det ville vore som å lese høgt frå ei dagbok eg ikkje kunne hugse å ha skreve. Om kvelden, i leiligheten til Sigrid litt utenfor byen låg me i senga å prata, heilt til eg sovna, kanskje midt i ein setning, og om dagen sykla me, me kartla heile Stockholm på sykkel, me sykla til Vasastan, Stureplan, til Humlegården for å sove litt til, til Söder og til Långholmen for å bade. Sigrid først, eg litt lenger bak, og eg tenkte at Stockholm ser ut som og luktar som ein europeisk storby, med gyldne bygningar og breie boulevardar. Den andre dagen måtte me kjøpe ny sykkelslange til den eine sykkelen, me skifta den i ei sidegate, eller Sigrid skifta den, og lærte meg ein ting og to om reparasjon av sykkel. Om eg hadde vore ein tilfeldig forbipasserande ville eg blitt dødsforelska i oss. Eg prøvde å sjå litt på dei som gjekk forbi, men det såg ikkje ut som om dei blei så veldig forelska, og om dei blei det holdt dei det ivertfall inni seg.

4 comments:

veronica isabelle said...

skriver så fint, og så nydelige bilder, alltid!

Frøydis said...

Eg trur dei vart forelska! Det er berre så mange som er altfor flinke til å skjula følelsane sine.

c. said...

høres så fryktelig fint ut!:)

tinekatrine said...

en sånn ferie vil jeg også ha.

Alle bilder på denne bloggen tilhøyrer oss, om ikkje anna er nevnt.

Kval&Actionfilm?