Thursday, July 21, 2011

So you pick up your asthma inhaler and put it against your lips and oh those lips i've loved

IMG_9173
Eg kjem nok til å tenke tilbake på denne sommaren som veldig fin, og avogtil litt kjedelig, litt som den sommaren i Trondheim då eg budde åleine i ein altfor stor leilighet, var blakk og levde av å sykle og låne bøker på biblioteket. Då eg sykla rett inn i ein vegg etter eit litt for bra nachspiel, børsta grusen ut håndflatene og sykla vidare, eg høyrte på Blonde Redhead på veg til jobb, no høyrer eg på Foals og Jens Lekman. Då var eg uten internett og tv, men med biblioteksbøker eg leste på den grønne sofaen i den ellers tomme stova. Eg leste til eg sovna av meg sjølv og våkna klokka tre på natta av det var mørkt og stille. Og på kvardagslige sommarkveldar i år lærer Lillebjørn Nilsen meg å spele gitar om kvelden, eg syng "Under den hvite bro" til eg blir utålmodig og begynnar å pirke på det falma klistremerket av ein polkagris øverst på gitarhalsen, det er eg som har festa det der, eg kan såvidt huske å ha gjort det, for eg var nok berre fire år. No er eg tjuefire, og hendene mine føles fortsatt for små for gitaren, men det er overkommelig, så då tar eg "Kjerringa med staven", den er eg god på, den er litt fin og litt kjedelig, akkurat som sommaren.

8 comments:

<+)))>{ said...

what's broken can always be fixed. what's fixed will always be broken...

Irén said...

fintfint, både bilde og tekst.

Kine said...

du er fin heidi

Anonymous said...

åh favorittstrofe fra favorittsang! hilsen astmatiker

Nøve said...

Du er så fin, du!

Cecilie Frøysa said...

Nydelig bilde!

lisa lindøe said...

du skriver så fint

Caroline said...

Du skriver alltid så nydelig :) Veldig inspirerende.
Min sommer har også vært fin, men kjedelig...Innholdsfattig, men fin forde på en måte.

Alle bilder på denne bloggen tilhøyrer oss, om ikkje anna er nevnt.

Kval&Actionfilm?