Monday, July 25, 2011

Om én mann kan vise så mye hat, tenk hvor mye kjærlighet vi alle kan vise sammen

Siden fredag har hjertet mitt og hjernen min prøvd å gi rom til følelsar og tankar eg ikkje kan forstå, som eg nok aldri vil kunne greie. Me er ikkje bygd for å forstå dette, og det er ein bra ting, man skal ikkje kunne greie å forstå ondskap og hat. Samtidig kjenner eg ein overveldande takknemlighet over at alle mine nærmaste har det bra, og eg har hatt så mange gode telefonsamtalar denne helga, så mange omfavnelsar og harde klemmar. Eg håpar den kjærligheten eg har følt og mottatt dei sista dagane vil spre seg vidare til dei som aldri meir får klemme ein av dei som står dei nær. Denne helga har eg ikkje sett spor av følelsar som hat og sinne, alt eg har sett har vore omsorg og kjærlighet. Eg leste ein gong at mennesket er bygd på ein sånn måte at me alltid vil overleve. At kroppen din, hjernen din og hjertet ditt aldri vil gi deg opp. Sjølv om ting er vondt vil det alltid bli bedre, for det er sånn me er konstruert. Og det er ein fin tanke, at dei som har det mørkt no kjem til å komme seg vidare, at sår blir til arr og at tårer innheld stoff som leger smerte. Det er lov til å være i sorgen, det er lov å sitte foran nyhetene heile dagen for komme igjennom all den tunge informasjonen. No er det vondt, og det er heilt greit. Eg har prøvd på minne meg sjølv på at verden også er ein vakker stad å være, og kvar einaste tekstmelding eg får, kvar einaste klapp på ryggen og kyss i håret får meg til å huske det. Og når eg går i gatene er det det eg ser, eg ser at folk samlast, at dei held rundt kvarandre, og innimellom alle tårene har eg sett mange smil, for alt eg har sett dei siste dagane har vore eit bevis på at menneske er konstruert ut av kjærlighet, ikkje det motsatte.
IMG_8699
IMG_9538
IMG_6593
Bilde 29
IMG_0835
IMG_1276
IMG_3427
IMG_3285
IMG_0904
IMG_3525
IMG_0285
IMG_2288
IMG_5361
0112
IMG_4786_1

11 comments:

Ingrid said...

Takk <3 Kloke ord hjelper alltid.

pernille said...

Så nydelig og trøstende. Takk.
<3

Anonymous said...

dette er så nydelig og vakkert denne bloggen er konstruert av kjærlighet, det er i alle fall sikkert.

mariell said...

svir i nasen.

Amanda said...

dere = <3

Katrine said...

Nydelig, sårt, vondt og vakkert innlegg.

Ting som gjør en glad said...

nydelig

Joachim said...

<3

Synne said...

Fint å se og lese! Klemmer og smil skal hjelpe oss gjennom dette forferdelige.

FrkDrittNøgd said...

Dere har en nydelig blogg. Visuelt og så skriver dere nydelig. Jeg er fan etter å ha lest kjærlighetssorginnlegget deres!

STINE said...

søteste bildet med de som kysser!

Alle bilder på denne bloggen tilhøyrer oss, om ikkje anna er nevnt.

Kval&Actionfilm?