Tuesday, June 07, 2011

Granny Smith

IMG_4144
IMG_4150
IMG_4142
Anna ringer meg, klokka sju på morgonen, berre sekundar etter eg har åpna auga, det er sol ute . Ho ber meg om sei til flykapteinen at han skal fly forsiktig. Eg står opp av senga og lurar på korleis ho visste at eg akkurat hadde våkna. Samme kveld ligg me under samme dyne, heilt inntil kvarandre, eg våknar midt på natta og Anna stryk meg over kinnet før eg sovnar igjen. Så blir det mandag, eg våknar til lukta av havregraut og granny smith, akkurat som før. Me går til bussen, under samme paraply, det regnar i Bergen, me ler av ein mann som spylar gata med hageslange. Eg går inn i bussen, Anna lener seg inn og ropar til bussjåføren at han må kjøre forsiktig, eg ler og ropar hadet, finn meg eit sete langt bak og feller ein håndfull tårer når bussen svingar ut av terminalen, vekk frå Bergen, frå Anna og dei andre jentene, regnet trommar frå alle kantar, regnet kler meg og eg kler regnet.

4 comments:

Anonymous said...

Hihi :) Anna høres ut som DEN snille, søte og morsomme venninnen. Har hun noen blogg vi kan lese?

June said...

Han spylemannen har eg sett óg! Han spyla meg nesten langt inn i buss-skur E.
Anna er kjempeflink til å skodespele :) Det må du seie til ho!

Julie said...

Finfin tekst Heidi!!

Anonymous said...

jeg har lest denne teksten om og om igjen. nydelig.

Alle bilder på denne bloggen tilhøyrer oss, om ikkje anna er nevnt.

Kval&Actionfilm?