Monday, June 13, 2011

Det går bra

IMG_5072
Når eg legg meg i senga om kvelden/morgonen kan eg telle antall nye blåmerker, ett på kneet, ett på hoftebeinet og mange små på venstre arm. Når eg har høyrt meg lei på The XX og Best Coast, kan eg høyre på Love Inks, og når eg blir ensom kan eg gå rett over gata til Joachim og Karina. Når eg sit på sengekanten og føler meg som det stusselegaste mennesket i byen kan det tikke inn ein melding inn på mobilen frå Anna der det står "Det er du som er magisk." Når eg kjedar meg kan eg lene meg ut vinduet, sjå ned på gata og sjå han kjekke i nummer 34 låse seg inn. Når eg frys kan eg ta på ulljakken eg fekk låne av Anna fordi ho veit den minnar meg om henne. Når me er på nachspiel og berre har to øl igjen delar me dei søsterleg og broderleg i seks små melkeglas, og når det er tomt drar Linn opp ei flaske rosa sprudlevin frå veska, og når sola begynnar å krype inn vinduet, sluttar me ikkje å danse, me dansar i eit rom lagt i gull, me er i gull, nokon byttar lebestift, nokon syklar heim. Og når festen er over kan eg og Caroline lage omelett til kvelds/frokost, sitte på golvet, og ta high fives for ein bra kveld.

14 comments:

Lise said...

Herregud så herlig <3

Anja said...

åå, så fint! teksten, bildet og rommet ditt!

pernille said...

Noe så utrolig fint.

Oda said...

Veldig fin tekst :) Du skriver så flott

carcharias said...

herlig.

Anna said...

Så fint! Og for et herlig rom du har skapt. På øret i dag: Billy Bragg - St.Swithin´s Day.

Amanda said...

du er fin <3

Susanne said...

Åååhå så fantastisk! Blir så glad!

Sunniva said...

Du kan virkelig få sagt det, altså.

hoydepunkt said...

heia det! og du skriver magisk.

johanne said...

kunne ønske jeg hadde sånne venner som deg <3

Cecilie said...

Sykt flink å skrive er du i alle fall :D

Anonymous said...

Heidi Heidi hei hei hei kommer du på familiebursdag på lørdag? Du er velkommen! A-dawg.

Dorodeisann said...

elsker dette bildet. elsker det !

Alle bilder på denne bloggen tilhøyrer oss, om ikkje anna er nevnt.

Kval&Actionfilm?