Monday, May 02, 2011

♥x3

IMG_0078
IMG_0073
No kan du kjøpe Hjartemagasinet til Mariell, der har eg skreve ein tekst om forskjellige måtar å være åleine på i Paris, om kinaresturantar i Belleville, om å gå til legen på fransk og kyssing på fransk. Her er eit lite utdrag:

"Så blir eg kjent med ein gut, på eit dansegolv, han kjøper øl til meg, me skålar og seier "hæ?" gjennom elektronisk musikk som får hundrevis av franskmenn til å danse. Me dansar, han har på kvit t-skjorte og spør om nummeret mitt. Me møtes igjen, går tur, på konsert, tar ein øl. Han seier at han likar den røde sløyfa i håret mitt, eg likar at han likar det. Eg viser han Little Dragon på Spotify, han tar meg med på Esperanza Spalding-konsert, me ser Donnie Darko uten tekst og eg må forklare kva dei seier når han ikkje forstår. Han prøvar å forklare noko om krig på fransk, han er så engasjert at han reiser seg og står over meg mens eg sit i senga, han snakkar så fort og brukar mange ord eg ikkje kan. Har ser på ansiktet mitt at eg ikkje forstår og seier at han ikkje klarar å forklare det på engelsk, me må berre la det ligge, som så mange andre diskusjonar. Me når aldri fram til kvarandre, heilt enkelt fordi me ikkje forstår kvarandre. Så me kyssar istadenfor å snakke, for det forstår begge. "

Caroline har tegna den nydelige framsida til magasinet, som fekk redaktøren til å grine av glede. Her kan du kjøpe det.

3 comments:

Nøve said...

Ååå <3 gleder meg til å få det i posten.

hoydepunkt said...

gleder meg til det detter ned i postkassen jeg også. heia!

frida said...

nydelig tekst du skreiv!

Alle bilder på denne bloggen tilhøyrer oss, om ikkje anna er nevnt.

Kval&Actionfilm?