Tuesday, May 03, 2011

Den här staden äger vi, den är till för oss och inga andra. Under broarna längs Seine, hand i hand igen.

IMG_0061
IMG_0062
Den siste dagen i Paris blei det endelig overskya, sånn som eg kjenner Paris best. Me var begynt å bli blakke, og sneik på bussen til St.Michel og kikka i bokhandlane uten å kjøpe noko, berre bladde gjennom titlane, anbefalte kvarandre bøker og kviskra mellom reolane. Me var litt stillare enn dei andre dagane, for det var siste dagen. Me hadde sove i senga til Geri i mange netter, skulder mot skulder, med vin på nattbordet, ete frukost med Nutella og brie, akkurat sånn som før, men ikkje i kveld, for i kveld skulle me legge oss i kvar vår seng i kvart vårt land. Me gjekk nedover Boulevarden, meg, Geri og Moa, arm i arm. Geri sa at eg var blitt mykje flinkare i fransk, ho er den einaste eg kan være meg sjølv med hundre prosent på fransk, som eg snakke om kjærligheten med, snakke om kjærligheten som aldri er der, og le på fransk med. Dra ein vits, ein grovis, ein kjapp kommentar. Det er vanskelig nok på norsk. Me gjekk på patisseriet, det fins mange patiserrie i Paris, men for meg fins det berre eit bittelite eit i rue de l'Ecole de Medicine, der det jobbar strenge damer med kvite forkle som fyller opp kaffikoppane til det renn over, alltid. Me fekk lasagne og kaffi, mine siste euro dekka akkurat lunsj til meg og Geri, eit par frimerker og ei rød notatbok, sjølv om eg ennå ikkje var ferdig med den gamle, men eg ville gjere rom til nye sider med tegningar, notat og tankar, ta med meg den røde boka tilbake til Oslo og fylle den frå perm til perm. Me gjekk ein siste tur lengs Seinen, den var grå, himmelen var grå, me var grå. Moa og Geri dansa nedover langs kaien, det varte berre i nokre få sekundar og så var det over.

3 comments:

Synne said...

Frimerker er kanskje det beste man kan bruke sine siste slanter på.

Anna said...

Jeg har spart på dette innlegget i bloglovin, fordi jeg visste at det kom til å være fint. Jeg tok ikke feil. Du skriver nydelig <3

stine said...

http://www.youtube.com/watch?v=_ZkbVM7UAcc&feature=related <3

Alle bilder på denne bloggen tilhøyrer oss, om ikkje anna er nevnt.

Kval&Actionfilm?