Wednesday, April 27, 2011

Bjerregaardsgate Bye Bye

IMG_1360
IMG_2008
IMG_1910
Eg pakkar saman alle tingene mine, drar ut skuffer og tømmer dei ut, sorterar filmrullar som aldri blei framkalt, bursdagskort frå bestemor, kjærlighetsbrev frå 2003, dikt eg har skreve på tilfeldige lappar på gamle kjøkkenbord og eit kjærlighetsbrev eg aldri sendte. Eg blar igjennom eit album frå 2004, då eg og venninnegjengen reiste på vår aller første ferietur heilt åleine, ler av sveisen, av kjolen og av oss. Ein lapp nokon som likte meg gøymte under puta mi, ein tegning nokon eg likte tegna til meg. Eg vurderar alt, kva som skal få lov til å være med vidare, kven eg vil hugse og kven eg vil gløyme. Venninnene får alltid være med, dei har alltid vore der, me har venta på bussar som aldri kom, på bildene er det sommar og me sit på fortauskantar og smiler inn i kamera med midtskill og skulesekk på ryggen. Alt eg har tatt vare på, gjennom Bergen, Trondheim, Paris, Oslo. Den tynnslitte og falma CocoRosie T-skjorta eg kjøpte på konsert i 2007, som eg søv i om natta og aldri skal hive. Kvar gong eg flyttar tenker eg at no, no skal eg bli buande ei stund, finne ein rytme, ein jobb, ein sofa. Eg slår inn spikrar i veggen, og dei er såvidt inne før eg begynnar å snurre på globusen igjen. Eg pakkar tingene ned i esker, for åttande gong, denne gongen skal dei berre litt lenger opp i gata, til ein stad der det er større, lysare, varmare. Eskene, ei for kvart år er fulle av hattar, kjolar, porselensfigurar, dei skal bærast bort av gode venner, me skal ete wienerpølser og jekke kalde øl til slutt. Skål for det nye rommet, skål for Ida og skål for oss.

4 comments:

<+)))>{ said...

jeg skåler. i vann. fra imsdalflaske. kaster popkorn i luften, vifter med tærne.

Sigrid said...

skål! fint å flytte. det ryddar tankane og føler ein starttar litt på nytt. fint og flott

Synne said...

Lykke til med flyttingen! God helg!

Oda said...

Lykke til med flytting! :-)

Alle bilder på denne bloggen tilhøyrer oss, om ikkje anna er nevnt.

Kval&Actionfilm?