Monday, March 07, 2011

No må det snart komme nokon å blåse vekk denne svarte snøen for eg klarar ikkje springe fort nok i den.

Skjermbilde 2011-03-07 kl. 10.54.21
Skjermbilde 2011-03-07 kl. 10.55.24
Skjermbilde 2011-03-07 kl. 10.55.08
Skjermbilde 2011-03-07 kl. 10.55.39
Foto:Andi
Sommaren totusenogni hadde eg langt lyst hår og bysykkelkort, og det var den beste sommaren siden den gongen eg var femten år og sklei på svaberget og reiv opp hånda frå tommelen til håndleddet og blødde utover heile genseren til han som var kjærasten min då. Eg gjekk opp og ned Tøyengata og sov maks seks timar om natta, for eg måtte opp og ut, springe i Botanisk Hage, danse på Mono, sykle på Frogner, og eg kunne rekke ein halvtimes søvn klokka 06.00 på sofaen til Miriam før eg sykla heim til Tøyen og møtte pappa i døra, med ein vissen blomsterkrans i håret. Eg tørka søvnen vekk og sykla til jobb, sov ti minutt på på golvet på toalettet, med ryggen mot døra og knea oppunder meg. Eg hjalp Caroline å flytte inn på St. Hanshaugen, me malte veggane akkurat passe lysegrå, og rosetten i taket kvit og om kveldane låg me på golvet og høyrte på CocoRosie og tegna, skreiv, klipte og limte, litt som Stéphan og Stéphanie i Science of Sleep når dei berre møtes og lagar masse ting og planlegg ting dei skal lage, og for det meste stoppar det ved planlegginga, og havnar i bunken av uferdige prosjekt og forkasta idéar. "Vi gjør det når du kommer tilbake fra Paris", sa Caroline. No er det lenge sidan eg kom tilbake frå Paris, no er dei grå veggane og den kvite rosetten min, men eg vil sove åtte timar om natta, helst fleire, eg har på ullsokkar og tjukke strømpebukser, ser gjennom gamle bilder på Facebook frå sommaren 2009, bysykkelkortet ligg i ein skuff og ventar, ein sykkel står i bakgården og ventar på at eg skal grave den ut av snøen og lappe den saman, eit par blanke lakksko står og ventar, heile den bunken med uferdige prosjekt ventar på at eg skal få lyst til å sove litt mindre og sykle litt meir.

13 comments:

Kristin said...

La det bli sommer <3

Kjempefint skrevet!

hoydepunkt said...

enig og enda mer enig. gleder meg vilt til å ta på lakkskoene! hjerte på blomsterkrans i håret og lite søvn og sommerfølelse helt fra innerst i hjertet til lang ute i fingertuppene.

jostein / fivrel said...

herregud så fint!

Heidi said...

Sommeren kan virkelig ikke komme fort nok nå. Jeg gleder meg =)

brassinpocket said...

SOMMER!<3

Hanne said...

Fy fader, så fint..

Nilenna said...

For noen nydelige bilder! ^^

Anna said...

Du er flink og pen og helt fantastisk. Fine bilder også. Og jeg gleder meg om mulig enda mer til sommeren nå.

Gratulerer med kvinnedagen, dere!

MB said...

det var fantastisk.

Anonymous said...

vannkopper <3

Monica said...

Det første bildet er helt utrolig nydelig!

Monica said...

Jeg mente det tredje! Haha... Elsker virkelig stemningen på alle bildene da.

mari said...

helt fantastisk skrevet!!

Alle bilder på denne bloggen tilhøyrer oss, om ikkje anna er nevnt.

Kval&Actionfilm?