Monday, January 03, 2011

Nyttår med ville hestar

I år hadde eg ein av dei finaste nyttårsaftene eg nokon gong har hatt. Eg feira med barndomsvenninnene mine, som eg elskar høgare enn rips og vaniljesaus med ein dråpe tequila.
IMG_6146
IMG_6144
Tradisjonen tru tok me eit fellesbilde.
make a gif
IMG_6071

IMG_6047

IMG_6107
Og tok bilder av kvarandre. Det rart, me vokste opp til å bli fire heilt ulike jenter, reiste til alle kantar av verda, nokon fekk tatoveringar, nokon flytta heilt åleine til ein stad som heitte Gloppen og fekk motorsykkel, nokon tok ein bachelor; alt det me drømte om å gjere mens me gøymte oss på loftet i sjuande klasse for å skrive hemmelege lappar om kva me skulle bli når me blei store. Men på ein eller annan måte endte me opp med å bli fotojenter, alle saman. Å være på fest med oss er som å feste med Jondal Kameraklubb. Men det er jo fotojenter som er dei beste jentene.
IMG_6081

IMG_6073

IMG_6091
IMG_6198

IMG_6218

IMG_6201
Her dansar eg og Helene til Kanye West "Monster", som to ville hestar.
IMG_6139

IMG_6172

IMG_6250
Andi og Håkon, dei er så fine at dei kunne vore i svart/kvitt.
IMG_6290
Så drog me til ein anna fest, der Caroline var, og hadde tatt masse polaroidbilder.
IMG_6310
Eg, Karina og Ragni prøvde å gøyme oss på kjøkkenet for å ete opp alle kalkunrestane uten at dei andre la merke til det. Me tenkte det var ein god ide å henge opp denne filla sånn at dei andre ikkje skulle sjå oss.
IMG_6328
Men då kom sjølvsagt alle inn på kjøkkenet og der blei me sittande resten av natta.
IMG_6327
I halv fem-tida tok me fram tequilaen.
IMG_6338

IMG_6341
I halv sju-tida begynte me å tusle heimover. Når eg la meg klokka sju var eg fortsatt klar for meir fest. Og det var den nyttårsafta.

10 comments:

Nina said...

Eg <3 Helene

IdaMarie said...

Kom tilfeldigvis over bloggen din, og har blitt slukt inn de utrolig fine og meget levende bildene! Jeg blir glad! Har ikke som vane å kommentere på ukjente blogger, men måtte gjøre et unntak nå:) Denne legges til i bokmerkene mine!!:)

Cathrine said...

Det så helt utrolig superkoselig ut!

Mari said...

Legendarisk kveld. Hva sier vi om 2011? Ta ansvar...

Evalie Marie said...

Eg elsker faen med den sangen Monster! 'Cause I'm a motherfuckin monster!!!

Eli said...

Eg las om denne bloggen hjå Lissis just now, og den er så fin! Eg kjem tilbake.

Og som om ikkje det var nok, så har den eine venen din på seg ein heilt nydeleg kjole. Den raude, med svart belte. Tør eg spørje kvar den er kjøpt?

Eli said...

Hold it - det er jo du. Men du er jo ven med deg sjølv òg. Du har god smak i kjolar!

Heidi og Caroline said...

nina- eg hjartar helene eg og!

eli- den er fra zara. eg har ganske god smak i kjolar.

Eli said...

Takk du!

Helene said...

Fy faen me e bra :)

Alle bilder på denne bloggen tilhøyrer oss, om ikkje anna er nevnt.

Kval&Actionfilm?