
Februar var den verste månaden i Paris. Eg fraus på hendene og ville ikkje stå opp om morgonen. Anna sa at eg måtte, og lagde havregraut og te til meg kvar einaste morgon. Eg berre låg i senga og gløymte at det kanskje er ein av dei finaste måtane nokon har vist at dei er glad i meg på.
Me tok toget vekk fra Paris, "samme faen kor", sa me. Dei billigaste togbillettane gjekk til Rouen, så det blei Rouen. Dei to beste dagane i totusenogti var me der.
Me var på karneval, eg som kanin og Anna som Super Mario.
Hannah og Moa var ein trist klovn og ein glad klovn.
Ein søndag eg var veldig fyllesjuk.
Men gjekk på Café Cherie alikevel, som nesten alle andre søndagar.
Eg og Moa satt på Le pain Quotidien og strikka.
Me gjekk turar i sola som begynte å komme oftare.
Og så var det meg og Anna i 26 rue Rochebrune.
3 comments:
tokfint!
det bildet av Hannah og Moa som klovner er noe av det fineste jeg har sett
så mange fine bilder! bloggen dykkar inspirerar meg så utruleg mykje! og sjølv om det kanskje var den verste månaden i paris, så verka den faktisk ganske fin óg :) God jul!! :)
Post a Comment