Monday, September 13, 2010

Anna

Eg og Anna har stått skulder til skulder dei to siste åra, Anna har laga frukost til meg, eg har laga middag til Anna. Me har strøke kvarandre på armen når me har sett film, for at det ikkje skal bli så ensomt. Me har delt seng, klede og sko, me har høyrt den andre snu seg i senga på andre sida av den tynne døra, me har høyrt kvart einaste sukk, innpust og utpust mellom våre 30 kvadrat. Me har sett kvarandre dumme oss ut, me har krangla på fylla, me har reist på ferie uten å fortelle nokon andre om det, me har vore totalt avhengige av kvarandre for å klare å holde hovudet over vatnet i Paris. Kvar kveld har det smekka i døra av at Anna kjem heim og eg har aldri lagt meg før. Så eg måtte berre reise til Bergen, for eg savna ho sånn.
IMG_2510
IMG_2555
IMG_2575
IMG_2591

6 comments:

Mina said...

N-Y-D-E-L-I-G-E bilder. Likte spesielt det hvor hun sitter i gresset.

Anonymous said...

Du er veldig heldig som har en sånn. Fint.

hoydepunkt said...

glade bilder. :)

Anonymous said...

Ho hadde ein fin kjole! Ny eller brukt?

Moa said...

Jag saknar också Anna. moa

Anna said...

Bergen! <3

Alle bilder på denne bloggen tilhøyrer oss, om ikkje anna er nevnt.

Kval&Actionfilm?