Tuesday, August 03, 2010

Snart er denne drittsommaren ferdig og ting kan begynne

IMG_1847
IMG_1795
Om natta drømmer eg at eg framleis er i Paris, at eg ringer til den gamle jobben min og spør om eg kan få komme tilbake, og så flyttar eg tilbake, heim igjen. Men når eg våknar er eg i Oslo, og eg skjems over drømmane mine og gøymer ansiktet i hendene. Eg står opp, går på jobb, på den brunaste kneipa i byen og kjem heim igjen på natta. Ein kveld kjem eg heim og begynnar å grine når eg kjem inn døra til Caroline, som når eg var liten og grein berre fordi eg var så hinsides trøtt.
Juli er over, sommaren er snart over. Det har regna nesten heile tida, sidelengs inn vinduet, så senga har blitt klissvåt og eg måtte sove på rommet til Caroline. Kanskje eg hadde sove der uansett. Alle er enige om at det har vore den gråaste sommaren nokonsinne. "Æ går liksom bare rundt å vente å at nåkka ska skje", seier Sigrid i parken og det gjer me jo alle. Me ventar på dei kule festane me skal bli bedt på, dei søte gutane me skal kline med, lønna frå sommarjobben og Øyafestivalen, akkurat som i fjor, då hadde eg kjærlighetssorg og promille, ingen bein å stå på, men ein venn i hånda. La oss håpe at eg greier å stå litt bedre i år.

10 comments:

Anonymous said...

blogg mer.

sigrid agnethe said...

du har i alle fall ein venn i hånda. og så får vel ting berre skje når dei skjer.

Anonymous said...

skål for den!

Anonymous said...

faen, ja! Sykt grått, men sammen kan vi lage en fargeklatt av høsten som vi snakka om neste sommer.

Hilsen sultefora
i

Frøydis said...

Nett sånn er det inne i meg og. Så fint og rart å plutseleg lesa om sine eigne kjensler, eg smilar :)

inger said...

jeg kunne ikke vært mer enig.

Anonymous said...

Denne sommeren suger. Men det er fint at du er i Oslo. Cathrine

oluffen said...

Veldig enig! Kan ikke vente på at hverdagen skal begynne igjen.

Malina said...

Jeg vet hvordan det føles...denne savn.

bénédicte said...

ja! denne sommeren er virkelig utenomordentlig grønnjævlig. forhåpentligvis veies det opp med en fin høst, eller kanskje et fint neste-år.

Alle bilder på denne bloggen tilhøyrer oss, om ikkje anna er nevnt.

Kval&Actionfilm?