Tuesday, August 17, 2010

Folka, M.I.A, Robyn, The XX

IMG_2006
IMG_2008
ein.
Dei kjem i bussar, bilar og fly, folka våre, frå Bergen, frå Trondheim, frå Rauland og Dalen. Me rullar ut soveposar og bles opp bademadrasser, velkommen til oss, egg, kaviar og øl til frukost. Det regnar, og me er fulle på 37-bussen med bananer i lomma. Me droppar Øyanatt og går heller på Ivars Kro og dansar til danskebåtmusikk.

to.
Eg står med ein gut på M.I.A, men skjønar etterkvart at dette er for bra til å ikkje være med kompisar, så eg spring tilbake til der eg veit Sigrid og Barbra står, me dansar så det gjer vondt i armar og bein og Barba sender rundt lommelerka.

tre.
Me står langt framme på Robyn, eg spør tilfeldige personar rundt meg om dei nokon gong har fått hjartet sitt knust. Alle svarar nei. Dei burde stå lenger bak, det er me som skal stå her. Ei jente tek tilbake det ho sa, jo forresten så har ho fått det knust. "Bra. Då er du med oss". Eg står med dei som er mine, Robyn kjem på scenen og me tilhøyrer ho.

fire.
Eg kjøpte to rødvin, ein til kvar hånd. Søla ut mesteparten og var klar for The XX. Me stod heilt framme og venta, Caroline og eg. Dette blir bra. Og det var bra, det var så bra, dei spelte dei første tonane av "Shelter", Caroline tok tak i meg og eg grein, himmelen vart fylt med fyrverkeri og eg grein, Caroline tørka tårene mine og det var den aller beste konserten eg nokonsinne har sett. No ligg eg berre heilt stille og høyrer på XX, heile tida.

8 comments:

Nøve said...

Så utrolig fin skildring! <3

johanne said...

the XX <3

Anonymous said...

jeg er så enig, the xx konserten er den beste konserten jeg noen gang har vært på!

eigenarta said...

jeg skulle ønske jeg fikk opplevd dem.

Eirin said...

jeg jobbet under hele the xx- konserten. var så veldig sint og litt glad på samme tid for at jeg i det minste fikk høre hele. men åh, bittert.

sigrid agnethe said...

kjekt kjekt kjekt. på det bildet av oss ser det sjukt ut som at eg fortel ei skrøne. tippar det er tilfelle.

oluffen said...

Fantastisk skrevet! :D I love!

Anna said...

Du er så flink å skrive :)

Kjøkkenet deres <3

Alle bilder på denne bloggen tilhøyrer oss, om ikkje anna er nevnt.

Kval&Actionfilm?