Monday, July 19, 2010

There ain't no party like my nana'a tea party

IMG_1453
IMG_1438
IMG_1462
IMG_1460
Så fekk eg endelig komme heim til sumarøya, til huset til Bestemor, tomme busskur og regntunge badestrender. Eg og pappa kjørte buss oppover vestlandskysten, eg kjenner kvar einaste sving og kvart einaste hus langs veien. På ferja spruta det vatn og vind, faen dette er vestlandet, tenkte eg. Eg snudde ansiktet mot bussvinduet så pappa ikkje skulle sjå at eg grein, eg ville ikkje måtte forklare at eg vart så rørt av naturen, der går grensa av kva som er flaut. Så eg grein oppover kysten mens regnet grein med meg langs ruta, når me kom fram var det fisk til middag.

8 comments:

sigrid agnethe said...

for å starte, det første bildet er det aller finaste eg nokon gong har sett av deg. og for det andre, eg veit korleis det er. eg har hatt med meg kamera her heime. eg vil berre fotografere havet, fjella som stig opp, rett frå havet, pappa som drep fisken, alle desse fjella, gresset, havet, fjella, det har vore fjell, eg har vore heime i to veker, faen eg elskar nord-norge meir enn noko anna, har blitt grepet av den følelsen av at eg elskar det her. eg klemte rundt mor mi ved kjøleskapet i dag, rundt kjøkkenbenken, hviska til ho, "mor eg vil ikkje heim, eg kan ikkje dra til oslo no, det er no det blir bra", ho berre nikka og sa "eg er glad i deg". oslo, furre. we are gonna rock this boat.

oluffen said...

Elsker Vestlandet, derfor jeg bor her. Selv om jeg bor i Bergen by kommer jeg fra et sted med mye mer natur enn det er her. Kos deg i "finværet". :)

Karianne said...

Fagre kvinne. Si fra hvis du er innom Bergen på vei hjem!

Gunhild said...

fin fin fin fin fin fin fin fin finaste bloggen eg veit!

Anonymous said...

Velkommen heim att :)

Sara said...

eg er så glad eg heilt tilfeldig var på nett idag og fann bloggen! du skriv finfint og legg ut bilete som faktisk fortel noko.
og no må eg spør. eg veit det kan høyres litt domt ut no, men om mogeleg er eg kjempe glad om du veit om nokon eg kan kontakta for å finne ein plass som dykkar i paris? eg flyttar på søndag. det va bere heilt tilfeldigkult og artig at eg sku få eit so fint innblikk i din paris no mens eg pussar finskoa mine.
jaja. takk hvis du svarar! og go sommar :)

Heidi og Caroline said...

mine to leilighetar i paris har eg funne enten via finn.no eller ei fransk side som heiter pap.fr

det fins også ei som heiter colocation.fr trur eg men den har eg aldri prøvd. fleire venner av meg har funne sine leilighetar via den amerikanske kyrkja i paris (ligg ein stad ved eiffeltårnet, er berre å google det). der får dei opp nye annonsar kvar dag.

ein god del utleigarar spør etter veldig mange papir, kopi av pass, kopi av helsetrygdkort, forsikringsbevis, og dei kan tilogmed spørre om utskrift på kva du tjenar og tilogmed kva foreldra dine tjenar. eg har heldigvis hatt ganske flaks med mine huseigarar sånn sett.

lykke til, det går heilt sikkert bra!

Anonymous said...

Å gud, koffår har eg ikje sett dette før!!!
Disse bildene e me skjærsholmane sant? Eg e fra Stavanger, men har hytte på Halsnøy. Og dette va så rart, at du som e på nettet,, har vært der. så rart at eg blei ganske ivrig, og skrive fort fort for å bli ferdig. Å, eg like dokker

L1K!

Alle bilder på denne bloggen tilhøyrer oss, om ikkje anna er nevnt.

Kval&Actionfilm?