Monday, July 05, 2010

Heime

Eg kan ikkje hugse å ha ledd så mykje nokon gong, forrige gong var året eg dansa, denne gong var året eg lo. Eg våkna i teltet på morgonen av at eg lo, lo på konsert, på veg heim åleine tilbake til campen om natta. Hilde som sa "Æ elske oss." ein tidlig morgon mens me åt frukost. Eg som spring inn i publikum på Lindstrøm&Christabelle og spør ein skjeggete danske "Skal me kysse?". "Det kan vi gærne.", seier han. Gutane som eg ikkje kjente, men som tok tak i meg då Florence song "You've got the love" og løfta meg opp på skuldra sine. Robyn som eg elska for ti år sidan, og som eg står 23 år gammal, ilag med jentene og hoppar og grin til. Og at ein ikkje frys om natta på orange scenen for det er tusenvis av menneske som varmar deg.

Kanskje eg kjem tilbake etter tusen timar søvn og mange brødskjever med egg og kaviar. No må eg sove.

2 comments:

René said...

Dette var året jeg lo, også. Bare på Hove, da.

Moa Olin said...

jag är avundsjuk.

Alle bilder på denne bloggen tilhøyrer oss, om ikkje anna er nevnt.

Kval&Actionfilm?