Wednesday, July 07, 2010

Dance with me until I feel all right

IMG_1272
Joachim kjem til meg etter jobb, han sovnar i senga mi mens eg flyttar inn på det nye rommet mitt. Eg pakkar opp gamle ting eg ikkje har sett på lenge, som minnar meg om ting som er forbi. Etterpå kryp eg forsiktig opp i senga for å ikkje vekke han og ligg der og les ei gammal avis mens sola frå vinduet brenn på låra. Eg har flytta til Oslo og kjenner ikkje byen heilt og går mange omveiar, for eg kan ikkje dei riktige veiane endo. Finn ikkje gata eg leitar etter, klemmer hånda rundt noko som ligg i lomma på kjolen, tek det opp og ser at det er ein bunke metrobilettar frå Paris, og då kjennes det litt sårt. Men så kjem eg på alle eg kan ringe. Alle eg kan ringe og sei "Hei, eg står i ei gate eg ikkje kan navnet på og kjenner meg litt sår, kan du komme hit?". Og dei hadde sagt "Klart det, eg kjem no, skal me kjøpe noko mat og ete det på mekken?". Då går det heilt fint, og så finn eg gata tilslutt. Når eg kjem heim skriv eg navnet mitt på ringeklokka ved døra og skrur saman eit klesstativ frå Ikea som blir skeivt og kjenner at eg bur her litt meir.

3 comments:

Joachim said...

Long and lean sex machine dersånn!

bente said...

fint <3

Anonymous said...

Joachim.

Alle bilder på denne bloggen tilhøyrer oss, om ikkje anna er nevnt.

Kval&Actionfilm?