Tuesday, June 22, 2010

"Me skal jo på Roskilde ilag, kjærleiken kjem i september den."

Me møtes på mekken, akkurat som i vinter, alle er litt blå. Me har møtt for mange dumme gutar iløpet av våren, sånne som riv ut hjartet ditt og seier etterpå "men du er jo flink til å tegne da, det er ivertfall noe." Ein av oss seier plutselig at kanskje kjærleiken aldri kjem. "Nei!", seier me andre i kor, sånn halvvegs. Eg seier at me er heldige alikevel, me har kvarandre, eg kan alltid komme til dåke og dåke kan alltid komme til meg. Det er ikkje alle som har nokon dei kan få komme å ligge litt på sofaen hos, nokon dei kan ringe til når dei ligg åleine i senga på søndagsmorgon, og snakke om kvelden før og få latterkrampe og avtale å møtast på kafé om ein time. Å ha nokon å ringe til når ein sit på ein benk i parken og ikkje veit kor ein skal gå.

Me har pakka kvar vår sekk med blomstrete kjolar, me skal bli brune på beina og få igjen på skatten. Me skal være seks jenter i tre telt, og ligge med teltopningane inn mot midten, me skal ha klineliste og blomsterlenker. Marte skal sy flagget, eg skal ete kanelsnurr kvar dag og sitte breibeint i campen og være verdens lykkeligaste.
R001-019

5 comments:

Nøve said...

Faen jeg får lyst å reise på Roskilde. :(

sigrid agnethe said...

eg trur de blir å ha det heilt kembo på roskilde. hils hilde og marion fra meg!

L said...

Vi ses! Om enn bare i smug. Jeg har blå solbriller og skrubbsår på leggene, et stort smil og bustete hår.

Heidi og Caroline said...

Kom gjerne innom Camp Borgny, på C-campen!

Marte said...

Hipp hurra for Roskilde og sol og Patti Smith og verdens beste venner! Kos dere masse! Deg skal jeg! :D

Alle bilder på denne bloggen tilhøyrer oss, om ikkje anna er nevnt.

Kval&Actionfilm?