Monday, June 14, 2010

Au Revoir, Paris

Eg må berre advare om at dette er like langt og trist som "Titanic". Men det fortjenar det å være.
IMG_7108
No er det berre fem dagar igjen. Dei kjennes litt tunge, eg har gleda meg sånn til å få komme heim, men alikevel er det litt blått i hjartet. Det har vart så lenge, det har vore så stort og så mykje. Det begynte så smått høsten 2007, det er så lenge sidan. Eg og Joachim gjekk turar om kveldane, gjennom heile byen, langs nidelva og snakka om drømmar og lengslar, den typen drømmar ein får på slutten av studietida i ein medium stor norsk by. Me snakka om Paris, ein leilighet langt, langt opp med balkong, bøker, créme brulée og blomstrete madrasser på golvet. Så me reiste, ilag, med ordbok, og dei finaste kjolane og skjortene våre i kofferten. Med store blåe auge kom me til den svartkledde byen. I begynnelsen var det som om det alltid var natt, alltid ein bar, ein klubb, ein fest, me kunne sove til klokka 3 på dagen og så var det ut igjen om natta. Plutselig fant eg meg sjølv, bygdejenta, sittande på kafé i rue Foubourg St. Denis og lese dikt og drikke vin, og innimellom har eg stoppa opp og sett alt utenfra og tenkt at dette kan ikkje vare evig, dette er berre ein film som snart tar slutt. Og no tar det slutt.

"Vi har funnet vårt Paris.", seier Anna ein lørdagsettermiddag. Ho kjem bort til bordet mitt på Café Cherie, sit seg ned og bestillar ein the a la menthe ("the a la monde", seier me i kor når servitrisa har gått). Eg drikk café creme. "Jeg tenkte på det da jeg gikk opp hit. Alle stedene våre i Paris, ingefær-baren, det libanesiske gatekjøkkenet. De er våre." Og sjølv om det er 2 millionar andre menneske sitt Paris også, så er akkurat dette berre vårt, livet vårt i Paris. Og når me reiser forsvinn det, det vil alltid stå tomme stolar etter oss, brev frå banken kjem til å komme i postkassen me ikkje eig lenger, heilt til dei skjønar at me ikkje fins her lenger, den einaste staden me kjem til å finnast er i bakgrunnen på framande menneske sine turistbilete.

Eg kjem til å sakne dei dagane eg har våkna som ei vanlig jente ei eit vanlig liv, og på slutten av dagen er livet heilt annleis, igjen. Eg kjem til å sakne vinen, som aldri tek slutt på fest, vinen på metroen som blir sendt rundt i vogna og klunka ned før neste stasjon, vinen under dyna på fredagskvelden, vinen i posane eg har bært heim til sjette etasje. Rødvin på himmelen om kvelden, i mine halvåpne auge på heimefestar, rødvin på franske lepper og rødvin på kvite veggar. Eg kjem til å sakne å ligge i fotenden av senga og sjå ut det store vinduet på alle flya som flaksar over byen, med lyden av fransk Spotifyreklame og franske politibilar som tutar forbi nede i Rue St. Maur. Rue St. Maur, den finaste gata, med kjøpmannen som alltid gir meg slengskyss og seier "Mon Amour, toujours!" når eg kjem for å handle på stille søndagar. Mannen som driv baren nederst i blokka, som spør om eg har det bra og seier "No er det vår!".

Men igrunn kjem eg ikkje til å sakne franske menn så veldig mykje. Paris er vakkert, men det er ikkje vakkert nok til at det er verdt å leve med desse menna rundt seg. Ikkje i det heile tatt kjem eg til å savne menn med hender under skjørtet mitt på metroen, som følger etter meg, som slenger seksuelle kommentarar og klistrar blikket sitt inntil kroppen min. Menn som har tatt tak i skuldrene mine når eg ikkje vil det, menn som har holdt håndledda mine fast og menn som har låst døra med nøkkel, som ikkje vil gå når eg seier "gå", som seier ja når eg seier nei. Det kan være så uskyldig, frå ein søt kompliment til grove seksuelle kommentarar, men det er konstant, det er kvar einaste dag. Det er sånn dei behandlar kvinnene sine her, og det har vore eit sjokk for meg som norsk å komme hit og kjenne på kroppen at eg ikkje kan være fri. Det har tatt så mykje tid og plass, dette med menn, eg har skreke med all mi kraft på grunn av desse menna som ikkje greier å holde hendene i lomma. Eg orkar det heilt enkelt ikkje meir, det gjer meg til eit kaldt menneske med mange svarte følelsar og sinte tankar om menn. Det er ikkje greit.

Så det blei oss jentene. Fantastiske venninner som får meg til å kjenne meg sterk, glad, trygg og varm. Som man kan invitere seg sjølv heim til og få ligge på sofaen til når skyene blir for gulgråe og tunge. Og Anna, som alltid kjem heim idet leiligheten kjennes for tom og stille, som har lagt seg ved sida av meg i senga om kvelden. Ein gong sa eg at om det fins ein skala på dei lykkeligaste menneska i verda, må me være blant topp hundretusen. Og det mine damer og herrer, er ganske bra.

Eg skal ikkje legge skjul på at det avogtil har vore litt ensomt, det er som om Paris framkallar ensomhet i menneske, med parisarane som er ein blanding av høflige og arrogante. Å gå rundt ein heil dag utan å i det heile tatt åpne munnen, å gå over bruene åleine og vite at ingen du kjenner veit kor du er akkurat no. "Paris is the city of lonely, thats why there's so many crazy people in the streets.", var det nokon som sa til meg første veka.

Eg bryr meg ikkje lenger om kor eg er. Du kan sende meg til Paris, Oslo, Sunnmøre eller Tokyo. Uansett vil eg alltid finne parken med det beste utkikkspunktet, baren med øl i plastglas og rufsete dansegolv, kaféen med gamle møblar der alle kan komme. Eg oppsøker det samme, om og om igjen, tek ned blondegardinene frå den gamle leiligheten, og heng dei opp igjen i den nye, år etter år. Vennene mine sirkulerar rundt mellom byar, og me møtes alltid ein stad på midten. Om sommaren på festival, på høsten på kafé, heime i jula, og me er fortsatt venner, år etter år. Me blir voksne og kjenner at det er meir enn berre det å ha nokon å gå på forelesning med, dette er vennskap, i bryllup og begravelse. No vil eg heim, til hjelm, redningsvest og ull innerst. Paris kan være så stort dette berre vil, og lyse så sterkt det berre vil, for eg vil være der dei eg elskar er.
IMG_1928
IMG_0505
IMG_3402
IMG_3604
a2
IMG_4173
IMG_5702
IMG_3720
IMG_9945
IMG_5748

16 comments:

Lise said...

Herlig og rørende <3

johanne said...

utrolig fint skrevet :) fikk veldig lyst til å dra til paris!

Eirin said...

oi, dette var veldig fint og litt trist også. Velkommen hjem til gamlelandet!

sigrid agnethe said...

furrerino: det her var berre fint å lese. og eg trur og vi kan regne oss som topp hundretusen av heldige og lykkelige menneske. eg er glad du blir med heim til oslo.

Joachim said...

jeg står klar på stasjonen

Mari said...

med meg ved hans side. måtte gråte litt Furris, du er liksom Paris du. Du er mitt Paris, så og si.

eirin said...

åh du skriver utrolig fint. og bildene dine er fantastiske og, blir litt småforelska i de jeg. hva har du gjort i paris?

kjenner meg veldig igjen fra det du sier om mennene, fra da jeg bodde der selv for et år siden. man blir så sinna, ingen ingen burde få lov til å se på deg på måten de gjør, få deg til å føle deg som en ting.
trondheim er god sånn sett. og på mange andre måter^^

ida-elevine said...

nå fikk du meg også til å få litt mer glede-seg-følelse av å tenke på at jeg også drar hjem fra mitt london om et par øyeblikk.
hjem til det nostalgiske her og det kjente der.
- for den lange sommerferien iallefall.

Nøve said...

Åå. Nestentåre.

Cathrine said...

Er det feil å si at jeg ble rørt? Jeg står mentalt på stasjonen sammen med resten av gjengen, men fysisk er jeg i bursdag til en som fyller 78. Men resten av sommeren kan jeg møte deg på ymse stasjoner, kanskje med 17.mai sløyfe om du er heldig.

Anonymous said...

Uansett hvor dere bor i verden eller hvor gamle dere er, aldri slutt med å skrive og ta bilder. Aldri.

konsum said...

tusen takk for at jeg har fått lov til å være en del av deres parisiske eventyr. det har vært en glede.

K said...

herlig vakkert. heldigvis har du ikke krasjet med et isfjell enda, men seiler videre på nye eventyr.

marianne said...

vakkert skrevet. fantastisk vakkert! selv om jeg bodde i en liten by på landet i frankrike, og ikke i store paris, så kjenner jeg igjen flere av disse beskrivelsene. la france reste dans mon coeur, toujours <3

Eirin said...

Herregud så nydelige alle bildene er!

Drømmer meg også litt bort i tekstene. Slik vil jeg også ha det en gang. I tillegg til at jeg vil ha litt av skriveevnen.
Åh. Blir helt satt ut jeg.

Annika said...

Tusen takk for at jeg fikk lese dette. Den følelsen ordene og bildene gir, er uerstattelig. Jeg vil også finne mitt Paris.

Alle bilder på denne bloggen tilhøyrer oss, om ikkje anna er nevnt.

Kval&Actionfilm?