Sunday, April 18, 2010

Vinsmaking

For ei lita tid sidan var eg og Hannah på ei vinmesse her i Paris. Eg trur det ligg på lista topp 10 over det kjekkaste eg har gjort (mulig at det har noko med vinen å gjere, men virkelig; det var fantastisk). Eg elskar korleis franskmenn samlast rundt vin, og kor viktig vinen er for dei. Først fekk me tildelt eit glas, og så var det lov å gå rundt til hundrevis av vinprodusentar å smake på vinen deira.
IMG_7210
Meg og Hannah og nokre andre vin-menneske. Eg hadde notatblokk for å hugse kva eg smaka på. Det var veldig seriøst, me stilte veldig mange spørsmål og tok notat.
IMG_7179
Rødvin frå Jura. Ein ny favoritt.
IMG_7216
Etterkvart blei me veldig poetiske når me skulle definere ein vin. Her er eg godt nedi rødvinspoesien.
IMG_7220

Me fant ut at Millesimé Champagne er det beste i verden.
IMG_7228
Det var god stemning i kroppen etter fem timar med vin. Det var fortsatt dag ute, sjølv om det var natt inni oss. Eg kan tenke meg at det er sånn det kjennes etter ein kjem ut frå eit kasino i Las Vegas uten klokker og dagslys.
IMG_7233

Så gjekk me heim og la oss. Eg er allerede klar for vinmesse tjueelleve.

5 comments:

Anonymous said...

fantastisk fin kåpe/jakke og topp/kjole Heidi! kan eg spørje deg om kvar du har kjøpt dei?

Katrine said...

For en fantastisk herlig hverdagsaktivitet! :) som flere helt klart bør gjøre.. Men spørs om det er så store muligheter for dette i oslo!? Elsker bildene deres!

Frøken Salicath said...

Husker du hvilken Millesime champagne det var? Vinmonopolet har 14 forskjellige skjønner du, se her! http://www.vinmonopolet.no/is-bin/INTERSHOP.enfinity/WFS/store-vmp-Site/no_NO/-/NOK/v_PerformSearch-Prod;pgid=PDdIpmopVUk000EIiDawO9sM0000vgyS2Qgs;sid=HRKRmINY026RmMiUUdqcyfVSnuhk4QCi6Gs=?query=Millesim%C3%A9+Champagne

konsumwahn said...

Utrolig kult!
Jeg skulle ønske jeg hadde vært der selv.

Heidi og Caroline said...

salicath-
me syns alt frå millesimé er ganske godt, så det er berre å smake seg fram og finne sin favoritt. ikkje det at ein smakar seg fram så veldig ofte på champagne. men millesimé er godt, uansett.

anonym- har på meg gamle greier frå bruktbutikkar og hm.

katrine- trur ikkje dette fins i norge desverre, men eg anbefaler på det varmaste å reise til paris for å oppleve det. vigneron heiter det. vigneron 2011, dit skal eg.

Alle bilder på denne bloggen tilhøyrer oss, om ikkje anna er nevnt.

Kval&Actionfilm?