Sunday, April 25, 2010

Skulle ønske du var der



Caro, du må høyre den fine opplevelsen eg hadde i går.

På morgonkvisten la eg inn det nye albumet til CocoRosie på ipoden. Spela det heile dagen mens eg tusla rundt i byen. På butikken, på metroen, på do, overalt. Det var som heroin. På kvelden skulle eg på Pam sin avskjedsfest, eg gjekk av på metro Jaurés, der som Point Ephemere ligg, veit du, der me tok passbilde, fortsatt med musikken i øyrene og i heile meg. Der stod Sierra i CocoRosie foran meg. Ho var så søt, eg hadde lyst til å vise ho kva som snurra på ipoden min og sei at dei er verdens finaste, men sidan det var reint tjuvegods eg høyrte på, turte eg ikkje. Men veldig fint var det. Som om heile verden synkroniserte seg i eit lite sekund, med verdens finaste soundtrack.

2 comments:

k said...

en ting jeg lurer litt på er hvorfor "god has a voice" ikke er med på den nye skiva?

Anonymous said...

cocorosie er helt fantastisk! skal du se dem i live paris , kanskje? :)

Alle bilder på denne bloggen tilhøyrer oss, om ikkje anna er nevnt.

Kval&Actionfilm?