Monday, April 12, 2010

Eg kan ikkje dikte, eg kan ikkje spå, men eit lite minne kan du vel få.

Caro, du fortjenar litt meir bursdagsblogg. La meg fortelje nokre av mine finaste minner om deg, om oss, og om det me har gjort ilag. Det er mange å velge mellom, så eg set hjernen på shuffle:

ein.
Den gongen eg var på veg heim til huset vårt om kvelden, og det gjekk nokre skumle folk bak meg, og eg ringte deg og sa at eg var redd. Då sprang du ut i berre tøflene, uten eingong å lukke døra bak deg, og møtte meg halvvegs. Eg fekk sove i senga di om natta, og då eg våkna av eit mareritt sa du i søvne; "det går bra."


to.
Eg trur ikkje dette er eit av dine favorittminne, du vil kanskje helst gløyme det, men eg elskar det likevel. Den mandagen i sommar, etter eg, du og Synnøve hadde bada på Langøyene. Etterpå drakk me øl i sommarnatta, me var på 7eleven på Grünerløkka, og du sprang ut i gata og ropte "FAEN!" over heile byen, så høgt at gutane på andre sida av gata snudde seg og lurte på om me ville komme opp. Så satt me på eit tak og såg sola krype mot oss. Du drakk whiskey rett frå flaska.

tre.
lørdag077
Eg var ferdig med eksamen, og møtte deg og alle på Brukbar i Trondheim. Du fortalte at dykk hadde vore på ein buss som heitte "The ultimate partybus", og at dykk hadde hoppa av i fart. Eg skjøna ingenting. Alle var så glade, me dansa sjølv om det ikkje var noko dansegolv. Det var så varmt at alle kleda blei klissvåte, så me kraup gjennom gjerdet på Sjøbadet og alle bada i trusa. Me hoppa frå stupebrettet, og det var kaldt. Etterpå stod alle i den varme dusjen, og me gjekk heim med trusa i hånda. Dagen etter såg me Sex&TheCity på kino og grein.


tusen.
Men aller mest dei minnene som er heilt tilfeldige. Kvardagen. Lage middag saman og vente på at ting skal skje. Sitte på kjøkkenet og sjå ut vinduet. Tilfeldige øyeblikk, kaffipausar. Det er det beste.

7 comments:

Anonymous said...

Åh, håper virkelig jeg også får en så fin venn en gang. Dere er heldige som har hverandre.

Heidi og Caroline said...

"Skal jeg fortelle dere om den beste filmen på youtube? Den er heeelt psyk."

hjartesmil said...

eg legg igjen ein suss til dette innlegget. det fortener ein suss.

johanne said...

så fint innlegg! :)

Frida said...

Nydelige minner !

Bollefisken said...

no fekk eg tårer i augene og vondt i hjertet, fordi eg skulle ønske eg hadde ei så god venninne, som de har i kvarandre... <3

jeanette said...

ååååå så fint

Alle bilder på denne bloggen tilhøyrer oss, om ikkje anna er nevnt.

Kval&Actionfilm?