Sunday, March 14, 2010

To historiar om dei me har rundt oss


Bilde frå Square America.

ein:
Avogtil er eg barnevakt for å spe på fattig-kunstnar-inntekta mi. Det er fint, me spelar Monopol på fransk og et yoghurt. Her om dagen fortalte eg 8-åringen om oppveksten på ei lita øy langs vestlandskysten, og behovet for å flytte till byen når eg vart stor. Ho seier:
"Well, when you become a teenager, you want to live in a place where they have cafés, restaurants, shops and boys. But for me, who is eight years old, i just want to run around. I shouldn't be locked up in a school eight hours a day."

to:
Anna kjenner to stykk som held på å bli kjærastar. Dei trur at ingen veit om det. Men me veit om det. Når dei kjem på besøk til oss, så kjem dei samtidig og seier ting som "me møttes heilt tilfeldig utanfor her", eller "eg har sove hos ei venninne, så eg er litt bustete på håret i dag". Og så finn dei på små løgner for å unnskylde at dei skal ta metroen i samme retning, sjølv om dei bur i motsatt. Men me veit at dei kyssar når dei trur ingen ser dei.

3 comments:

hjartesmil said...

eg skulle skrive berre eit hjarte om det ikkje hadde vore så klisjé. historiar er det beste eg veit.

Joachim said...

oh! hvem hvem hvem?

Heidi og Caroline said...

eg trur ikkje du veit kven det er Joachim, men eg kan jo avsløre at dei går på skulen til Anna. høhø. det er kjempespennande.

Alle bilder på denne bloggen tilhøyrer oss, om ikkje anna er nevnt.

Kval&Actionfilm?