Tuesday, March 09, 2010

Parc de Belleville

IMG_5748
Eg hadde ikkje noko særlig å gjere i dag, så eg gjorde det beste eg veit, Bellevillesøndag. Det betyr å gå til Belleville, kjøpe wasabinøtter og ingerfærgodteri på eit av dei mange asiatiske supermarkeda, sette seg på Café Cherie og lese. Først var eg i Parc de Belleville, for å sjå litt på utsikten og kjenne litt på dei større kjenslene.
IMG_5764
Kjente meg passe Viggo når eg stod på toppen av Belleville og tok bilde av meg sjølv. Spesielt med briller. Hadde livet vore ein amerikansk film hadde eg vore den sjenerte brillejenta som alltid klønar og forsnakkar seg. Åhh. Men hadde blitt prom-queen på slutten, då.
IMG_5759
Max: Carol, did you know the sun was gonna die?

Carol: What? I never heard that... Oh come on, that cant happen, I mean you're the king, and look at me I'm big! How can guys like us worry about a tiny little thing like the sun, hm?

4 comments:

hjartesmil said...

i natt drømte eg om deg. du var med ei brunette og de røykte rare sigarettar i smug mens eg sat på ei huske i tunet ditt. etterpå var eg med ein buss under ei bru og døde nesten. true story.

Heidi og Caroline said...

vel, eg smugrøyker med brunetter rett som det er, kanskje ikkje mens du sit på tunet mitt, men alikvel. veldig mystisk drøm, og ganske vilt at du drømte om meg uten å ha møtt meg nokonsinne. kanskje ikkje så rart egentlig, eg drømmer foreksempel om værdamer på tv uten å ha møtt dei heller. fin drøm. (skulle ønske eg var der? eller var eg det?)

Nanx said...

you take such amazing photographs!

Anna said...

Eigentleg var det dette innlegget eg skulle kommentere. Men det var berre fint at eg kommenterte på feil - for eg glemte å seie kor fantastisk mykje eg likar brillene dine.
:)

Alle bilder på denne bloggen tilhøyrer oss, om ikkje anna er nevnt.

Kval&Actionfilm?