Saturday, March 13, 2010

Hestekur ala Kval (Øyafestivalen spesial)

Eg kan enno ikkje høyre Crystal Castles uten å rødme, og få lyst til gøyme ansiktet i hendene. Eller høyre på Beirut uten dårlig samvittighet, for mens Beirut spela, drog Caroline meg, tårevåt og gjørmete, inn på trikken, vekk frå festivalområdet. Eg skjems så det gjer vondt når eg tenker på den kvelden eg sov på diskoteket, eller då eg vart så glad då eg såg Joachim at eg beit hål i skjorta hans. Eg og Anna som sprang ned til vatnet etter Jenny Wilson og skreik alt me kunne utover Oslo, Birk og Ronja. Taxisjåføren som kasta meg av på Grønland då eg ikkje kunne betale, ansiktet til sjefen dagen derpå på jobben. Guten eg kyssa og den dumme colaen eg stjal. "Kva om me aldri hadde møttes?", hugsar eg meg sjølv sei, diskosentimental. SMS'ar eg aldri skulle sendt, minnet om at eg står åleine på festivalområdet og snakkar med bestemor i telefonen. Nei, nei, nei, det har ikkje skjedd.
imm021_21A(3)
Men det skjedde. Bildet er tatt av Ragni.

2 comments:

Heidi og Caroline said...

men alt gikk jo bra til slutt, og vi ggjør det gjerne igjen. Selv om alkohol gjør at vi taper der og da, vinner vi til slutt og da er jo enden god.
-action.

hjartesmil said...

åh, tenk at eg aldri har vore på festival-festival. nesten så det gjer meg flau.

Alle bilder på denne bloggen tilhøyrer oss, om ikkje anna er nevnt.

Kval&Actionfilm?