Thursday, March 11, 2010

Hei Siggen


Siggen (lengst til venstre for framandfolk), spurte om eg ikkje kunne blogge litt. Klart eg kan.

Dette bildet er det Oda som har tatt. Eg syns det er heilt fantastisk, det er eit av dei finaste minnene frå dei to åra på fotofagskulen. Denne dagen, denne kjolen og desse folka (og eit par andre). Eg hadde våkna av sms klokka seks om morgonen frå Karina der det stod: "Hei, har du 5 i promille enda? Når braker det løs?". Eg hadde pådratt meg ein vond og lei kjærlighetssorg, og hadde dagen før prøvd å gjere det mange før meg har prøvd når dei har kjærlighetssorg; drikke veldig mykje øl. I ørska pakka eg kofferten (eg lurar på kor mange koffertar eg har pakka i denne tilstanden), tok på meg favorittkjolen og la ut på tur med bilen til Karina. Me kjørte langs kysten, eg trur det var eg, Joachim, Mari og Karina som var i bilen. Eg var i den typen humør at eg fekk latterkrampe av alt, me høyrte på Tina Turner og seilte nedover med snuten i retning sunnmøre, me tok ferja og kjøpte sveler og ananasbrus, og sov litt på skuldrene til kvarandre. På Atlanten Camping flytta me inn i denne hytta og sov i køyeseng og åt take-away chinese til frukost. Oda tok dette bildet like etter me var kommen fram. Det var vår, eg hadde vondt i hjartet og verdens finaste venner. Når eg ser på det no skjønar eg at hjalp, den hestekuren mot vonde kjærlighetssorgar; drikk kjempemasse øl og ha gode venner.

7 comments:

Mari said...

åh.

Helga said...

Eg skal hestekure ikveld

Joachim said...

Når du endelig kommer deg til Oslo, kan vi overtale Karina om å dra på road trip. Hvor som helst. Hele tiden. Også kan vi høre på Tina Turner og snakke skit. Hele tiden.

Anonymous said...

word- og jeg vil være med på den roadtripen.

Cathrine

heidi said...

då kjem me til å ha det så bra at me aldri treng å ha kjærlighetssorg igjen.

Sigrid said...

åå... Dette varma hjertet. Og det der kinarestaurangbordet fullt av mat sprer jeg gjetord om enda(og kanskje kommer alltid til å gjøre det)

Sigrid said...

åå... Dette varma hjertet. Og det der kinarestaurangbordet fullt av mat sprer jeg gjetord om enda(og kanskje kommer alltid til å gjøre det)

Alle bilder på denne bloggen tilhøyrer oss, om ikkje anna er nevnt.

Kval&Actionfilm?