Monday, August 31, 2009
Det var sommaren i Oslo

Det finaste med sommaren i Oslo, det var alle bygårdane. Sola som skein lavt gjennom løvet på Schous plass, dei trøtte augene på t-banen om morgonen. Alltid to timar for lite søvn. Det var fontenen på Olaf Ryes plass som alltid kjem til å minne meg om 5 jenter ein torsdagsmorgon. Nettene eg sykla, opp og ned Maridalsveien, gjennom Jens Bjelkesgate og heim til madrassa på golvet på Tøyen der eg satt nøkkelen så stilt eg kunne i døra og pussa tennene utan lyd med berre fem timar til vekkerklokka ringte. Kvelden då regnet var på det verste, eg vassa gjennom elver i gatene, og kom til det tomme, varme Litteraturhuset, der satt eg og Caroline og tørka oss med ein kopp te med tegneblokker og jazz, det var så fint at me ville springe ut i gatene og rope "hei, dykk må komme å sjå kor fint det er her!". Om kvelden låg me i senga og hylte i putene, for det må man avogtil. Det slutta aldri å regne, me besøkte alle kafear med krøllete lampar og slitne sofaer. Me drakk kaffe Mocca med ekstra sjokolade, for det har dei ikkje i Paris, og Tuborg på flaske, for det har dei heller ikkje i Paris. Me bakte blåbærmuffins på søndagskvelden, for så å sykle ut i enda ei natt som endte med kald øl i store glas. Eg sykla og sykla, i drømme, og i våken tilstand, med den klikkande lyden av den blå bysykkelen. Røyksopp og Mew i iPoden, "snart er det Øya". Ulykkelig forelska, for det er eg alltid på sommaren. Eg såg det ikkje komme før eg satt på ein benk i Botaniske Hage ein formiddag med vondt i magen og vondt mellom skuldrene, tirsdagen etter leste Tore Renberg på Litteraturhuset frå Obstfelder: "Hvorfor banker du sådan, hjerte? Du banker og banker, og jeg vet ikke hvad det er du vil.", og etterpå leste han frå Pixley Mapogo der hjartet bankar under klokka. Eg kunne bli sitjande å glo på ein tv-skjerm som var skrudd av utan at eg la merke til det, eg kunne stå på badet på ein fest og berre kjenne på det som banka, under lebestiften, under kjolen, i håret, det som også bankar hos Tore Renberg og Sigbjørn Obstfelder, før det dundra på døra ute i virkeligheten, og eg kunne ikkje hugse kor lenge eg hadde stått slik. Det banka og banka, og eg måtte berre vente. Eg venta, og så vart det Øya, me putta lommelerke i trusene. Jentene. Me hadde glitter på boks i lomma som me skulle kaste når me berre visste det, og me berre visste det var når Florence song at hundedagane var over. Etterpå hadde gutane glitter på dei svarte hettegenserane sine. Eg og Anna sprang ned til vatnet og ropte alt me kunne, det einaste eg kan hugse er Anna og vatnet. Og Fever Ray. "No er det ikkje lenge til bilar kan fly", var det nokon som sa. Om morgonen vakna me på madrasser på golvet, familien rundt, me spelte Monopol mens me åt frokost. Bestemor hadde strikka nye ullsokkar til meg, me tegna bart på Siv Jensen i avisa, alt var så bra. Siste dagen var eg gjennomvåt allerede då eg sykla til Karina for å ete heimebakst og drikke øl. Jaja, tenkte eg og drakk opp brandy'n i lommelerka og skjøna ikkje før det var forseint at eg aldri kom til å få med meg Beirut. Eg reiste til Hvaler for å kvile heilt stille under eit teppe, kanskje lese litt, men våkna opp dansestøl om morgonen, og måtte innsjå at eg er ikkje den jenta som kvilar heilt stille under teppet. Så kom den dagen då eg la merke til at eg hadde gløymt jakke, og eg måtte sitte inne på Dattera til Hagen, ikkje ute. No er lufta skarp og lyset klart, og hendene er kalde rundt sykkelstyret. Dei fire årstidene, Norge, no er høsten i meg. I heile Oslo har eg lagt igjen små kjærleiksbrev, som eg har lagt igjen for at du skal finne dei og kanskje vite det var meg. Det var sommaren i Oslo.
Sunday, August 30, 2009
Tuesday, August 25, 2009
Monday, August 24, 2009
Missed Connections
Ein ting som eg likar å gjere er å lese "Missed Connections" på Craigslist. Det er så mykje rart, søtt, naivt, drømmande og skummelt som fins der ute. Det beste er dei frå metroen i Paris, som må være ein av dei kaldaste stadene i denne verden. Det er som om menneska vert skrudd på mute med det samme dei går ned trappa under jorda. Eg har aldri opplevd at nokon har snakka til meg der, unntatt menn som trur eg er "like the norwegian girls in pornomovies". Så ser eg for meg alle metromenneska som sit der med hjartet bankande under dei svarte frakkane, som kanskje har lyst til å prate med sidemannen, men no har dei kjørt metro i 15 år, og har aldri prata med sidemannen, så dei går av på stasjonen sin og idet dei kjem ut og opp i dagslyset innser dei at "faen, kvifor sa eg ingenting?".
"Friday, the 14th of August. Afternoon. In the métro. If memory serves, ligne 5, direction Bobigny. Near République. You: tall, shortish dark hair, nerdy, glasses, with a big backpack, bottle of water, and a rolled blue mat. A red bag, containing a white Mac. I was leaning on the door window, you were just in front of me, pretending to look at the line plan above my head. You looked sad, but I found you cute. Actually you have a beautiful face. If I wasn't so busy that day, maybe I would have offered you to take a coffee with me. Anyway, I'd like to know you. "
"One chance in a million, I know. You were having a drink there this afternoon with your boyfriend (looking clever, nice guy, I guess he couldn't believe how lucky he was). You're probably scandinavian. I was with my family, there were children and older people. The band was playing. I only noticed you when we left, our eyes met, twice, and my heartbeat changed. Please get in touch"
"Tall with stunning shoulders, you. lovely. i was reading notes dressed in 1960s italy."
"We kept meeting in the lines and the elevator up the Eiffel Tower. I was with my two children and you were with your two sons. We exchanged glances many times and I decided to follow you and walk down the stairs of the Tower. You had on a golf shirt (and I remember the name of the city on it - do you live there?). "

Friday, August 21, 2009
www.riikkas.com

7. september...
Når eg er i matbutikken går eg bort til ostedisken og luktar på dei franske ostane, når eg går i mine eigne tankar overset eg alt eg ser rundt meg til fransk:hav/mer
kjekk/beau
og sånn kviskrar den franske stemma meg i øyret natt og dag. Det er litt som når man ser på "tre nøtter til Askepott", der du både kan høyre stemma til mannen som snakkar og stemma til skodespelarane samtidig. For klokka kvart på ni om kvelden den 7. september skal eg brase inn døra til ein tom og ny leilighet, der skal eg sjølv tuftene grave og setje mine hus oppå deim. Eg skal fylle kjøleskåpet med Chablis og Bordeaux, plante sukkererter og og basilikum på balkongen, henge opp bilder av deg og skrive kort heim med "SEND MEIR PENGAR".
(No har eg kjøpt Parisarbillett. 399 kr på Norwegian. Er det rart eg reiser. Hadet Siv Jensen.)
Thursday, August 20, 2009
August
"If there were a map of the solar system, but instead of stars it showed people and their degrees of separation, my star would be the one you had to travel the most light-years from to get to his. You would die getting to him.""No one belongs her more than you" av Miranda July
Alkoholromantisk

1.Det fins den jenta, som drikk litt rødvin, får sjarmerande rødvinslepper, vert kjapp i replikken, som greier å halde samtalen på eit høgt intellektuelt nivå, som får lyst til å danse, som ler, som flørtar og har det bra.
2.Og så fins den jenta, som drikk øl, vin og sprit, som ramlar rundt, raknar strømpebuksa, sovnar på skuldre, klinar med ansiktslause gutar, ler, grin, sovnar med alle kleda på og vaknar opp med blåmerke, skrubbsår og eit minefelt av ein utboks.
Wednesday, August 19, 2009
Hausten er redda
På iPoden min har eg det nye Mew albumet, og om det skal gjere denne hausten til det som dei andre Mew albuma har gjort med andre haustar, då er eg redda. Og eg har ei bok som heiter "En ettermiddag om høsten" av Mirjam Kristensen, eg kjøpte den i går og kjem til å være ferdig med den i dag. Eg sit på ei madrass på golvet i ein liten leilighet i Oslo og drikk Earl Grey om kvelden og veit at snart er eg i Paris, og der kan eg kan sitje med dyna rundt meg på balkongen i ein av mine favorittgater, rue St.Maur, gata der eg og Joachim var i kvar dag for eit år sidan, der me fekk vår første venn i Paris, Jaime, som seinare forsvann på mystisk vis, akkurat som i den boka eg les no. No er det haust, og det gjer godt i magen.
Bilete av Sarah Maingot som gir meg septemberfølelse.

Bilete av Sarah Maingot som gir meg septemberfølelse.
Tuesday, August 18, 2009
Monday, August 17, 2009
Hoes before bro's
Ein ting som eg er veldig fascinert av (i tilegg til skohorn og verdensrommet), er vennskap mellom gutar. Dette er ein ting som eg tenker mykje på, og alltid forskar og spionerar litt på. Eg brukar å spørre gutar kven som er deira bestevenn og kvifor. Det er vel fordi eg forstår at dette er eit fellesskap eg aldri kjem til å ta del i eller forstå, ettersom eg kan telle på ei hånd kor mange gutevener eg har (inkludert pappa). Det er vel naturlig, når eg er "ei sånn jente som likar te, stearinlys og Amelie", og heile sfæren min er tvers igjennom feminin, kva no enn det betyr. Derfor blir det veldig spennande å tenke på gutane når det berre er gutane. Vennskap mellom gutar er noko av det finaste eg veit. Foreksempel snakka eg med to tilfeldige gutar for nokre veker sidan. Eg spurte:
"Er dykk bestevenner?"
Dei såg på kvarandre, begynte å klø seg litt i hovudet. Oppsummere og mimre litt. Smile og bli litt flaue.
"Ja, me er vel bestevenner. Har ikkje tenkt på det sånn før, men me er jo det."
Så gav dei kvarandre ein klem. Bestevennene.
Det var derfor eg vart så glad då eg såg denne filmen her i går, som handla om akkurat det som eg syns eg spennande og går rundt og tenker på, nemleg gutar som er bestevenner:
Og når det i tilegg handlar om at "Chocolate" er ein jævlig fin film, og at det er fint å skrike med ein venn og har quotes som dette her:
"Oh my God, Hailey, why must everything always be about you?"
"Because I'm single"
Åh, venner. Sjå filmen med venner. Gjer det.

Wednesday, August 12, 2009
Oppskrift på ein ettermiddag
1 stk. veldig fyllesjuk venn1 Grandiosa
2 grønne eple
1 flaske Solo
Program om dyr på fjernsynet
Powernap i sofa
Tuesday, August 11, 2009
Monday, August 10, 2009
Mine venner
Du trudde du var redd for svineinfluensa? Mødre, hald på sønnene dykkar, her kjem det du skal væra redd for i haust:
Det som eg saknar mest når eg er i Paris, det er vennene mine. Det skulle jo berre mangle, det trur eg alle gjer når dei er i utlandet. Men når eg nappar til ost og nippar til vin blant all den franske elegansen slår det meg at eg saknar dei fordi dei er ikkje som andre venner. Nei det er dei ikkje. Hos mine venner er det aldri fruktfat på bordet. Me er ikkje søte, ikkje i det heile tatt. Ein skikkelig nifs gjeng, ein bande, ein liga. Tannlause, med arr i fjeset og lommelerke i trusa, det er oss. Bak mascara og søte kjolar skjular det seg ein flokk med rabiesinfiserte villhundar på sykkel. No er det Øyafestivalen, og er syns eg anar ein gjeng med blodtørste kvithaiar med snuten for Oslo. Pass deg. Heilt seriøst. Spesielt for Ragni.
Ein liten smakebit:

Ha på hjelm. Eller hald deg inne.
Thursday, August 06, 2009
Make love not war
Når eg ser på Hedi Slimane Diary sluttar eg fred med min to års lange konflikt med svart/fotografiet, og eg får lyst til å reise på festival og høyre på Joy Division og ha masse svart sminke rundt augene og ha på kvit t-skjorte og dongeribukse og kline med gutar med lange tynne armar og store lepper og drikke sprit blanda med Fanta Exotic.
Eingongskamera

I min ungdom, då eg meldte meg inn i lokalsamfunnets fotoklubb, fekk eg spørsmålet: "Kva kamera fotograferar du med?". Dette spørsmålet vart stilt av eldre herremenn med altfor dyrt kamera som dei brukte til å fotografere blomane i hagen, istappar og fuglar. Eg vart veldig flau, og følte meg satt til veggs. "Eingongskamera.", svara eg.Brukar det framleis, meir enn gjerne.
Tuesday, August 04, 2009
Days turn to nights, turn to weeks, turn to paper, into rocks, into plastic
Snart er det Øya. Spenn på deg moonbootsa.
Tips 4
I kveld skal Tore Renberg være på Litteraturhuset i Oslo, han skal lese frå den nye boka si Pixley Mapogo. Det begynnar klokka sju. Kval&Actionfilm kjem klokka fem, rette i ryggen, med strøkne skjorter og nylagt hår.Sjåast der. Bilde frå her. Avogtil går eg inn på Flickr berre for å sjå på akkurat dette bildet. Eg vil være der. Sjå på det du også. Tips 5.
Monday, August 03, 2009
Subscribe to:
Posts (Atom)
Blog Archive
- November (31)
- October (52)
- September (24)
- August (24)
- July (36)
- June (31)
- May (29)
- April (34)
- March (29)
- February (25)
- January (22)
- December (21)
- November (28)
- October (38)
- September (35)
- August (26)
- July (22)
- June (14)
- May (19)
- April (16)
- March (17)
- February (11)
- January (15)
- December (8)
- November (10)
- October (15)
- September (10)
- August (5)
- July (7)
- June (13)
- May (17)
- April (15)
- March (20)
- February (23)
- January (21)
- December (12)
- November (21)
- October (28)
- September (35)

KLIKK HER DU

.jpg)