


...er fint.






Man kan søke på "acapella" på YouTube. Då får du opp mykje drit:
Detta hadde du ikkje tenkt på Dr. Dre.
Og så, velkommen til helvete:

Illustrasjonsfoto: representant for AGA laget is ved hjelp av nitrogen på Smak 09
Me har funne ein stamkafé. Den ser ut som danskebåten. Damene som jobbar der er grepa, og ølen serverast kun i xxl-size. Klientellet består av skilte menn over 40 som er glad i å ta seg ein pils eller sju midt i veka. Det fins også damer frå Nord-Norge som grin og kranglar høglydt om nokre menn som ikkje har vore greie med dei. Hit går me kvar torsdag. Me snakkar mykje om gutar og litt om kunst. Me har tenkt til å bli venn med ho som jobbar der, som me har ganske god tone med. Ho spelar iallefall ganske bra musikk, for eksempel Band of Horses, som me begge er store fans av. Me er nesten der at me kan sei ”Eg skal ha det vanlige”. Kanskje me kjem til å be ho på fest, om me tør. Me er også på hels med ein mann som er der fordi han vatnar blomane til eks-kona mens ho er i syden med den nye familien sin.
Etterpå går me ut i gatene oppe på St. Hanshaugen og ser litt der også. Ein gong såg me ein mann med bart og data i eit vindu(to ting me likar veldig godt). Me såg ganske lenge på han, heilt til kjærasten hans kom og drog ned rullegardina. Om me går forbi huset til Karina pleier me å ringe på. Ein gong fekk me pizza og glascola, så me kjem definitivt til å forsetje å spørre om me kan komme på besøk der.
NB!
Det er rart korleis alt blir litt meir moro med ein S på slutten:
Ein gong var det nokon som kommenterte dette:
1. Luggen er kløppt.
Eg tenker ofte på Paris, byen eg har eit vilt kjærleiksforhold til. Eg tenker på året som har vore, og tanken på at det kjem eit til med minst like mange eventyr gjer meg svimmel. Og så er det litt skummelt også. For no er det så mykje press, når eg kjem att har eg ingen jobb og eg må kaste meg ut i eit marked som allereie er metta til randen. Eg blir heilt skjelven, og tenker på det om kvelden. Kva om eg ikkje får nokon jobb? Eg tenker ofte sånn at kan ein ikkje være fotograf i Paris, kan ein ikkje være fotograf nokonstads. Det er der det skjer, og det må skje meg! Og så tenker eg på den verste tida som var i Paris, det var i slutten av November, finanskrisa hadde begynt å snøre dei lange fingrane sine rundt studielånet mitt, og den første stormforelskelsen hadde lagt seg:
Eg dreiv og leste til eksamen i fransk, og varmen i leiligheita fungerte ikkje. Det var iskaldt, og eg sov med hue og skjerf om natta. Eg tok spensthopp mellom lesinga for å halde varmen. Tente lys og kokte vatn for å skru opp temperaturen litt. Mine siste euro brukte eg på kaffi på lokalkafeen, slik at eg kunne lese ein stad der det var varmt, men det endte med at eg sovna over boka og måtte går heim. Eg kjøpte spagettipakkar på butikken med småpengar eg skrapa saman og talte opp nøyaktig på forhånd. Eg hadde ikkje pengar til metrokort og eg holdt meg for det meste heime. Eg savna å ta bilder, og studiet gav ingen meining. Eg skjøna ikkje ein skvett av kva folk sa, og hadde eit ganske lite nettverk i forhold til det er var vant til å ha. Byen holdt på å ete meg opp. Det var høstens svarte hol.
Så tenker eg på om det blir sånn igjen. Fattig, umotivert, høst, mørke, kulde...Åh, kor nifst.

Om du vil kan du høyre på Peaches. Videoen er litt treig i begynnelsen, men endar med flott lyrisk dans (Anna, ta notatar). Akkurat litt som dei fleste festane eg har vore på i det siste:

Og så høyrte eg på denne songen på bussen i dag tidleg, eg var trøtt og smal i auga som ein kattunge, og det regna over heile stakkars lille Oslo by:
















Meaghan Préfontaine


Joachim og Karina
Mari kom på besøk og me bada på Hovedøya.
Beach-boy.
Så kom Åsmund og me grilla eit betre måltid i bakgården min.
Eg og Caroline syklar bysykkel i fine kjolar. Hadde eg vore gut trur eg kanskje eg hadde blitt litt forelska i oss.
No stikk eg og drar ut kontakta til kaffitraktaren, då er det offisielt.
