Tuesday, June 30, 2009

The Office

Eg jobbar på kontor i sommar. Det er jovialt og han Gunnar skal til syden. Kaffimaskin, fruktfat og jokkaplanter. Været. Eg drøymer om kjærleiken fram til klokka 16.00.

Ein blogg uten bilete er som kaker utan kaffi, så me kan sjå på desse av Paolo Roversi frå Vogue 2006:




Monday, June 29, 2009

Veckans Babes

I går var me på stranda. Kvar gong eg er på ei strand tenker eg: "Tenk så fint det var her på 50-tallet." For det trur eg det var:






Tommelfingerregel

-Ikkje fotflørt under bordet med kvite tennissokkar. Funkar ikkje.

Friday, June 26, 2009

Faen

Nå står ingen ting til påske. Han er død. Vi hedrer vår alles Helt med stor H med øl og cava i kveld. Takk for alt. The way you make me feel! det er alt man kan si.
Favoritten til Heidi:

Favoritten til Caroline:

Thursday, June 25, 2009

Å ikkje sove




Det er fint å drikke te på kjøkkengolvet når sola står opp.

Temporary Secretary

Det er meg. 08.00-16.00.

Tuesday, June 23, 2009

Livet er skjønt

Her ser ein kvarandre ikkje i auga, her ser ein på glaset.

Saturday, June 20, 2009

Farvel leiligheten

Om 25 minuttar bur eg ikkje her lenger.
For 3 timar sidan var eg på fest i Belleville og tenkte det var lenge til neste gong.
Om 7 timar møter eg pappa og bror min på Gardermoen.
Og her er eit bilete pappa tok av det rotete ferskenfarga rommet mitt då han var her. No står det tomt. Eg burde ha skreve ein lang og reflekterande blogg om opphaldet mitt i Paris dette året. Men det skal eg ikkje. For eg er akkurat den samme, om eg er her, eller heime.

Gledar meg til å komme tilbake til byen som gir meg sommarfuglar i magen (tenk at det fins ein sånn by).

Men no skal eg møte dei som eg likar best.

Thursday, June 18, 2009

Sofia Coppola

Eg skulle pakke, men reiste heller til Sofia Coppola's feminine univers:













overigår

...var jeg på rikskringastet radioshow. Jeg fortalte en historie og de ga meg to billetter til Morrissey konserten på lørdag. Jeg er kul!
Takk,p3.

Når venner sier noe fint, gjør det godt i hjertet

"Fra nå av er vi venner for alltid, du vet det Caroline"
Jeg fikk tåre i øyekroken.

Webcam?

create animated gif
Er heime, og skal eigentleg pakke og vaske ned leiligheten. Kjem aldri til å bli ferdig. Lagar heller gif's og drar meg i barten. Om eg er flink skal eg belønne meg sjølv med disko i kveld.

Monday, June 15, 2009

Animal Person

I dag er det den her jenta som gjeld. Eg mimra forresten her om dagen om korleis det var å bu med Ragni, som alltid lot Animal Planet surre i bakgrunnen i leiligheita, noko som skapa ein fredelig og god steming 24/7. Det saknar eg. Håpar du har ein like idyllisk bursdag i dag som du hadde i fjor, då me grilla i Ilaparken og laga gulerotkake til kvelds. Sjåast snart.

Dei gale har det godt

Nokon likar å strikke, andre likar å bake boller. Eg og Anna likar å danse lyrisk dans. Me tar på oss strømpebukse, paljettar og badedrakt, skrur på musikk og hoppar rundt i stova og lar kroppen gjere som den vil. No kjem du nok til å tru me er gale, men dette er berre begynnelsen. Det er dønn seriøst, me diskuterar, gir kvarandre kommentarar og vel nøye ut musikk på førehand. Dette er noko me kan bruke timevis på, eg trur me har ein ca. 30 dansar no. Vanligvis har tanken vore at dette er noko som aldri skulle publiserast, men det skadar vel ikkje å vise ein av dei som er "normale":

video

Saturday, June 13, 2009

Run away with me

Ein ting som plagar meg med livet mitt er alle desse folka eg saknar heile tida. Eg har folk eg er glad i spredd overalt, Oslo, Bergen, Stockholm, Kabelvåg, Trondheim, Stavanger, Stord, på jorda og i skyene. Tid og rom gjer at eg ikkje får sett alle så ofte som eg skulle ønske (helst heile tida). Eg drømmer om at me alle ein gong kan kjøpe ein liten gård nært havet, der kan me ha hestar og bake blåbærpai. Om ein ca. 10 år? Kanskje ein husbåt der me kan drikke punsj om kvelden, i lyset av alle lyslenkene, og me kan sove i hengekøyer. Eller ein gigantisk toppleilighet i New York der me kan lage kunst og starte band . Eller kva om me kjøper opp ein liten bygård her i Paris, sånn at det blir plass til alle inni dei små snirklete leilihetane, og me kan henge rundt på kafear og lese bøker i parken? Drikke brandy til frukost og ete vafler til middag? Kan me det? Eg orkar ikkje sakne meir. Dykk veit nok kven dykk er, og om du ikkje veit kan du få bli med likevel.Dette kan foreksmpel være rommet mitt i den parisiske bygården vår. La oss drite i heile establissementet, selje alt me har og berre stikke? Kva seier dykk? Bli med?

Friday, June 12, 2009

Luft, kjærleik og CocoRosie

Denne bloggen handlar berre om fylla og CocoRosie. No skal det handle om det siste. Ryktet på gata sa at CocoRosie smyg rundt med nye songar, endeleg fann eg dei på YouTube, her er eit par av dei:

Siden sist: Fått bolig.

Lommelerkefestivalen '09

Lommelerkefestivalen ble til under eksamensperioden på NTNU,Dragvoll. Vi satt å dagdrømte oss bort til bedre tider. Over lunsj delte vi av våre drømmer. Og snakk ble til handling. Så satt alle der med hver sin billett til konsert på fredag og ønske om at musikkensdag på lørdag skulle bli fin. Selve lerka er egentlig mest praktisk, da økonomien er skranten, men den bidro til å skape mye hygge og gøy også.

Hei blogg.
Hei Heidi.
Hei alle!

Jeg hadde en helt fantastisk helg forrige helg, men jeg har bare vært så alt for opptatt med å være arbeidsledig og husløs, at jeg ikke har fått tatt for meg herlighetene fra Lommelerkefestivalen '09;
En gjeng livsglade jenter pakket snippesken og reiste fra Trondheim (noen for godt) ned til the City of tigerz, Ozzlo. Vi hadde karra oss til plass i byens beste leilighet, for øvrig hos byens triveligste jente. Der var både husrom og hjarterom, vi fant oss fort tilrette. Jeg hadde knabba med meg en flaske med brunt og sterkt fra fars barskap og var vel fornøyd med at dette skulle bli en helg i flaskas tegn. Livlig var det og livligere skulle det bli, med kremen av jenter fra Bergstaden Kongsberg, alle med billett til de fineste søstrene jeg vet om: CocoRosie. Konserten var finfin (bedre enn rockefeller). Det var dansbare toner til enhver tid og jeg kjente helt inn til hjertet at jeg var glad.

Kvelden ble fort markert som ung etter konserten og vi var alle enige om at vi måtte ut å svinge oss mer. For meg er stort sett hovedstadens vannhull nye, så alt er spennende, ingen er gamle, alle er nye og alle er potensielle venner! Kvelden foreløp slik: P3-folk, lyve-skryting, øl-briller, smug-drikking, nye-venner, gammel-familie, danse-fot, drikke-arm, stenge-tid, natt-kebab, homse-venner, klein-nordlendig, fylle-fall, arm-i-arm,jente-hat, natt-i-natt.

Dag og kveld to av festivalen ble også bra. Vi så noe musikk, men var også litt slitne etter strabaser kvelden før. Derfor måtte vi sette oss i en bakgård med øl og pølser. Vi rakk ingen konserter, men vi fikk møte folk med dialek. Vi fikk stå i en kø. Vi ble evakuert. Vi fikk komme inn igjen. Vi fikk hilse i mange hender hvis navn vi ikke husker. Vi fikk gi DJ tommel opp. Vi fikk danse med et spøkelse. Vi fikk smile til alle. Vi fikk dra i bukseseler. Vi fikk telefonnr. Alle trivdes. Jeg ble kastet ut av en dørvakt. Det var ikke lov å drikke lommelerke, så dumt tenkte jeg, det er jo festival. Men som vi alle gjør på festival smiler og er venner. Så fikk man bare en anledning til å gå en annen plass. På et slags stort disco, med fem meters takhøyde og mange svensker, jeg fikk visittkort og følge hjem til døra. Kvelden var bra. Nå noen bilder, som Ragni har tatt.



Tenk å våkne opp til detta happyfacet som synger søte melodier om cava-frokost.

Eller som fikser deg pølse med tur/retur av tomat?

Eller at detta beiste gir deg frierblikket?



Eller at Nanina ler av de alt for dårlige vitsene dine?

Oslo borgere på musikkfest.

Historie fortelling over en lav sko.

Litt cava til frokost, litt jeger til lunjs...


Nei, men er det ikke cava til middag igjen?

Helgas vert er ikke hun høye mørke, men hun lyse under dyna.

Thursday, June 11, 2009

Don't say goodbye, say bon voyage!

Joachim. Kom tilbake. Me saknar deg for mykje. Eg måtte grine ei tåre på skuldera til Anna i går då eg kom heim og innsåg at du ikkje var der, og aldri meir skulle være der heller. På rommet ditt er det eit sørgeleg ekko utan deg. Me håpar du har det herlig i La Norvege, og at pølsa på Gardermoen var god. Me kjem snart, me også. Me har hatt eit heilt vilt bra år her i Paris, tenkt så heldig eg er som har ein sånn type venn som ein kan rømme til Paris med, å danse heile natta med, å berre henge heime og slappe av med. At me kan le av dumme ting, at me kan snakke om alt frå onani til fotografi. Kven skal være din wingman no? Og kven skal praie taxi når eg har fem i promille? (Ja her er det eit alvorlig ansvar du har lagt på Anna sine skuldre!)Tenk at året vårt er ferdig, alt me har opplevd som me aldri kjem til å gløyme, eg hadde sikkert aldri turt å reise til Paris om det ikkje var for deg. Eg seier som Edith Piaf, je ne regrette rien:
August2008
September2008
Oktober2008
November2008
Desember2008
Januar2009
Februar2009
Mars2009
April2009
Mai2009

(Ps. Eg og Joachim har ein avtale at om me blir gamle og ensomme skal me få lov til å bu i sokkelleiligheten til den andre. Ein vanntett plan. Skaff deg ein slik avtale i dag.)

(Pss. Føler eg må halde deg oppdatert på siste nytt i Paris, Joachim, så her kjem det:
1. Me tok bussen i dag tidleg.
2. Sjefen fødte ein gut, hurra.
3. Me har planar om å drikke Mohjitos i dag, og kanskje tilogmed gå på date.
4. Me har flytta inn på rommet ditt.)

Meir kjem, ver du trygg.

Wednesday, June 10, 2009

Velkommen til verkelegheita

Eg og Joachim hadde ein heftig diskusjon angåande retusjering av modellar her om dagen. Eg er i prinsipp heilt imot å gjere noko anna med ein modellkropp enn det som kan gjerast med sminke/lys/skugge i verkelegheita. Ja, eg fjernar mørke ringar under augene og blårosa vinterhud over ein lav sko, men der går grensa. Eg skulle aldri, aldri gjort ein stakkars sulten modell tynnare på eit bilde. Eg veit at dette kan få konsekvensar for meg som fotograf, men om ein arbeidsgjevar skulle kreve dette av meg, ja, då tek eg ikkje den jobben. Om eg skal ta bilete som får folk til å føle seg dårleg, og gi eit usunt perspektiv på kvinnekroppen er heile mi meining og mitt mål som fotograf vekke. Naivt og idealistisk av meg,ja, men eg trur på det å gjere ein forskjell. Om fleire fotografar hadde hatt sterkare prinsipp på dette kunne det gått i ei meir positiv retning, og ein kunne følt seg litt meir menneskleg etter å ha blafra igjennom eit Vogue. Det nyttar ikkje berre å lene seg tilbake og akseptere at nokon har skapt eit ideal som får menneske til å føle seg dårlege, eller i verste fall bli alvorlig sjuke. Eg skjønar at folk kjøper moteblad for å drøyme seg vekk, og ikkje for å sjå på verkelegheita, men når eg ser 50 år gamle damer som spradar rundt på Paris' beste vestkant med trynet fullt av botox og bandasje rundt øyra etter å ha "stramma inn litt", og modellar som ikkje kan stå på beina på fotoshoot, gjer det meg så inderleg vondt. Dette er ikkje Vogue, det er verkelegheita, i rest my case med Harper's Bazaar bilete av Crystal Renn:


Tuesday, June 09, 2009

Sometimes it hurts not to live in the sea

Parisveteran Karen har laga ein smykkekolleksjon inspirert av akvariumsplanter og andre sjøeffektar, med ideen om å resirkulere og fornye gamle greier. Ein nydeleg og heilsprø ide. Me hadde ein gøy, våt og hektisk fotoshoot for å illustrere smykka, mykje tang og tare, her er bileta:














20. juni


20. juni. Då skal eg heim. Imens kosar eg meg med Dovregubbens Hall på full guffe på jobben.

Monday, June 08, 2009

Romantikken er död

Eg innsåg no at dette er ein ganske romantisk blogg. Joachim og Anna kunne bekrefte det. Men sidan det først er så romantisk kan eg jo blogge om noko som eg syns er romantisk, og det er dette her:

1.Når ein er nyforelska, og ein må spele all yndlingsmusikk og vise alle yndlingsfilmar til kvarandre.

2. Når eg tok dette bildet her. Det var ein laurdag morgon og den første snøen kom til Paris. Eg hadde overnatta på ein husbåt langs Seinens elvebredd, og denne svanen kom svivande forbi.

Sunday, June 07, 2009

Les fleurs

create animated gif
Vil ha blomar overalt. På bordet, på kjolen, på veggen, i håret, på kamera. Er det eit teikn på alderdom?

Saturday, June 06, 2009

Til deg.

Ikkje gløym å dans i regnet.

Torsdag og Fredag

Her er berre litt random bilete frå kameraet mitt:
Eg vart tatovert. Når det gjeld slike ting som blod, smerte og legemsbeskadigelse, er eg litt sart, så eg turte ikkje sjå på. Eg kan nemleg gjerne finne på å besvime om eg riftar meg i fingeren med kjøkkenkniven, så eg fant det best å være på den sikre sida. Men det gjekk bra. Ingen pain, mykje gain.
Etterpå var eg Moa og Joachim på fest hos Manu:
Moa.
Show-off.
Me spela tv-spel. Eg vann.
Me teikna på Joachim. Like glad som alltid. Så drog me på disko. Alle fekk kline. Meir eller mindre.
På fredag fekk me ENDELIG sjå Anna opptre på scenen. No har eg budd med Anna i nesten eit år, men enno ikkje sett ho spele teater. For alt eg har visst kunne ho ha vore gørr dårlig. Men det var ho ikkje, ho var flink, og eg følte meg som ein stolt mamma. Heile oppsetninga var veldig bra, og det var gøy å endelig få sjå litt kva dei driv med på skulen til Anna. Etterpå var det øl og blomar.
Familjen.

No er eg på arbeid som vanleg, neste veke er siste veke. Etter det blir det sumarjobbing i Oslo.

Snart skal Anna komme å drikke te med meg, eg har kjøpt kjeks.

Friday, June 05, 2009

Misunnelse

Og til alle dykk som skal på CocoRosie i Oslo i kveld, ha det så SJUKT BRA!!!!!!Og minnast meg bittelitt. Og nyt denne songen her live, for det er fantastisk:


Og Beautiful Boyz, Noah's Ark, Good Friday, By your side, Sunshine, Honey or Tar, Hatian Love Songs, Houses og alle dei andre magiske melodiane.

Du og eg. For evig og alltid.

Det var ikkje vondt. No er den der og eg blir litt forelska kvar gong eg ser den. På gamleheimen skal eg minnast ei tid då eg var ung, fager og veldig, veldig lykkelig.

S.L.O.B


Mens Heidi flytter fra den ene til den andre siden av byen, har jeg flytta fra midten av landet til midten av den østlige delen av landet. Da toget rullet ut fra Trondheim sentralstasjon 23:05 i går, tøffet høflig forbi de store fine husene på ila, trilla en liten tåre fra øyekroken. Det var fint og trist på samme tid. Hade Osloveien, Ica, midtbyn,brukbar,bakklandet,buran,samfundet og alle folka man kjenner ansiktene på. Trondheim er tom for nye folk er det noen som hevder, allikevel er det alltid et lite spenningsmoment som ligger å lurer bak i kulissene: Treffer man noen nye og spennende i dag? Begrensningen stagnerer ikke forholdet, men gir heller håp til dagen. Dette kommer jeg til å savne, det er dette som gjør Trondheim.

Fra nå av, eller det vil si fra høsten av er det Oslo. Man må finne sin plass på ny. Finne ut av ting som hvor har de billige grønnsaker, hvilken vei bør jeg sykle for å komme fortest til den beste butikken, hvor har de god stemning og billig kaffe, hvor er de søteste guttene, hvem er mine nye venner og hvor føler jeg meg hjemme. Alt dette er nytt, men også spennende. Men også skummelt. Heldigvis har tre år i trondheim latt tre forskjellige gutter i forskjellige aldre og tilstander påskrive passet mitt slik at jeg alltid skal kunne huske hvem jeg er i møte med en hver tilstand og utfordring tigerstaden måtte ha å by på.

1: "Du e itj som de andre voksnan du, du e liten voksen du"- liten-gutt, ca. 3, barnehagen

2: "Det som er bra med deg, er at du har pannelugg" søt-gutt, ca 23, brukbar

3: "Hvorfor er du som er høy og mørk venninne med hu som er så liten og lys?" narkoman-gutt, ca.?, natttoget

Kawabonga! Som supermario på stjernekraft er jeg klar for Stakars Lille Oslo By.

Thursday, June 04, 2009

Kaos

Har ein million bilete eg kunne blogga frå festar, parkar og andre netter. Men no er det litt kaos i den digitale arbeidsflyten. Her er dei dataen min orka å opne i kveld. Yes. Eg gir opp.

No er det forresten bestemt, signert og forsegla. Eg og Anna flyttar til andre sida av byen etter sumaren. Frå rolige, parisidylliske 16 arrondissement, med Eiffeltårnet rett nedia gata, til 11 arrondissement. Paris' østkant, med barer, kafeear, klubbar, liv, fart, spenning, lys. Til det tettast bebygga urbane området i heile Europa, der mesteparten består av unge, single menneske. Til ein toroms langt oppi høyden, der det kjem til å bli eit heilt anna liv, der alt det beste fins rundt våre fire armar.

Tuesday, June 02, 2009

Ay ay captain

No skal eg seie noko som eg trur kjem til å få dei fleste venene mine til å få ein liten hakeslepp(håpar ikkje bestemor les):



Eg har ein avtale med ein tatovør i morgon.


Eg veit det. Men, høyr no her. Det eg tenker er:
Ei bittelita svart sløyfe på innsida av venstre håndledd. 2-3 cm. Uten skuggar, heilt todimensjonal. Avtalen i morgon er berre for å tegne den. Ikkje noko farlig enno. Søt, feminin, klassisk, liten. Eit lite minne om her og no.

Tenkte eg skulle ta ein liten sjekk blant dykk som kjenner meg og resten av verdsveven. Kva trur dykk?

Tenk. Kan eg være ein som er tatovert? Eg, ei gammal korjente frå bibelbeltet? Tatovert?

Blog Archive

Follow that blog!