Tuesday, March 31, 2009

Som ein spør får ein svar

Eg:"Korleis ser eg ut?"
Joachim: "Litt som Prins Valiant."
Eg: "Bra. Han er mitt stil-ikon."

Monday, March 30, 2009

...and all that jazz

I går gjekk både eg og Anna med den følelsen at me hadde lyst til å gjere noko heilt anna, noko heilt nytt. Anna kom på den fantastiske ideen om at me kunne gå på jazzklubb, og etter litt googling fant me ein klubb som hadde det me såg etter; moderne jazz i ei hule som ein gang var eit fengsel, der det fortsatt er inskripsjonar på veggane etter menneske som har dødd der, spindelvev og iskald pils. Konserten me var på var fantastisk, ein snurrig blanding av jazz, hiphop, soul og electronica. Etterpå møtte me franske franskmenn som ikkje var redde for klassisk romantikk:
Eg har ledd kanskje 20 gonger i dag av dette biletet der han flekkar opp lommeboka for å spandere ei rose på den skjønne Anna.
"Vil du aksepter den her rosa?"
Eg aksepterte.
Etterpå ville eg og Anna ta den "kjappe" og "lettvinte" måten på å komme oss heim, nemleg bysykkel. Sidan me ikkje hadde nok pengar, hadde me berre råd til å leige ein sykkel. Me var ikkje heime før det lokale bakeriet hadde åpna for dagen, og me kunne kjøpe oss ein croissant til frukost/kvelds. Men det var gøy.

I dag har me sett "Paris Je t'aime". Eg har ikkje sett den etter eg kom til Paris, og det er så fantastisk å sjå når den når eg bur her, når eg berre kan ta eit steg ut på gata, så står eg der. Denne filmen er den finaste. Den får hjertet mitt til å banke mykje hardare enn vanleg:
(Og forresten Ida, kan me gå på den kafeen som dei er på snart?)

Eg kan ikkje fatte korleis eg skal greie å forlate den byen. Korleis eg fysisk skal pakke kofferten, ta toget til flyplassen og fly avgårde. Hadet Paris, hadet leiligheten, hadet til å sykle langs Seinen midt på natta.

Saturday, March 28, 2009

Mermaids

Eg og Benedikte var å svømte ein tidleg regnmorgon. Å flyte på ryggen i vatn er noko av det beste som fins. Etterpå gjekk me heim og såg "Breakfast Club" i senga, men me berre sovna. I kveld såg me "Breakfast Club" uten å sovne, det er ein av dei filmane eg mest glad i:

John Bender: "Does Barry Manilow know that you raid his wardrobe?"

Allison: "I don't have to runaway and live in the street. I can runaway and I can go to the ocean, I can go to the country, I can go to the mountains. I could go to Israel, Africa, Afghanistan."

Allison: "When you grow up, your heart dies."

Brian: "That girl is an island herself."

Friday, March 27, 2009

You wan't to sit down but you sold your chair

Sånn vil eg ha det:

Men så blir det meir sånn:

Thursday, March 26, 2009

Scan

Eg er på jobb og scannar ting. Måtte ta ein liten kosepause og scanna handa mi. Eg har ein liten, kvardagsleg kjærleikssorg. Eg lengtar heim til Joachim og Benedikte, for eg veit at dei sit og drikk cola og ser på Sex&TheCity.

Men, i skrivande stund kom ein smilande Benedikte med ein dose junk-food inn på jobben min, åh himmel, kor fint.

Heidi, 22 år

Wednesday, March 25, 2009

Ikke jeg. Heller

Men dette har jeg gjort i det siste:
Vært i Bergen å tatt bilder av jenter som lager kuk i trynet.
I dag skal jeg drikke øl å se et stykke Grad Prix som bare er for en liten eksklusiv gruppe i Trondheimstraktene.
I morgen kommer pappa.
Jeg har søkt på sommerjobb på en øde øy av hud

Hanne : kuk
Ragni : kuk

Tuesday, March 24, 2009

Eg bloggar.Ikkje.

Når det er lenge sidan eg har blogga kan du som les dette tenke: "No har Heidi det gøy i Paris." For når eg ikkje har tid til å blogge betyr det at eg har betre ting å gjere enn å sitje å eksponere meg sjølv på internett.

Den siste veka har det gått slag i slag, med besøk av Andi, Miriam og deira søte venner, besøk av Pappa og hans kjære, overaskelsesbesøk av Benedikte pressa inn mellom assistentjobbing og vintagebutikk-jobbing. Og så har eg drukke vin kvar dag.

Bilder kjem nok, men no skal eg kose meg med Benedikte, som skal være her til Fredag. I morgon skal me ha karneval.

Wednesday, March 18, 2009

Sykkelsesong

I dag kan me høyre på Bat for Lashes. Høyr:


Det er vår i Paris.Det fins 2 millionar menneske her, men eg er ikkje forelska i ein einaste. Eg kunne tenke meg å være så forelska at eg sykla om natta til huset til den eg var forelska i for å sjå om det var lys i vinduet, for så å sykle heim igjen å hyle i puta. HIT ME!

Den moderne mann

I dag kjem min pappa på besøk. Eg gler meg. For ei stund sidan snakka me på Skype; og han sa:

"Vil du eg skal ta med den DVD-boksen med Sex&City?"


Her har du ein moderne mann. Han har skjønt det.

Tuesday, March 17, 2009

Det verste eg har høyrt

Me var ute i går, og ein franskmann seier:
"We should have sex."
Me: "No."
Han:"You are not like the norwegian girls i've seen in pornomovies."

Han var dønn seriøs. Her har du guten som kjem til å døy åleine.

Monday, March 16, 2009

Don't call me past 11 PM, it won't happen again. You can call me at 10:59 but don't call me at 11 because that's my rule now.( "Yes Man!")

Dette har vore ei bra veke. Lang, slitsom, skummel og jævleg. I dag var eg assistent igjen. Bildeserien var for italienske Marie Claire, og det er klart at dette er farlege, seriøse greier. Profesjonelt. Eg får heilt hetta i sånne situasjonar. Stod i dag tidleg og vrengte klesskapet mitt;"Kva faen skal eg ha på meg?" Det gjer det ikkje betre at alle snakkar på fransk og eg står og prøvar å tolke som best eg kan og deretter gjere som best eg kan, og berre satse på at eg høyrte riktig. I sånne situasjonar blir eg kjempesjenert, og i tillegg måtte snakke fransk blir eg heilt paralysert av min eigen redsel. MEN, det gjekk bra. Det går alltid bra. Det er berre den heilt sinnsjuke panikken og nervøsiteten eg får før slike ting eg berre må drite i. For når eg først står der; i alvoret, så går det bra.

Erfaring. Bra.

Eg skulle ønske eg kunne blogge meir om sånne ting, men om eg skal kline alt dette her ut på den snuskete fyllebloggen min blir det som å grave si eiga grav. Men, fotografen eg var med i dag er fantastisk. Like før jul hadde eg dagdraumar om å assistere for han, eg hadde så lyst at eg venta i over 2mnd før eg turte å skrive ein mail. Og når eg først gjorde det så gjekk det bra.

Eg må lære meg å ikkje være så redd. Fy fan så redd eg er.

Når eg kom heim i kveld møtte eg dette herlege synet:
Ei gigantisk teppehytte over heile stova. Anna og klassevenninnene hennar feira bursdagen til Ayesha, me hadde vin og kvarandre.
Ayesha fekk presang, men vart mest glad for boksen. Ho hadde aldri fått presang i ein så fin boks før. Det minte meg om "Flight of the Conchords" når Bret får favorittboksen sin i posten.
Teppehytta var fantastisk, eit av nyttårsfortsetta mine var å bygge teppehytte. Check.
Me åt skogsbærpai, den var som ein draum. Den smakte som sommar, bestemor, rips frå hagen og sukkerbitar.



Ein fin avslutning på ei rar veke. Eg skal sove som ein bjørn i hi no.

Saturday, March 14, 2009

Saturday

Eg skulle ønske eg hadde mange juicy bilete og spennande eventyr å fortelje om, men for tida gjer eg fint lite anna enn å jobbe, og det stakkars ensomme kameraet mitt står heime åleine nesten kvar einaste dag. Eg hadde forestilt meg at helga kanskje kom til å bli sånn:

Men no trur eg den mest blir sånn: ...med tanke på at i morgon skal eg tidleg opp og være fotografassistent på det eg trur kjem til å bli ein veldig spennande dag. Så då er det kanskje like greit at eg for ein gongs skuld held meg heime med begge beina trygt planta på jorda, og ikkje på eit svett dansegolv.

Thursday, March 12, 2009

Kvinnedagen er over, tilbake til arbeid


Eg: "Eg trur eg skal begynne å gå uten sminke."
Joachim: "Ute liksom?"

Fy faen for ein reaksjon.

Gamle greier

Gamle polaroidar frå min ungdom, den sommaren eg var 17. Fine bilder, fine jenter. Eg er heldig, som kjem frå den merkelegaste vesle øya på kloden, der ingen låser ytterdøra si, og siste buss på laurdagar går klokka 15.00. Det gir meg muligheten til å utforske alt som er større, for det er ikkje eg kjent med. For meg er det sjukt å svirre rundt i Paris med to millionar naboar. Og eg kan alltid vende tilbake til sjøsprut og fjelltoppar. Og fine jenter:

Wednesday, March 11, 2009

Det som er i dag

Inne hos oss regnar det, i gryter og fat, drypp drypp ned på Anna mens ho søv.


Men ute er det vår, i går såg eg kirsebærblomar, i dag kjente kjente eg sol på skuldra for første gong sidan september. Og då blei eg glad, for eg skjønte at eg skal leve ein heil vår av mitt liv; kanskje to, kanskje mange, kanskje alle, i Paris.


Folk som søv er nydelege. I senga, i parken, på metroen, på skuldera. Anna og Joachim mens dei søv:


Og så slappar eg av med litt roleg bossanova:

Joao Gilberto gjer deg godt.

Gummo





"Gummo" heimsøker meg om kveldane. Den er så skummel. Snart må det slutte.

Ein gong hadde eg ein lærar som hadde sett ein russisk film då han var 19 år. Han hadde syns det var den dårlegaste filmen han nokon gong hadde sett. Likevel hadde han tenkt på denne filmen kvar dag i 10 år.

Film altså.

Monday, March 09, 2009

I could dance a flamenco alone but I don't

I går ba med dei svenske jentene på vin og kos hos oss. Dei er søte og snille. Det var fint, og etterpå gjekk me ut og dansa. Eg hadde med kamera, med det vart ikkje mykje til bilder:





I dag har eg sett paparazzifotografer i angrep på kjendisar. Skyt meg i kneskåla dersom eg finn på å ende opp som paparazzi.

Eg har høyrt på Susanna & the Magical Orchestra i kveld, som det er lenge sidan eg har høyrt på no. Det er fint, og eg får lyst til å sove foran ein peis. Sånn er det i leiligheten no:

Sunday, March 08, 2009

To all the ladies of the world

Eg elskar å være jente. Eg tråkkar i alle klisjear og salatar som inneber det å være jente. Eg trives blant jenter, eg beundrar jenter, eg er redd for jenter. Eg likar jenter som er sjenerte, eg likar jenter som er passe fine men som kan overbevise eit heilt rom om at dei er verdas finaste, eg likar jenter som ler, jenter som går i røde sko, jenter som gir faen, jenter som syng, jenter som har rare klede, jenter som drikk øl, jenter som får gutar til å bli stille, jenter som et mykje og jenter med lebestift. Og så likar eg alle dei under, av ulike grunnar. Mange nevnt, mange gløymt:
Zoey Deschanel, for ho er spennande og rar.
Charlotte Gainsbourg, for ho er mystisk.
Wenche Foss, evig ung.
Anna Karina, franskt sekstitall.
Tyra Banks, for ho er sprø.
Lily Cole, for ho er skremmande fin.
Joanna Newsom for at ho seier ting som at ho ville vore ein sjøhest om det var opp til ho.
Natalie Portman, for har føflekk i ansiktet, og det er noko av det finaste eg veit.
Miranda July, for alt ho tar i blir til gull.
Marilyn Monroe, for ho er heit.
Sharon Jones (eg vil ha det sånn som ho har det på dette biletet)
Scarlett Johansson, for ho er sykt fin.
Samantha Jones likar eg kanskje aller mest.
Joni Mitchell som får meg til å grine.
Jenny Lewis, som kan skrive nydelege tekstar.
Jenny Wilson som syng.
The G-dog. Can't tame her.
Coco Chanel. Sjå på ho då.
Feist som er søt og tøff samtidig.
Chloe Sevigny som er kul.
Cat Power som har vært på fylla.
Og Britney, sjølve KVINNA.

Eg avsluttar med denne:

Teksten lyder «8. mars er dagen for arbeiderkvinnenes opprør mot kjøkkenslaveriet«.

Gratulerer med kvinnedagen.



Saturday, March 07, 2009


Detter er Domen med spenstig lysshow på seg.

En fin lørdagsmorgen har nå blitt til en fin lørdagsformiddag. Frokost med avis og kaffe i en kanne. Stearinlys og god musikk. Jeg har hørt på noe av det fineste jeg vet om av musikk: Richard Buckner. Jeg hører ofte på han når jeg er alene, da er det bare han, meg og verden.

I dag er det grått ute. Jeg hadde et ønske om at det skulle regne som bare det i dag, slik at all snø kunne forsvinne også kunne det komme sol og vår og blomster i grøftekanten, folk kunne gått med småsko og sendt flørtete blikk over en lav sko. Grilling i parken og øl i offentligheten,kjoler og farger, blader på trærne og sykkel, men kald temperatur og grått er alt jeg får.

I går gikk det opp for meg at jeg er glad i nrk og for at jeg er norsk. At det er fint og ta det rolig en fredag i lag med seg selv. At jeg liker sommer bedre enn vinter og at jeg savner venner som ikke er i Trondheim.

Detter er moro: http://www.diskusjon.no/index.php?showtopic=1081461
Liker litt at folk er villige til å jobbe så mye for pupp, Yeah. Bra jobba, jente!

Fisken

Men eg trur ikkje på kjærleiken når eg og Fleet Foxes sit på metroen på veg til jobb ein ubehageleg lørdagsmorgon, foran meg sit det ein mann og ei kone, dei har barnevogn og er på ferie i Paris, kona tenker at dette er verdas mest romantiske by, no skal me ha det romantisk, hvis me ikkje kan ha det romantisk her kan me aldri ha det romantisk. Men nokon har gløymt å fortelje ho at Paris er ikkje verdas mest romantiske by, det er ein by full av hundebæsj, uteliggarar og folk som berre går rett forbi. Dei sit på to seter med barnevogna foran seg, ho legg seg over han og legg munnen over hans, han sit med ryggen halveis til, og føttene peikar frå ho, som om han er klar til å leggje på spring når som helst, han vil ikkje kysse og strammar munnen til ein hard liten knute, men dette er romantisk tenker ho, han ser ut som ein fisk som akkurat er dradd opp av havet, han stirrar tomt ut i metrovogna mens munnen hans opnar seg rytmisk, som ein fisk som gispar etter luft like før han kveles av oksygenet. Han pressar seg så langt han kan ut på setet, men kona berre legg seg etter og ansiktet hennar er som ein puslespelbit som ikkje passar til hans puslespel. Han har framleis auga opne, det ser ikkje ho, han kunne tenke seg å være ein annan stad, kanskje åleine på hotellrommet, eller på konsert, eller heime, eller kanskje berre åleine.

Friday, March 06, 2009

Jag tror på kärleken...

1. Når nokon eg kjenner har blitt kjærast med nokon dei har vore hemmeleg forelska i i over tre år.

2. Når eg får postkort der det står "Hei Heidi. Jeg har kysset en gutt."

Thursday, March 05, 2009

Don't worry, he's from the internet.

Spør du meg kva som er den beste bloggen på veven; svarar eg utan å blunke Dontworryi'mfromtheinternets. Her bloggar Johannes, verdas beste nynorskbloggar, om sine interesser; fart, spenning, internett, amerika, sykkel, drinkar, damer og andre personopplysningar.

Les den.

Fuglane

Eg fekk lov å lage mangemangemange små origamifuglar på jobben og henge dei opp i vidauget. Det blei ganske fint, og dei fyk forsiktig fram og tilbake ved kvart minste vindpust.

Tuesday, March 03, 2009

Dagens duglighet


Etter den søte kløe kommer den sure svie. Men i dette tilfellet er det snudd. Det beste til sist, den som ler sist ler best. Fra og med i dag til og med onsdag 11. mars må jeg sitte med skoleoppgave. Skrive, tenke og klø i hodet mens jeg titter ut av vinduet og håper det snart blir vår. Men fra og med torsdag 12. mars er det søt søt kløe: Ragni og Caroline møter verden i perfekt harmoni. 07:40 på Flesland, for deretter kjærleik i byen med de syv fjell hos jentne som ikke er redd for å si promp.

Det blir småsko, leik, kjærleik, bysjarm, dialaktfest flott komponert i en fanfare av melankoli og elsk til nuet.

Monday, March 02, 2009

Byen er ein kropp, metroen er blodårene, og eg eit eit lite kvitt blodlegeme som flyttar meg rundt for kvart hjarteslag.

  1. Me møtes. Eg kan ikkje hugse om eg gav telefonnummeret mitt.
  2. Klokka er 6 om morgonen, og det er søndag. Me er begge på vei heim og me møtes tilfeldig ein stad i Avenue Parmentier. Eg hugsar at eg gav telefonnummeret mitt.
  3. Me møtes. Denne gongen er det ikkje tilfeldig. Eg bur i den eine enden av linje 9, du bur i den andre. Me står på kvar vår side av perrongen og vinkar til kvarandre før me reiser i kvar vår retning.
  4. Denne gongen kjører me i samme retning.
  5. 10 dagar etter går eg av linje 9 og ser eit kjent ansikt inne i vogna, like før dørene blir lukka. Me rekk akkurat å vinke.


Rosa 2




Rosa


Sunday, March 01, 2009

Me dansar i Paris

I går spela Prins Thomas, som er søskenbarnet til Anna, i Paris. Me dansa. Det førte til gnagsår, glede og raude kinn.

Dance-Hair.
Caroline, Ragni og Johannes; hugsar dykk desse to?


I dag har me berre vore heime og ete kinamat, fått besøk av Ida og sett "Science of Sleep". Og lekt meir med webkameraet mitt.

Stephanie: "Tell me what you want me to do."
Stephane: "I don't know. Maybe touch my hair or something."
It's fun to stay at the Y.M.C.A.

Blog Archive

Follow that blog!