Friday, February 27, 2009

I googled murder

I dag har min jobb vært å finne gamle retrobilder på google, herlig jobb!







Thursday, February 26, 2009

CocoRosieiloveyou




Dei bur heilt i sin eigen verden, med teppehytter, videokassettar, barneleiker og herreuniformer. Dei har skapt sin eigen klode, den som dei trives best på. Å kor eg beundrar dei.

Wednesday, February 25, 2009

Velkommen til bokbaren

I jula hamstra eg det eg trudde var ein dugeleg bunke med bøker, som skulle halde seg til litt utpå våren. No har eg snart lest meg gjennom mine bøker, Anna sine bøker og Joachim sine bøker. No søker eg ei bok som skal være sånn at mister nattesøvnen, for eg greier ikkje å leggje den frå meg om kvelden, og at eg kjem til å savne den så mykje etter eg er ferdig å lese den at eg begynner på første side igjen. Den kan godt handle om kjærleik, og ha mange historiske og populærkulturelle referansar.

Kan nokon hjelpe meg med å finne ei slik bok? Eg tar med stor takk imot boktips.

Tuesday, February 24, 2009

Når vekkerklokka står på 12

Mandag er ein bra dag, for då har eg fri. Ein fridag i Paris er som eit par reine sokkar; klar til å brukast.
Eg og Joachim åt lunsj med Ida. Ida er powerwoman og har ein viktig jobb på kontor, med rapportar, ambassadørar, krig, fred og champagne. Kaptein-Ida.
Joachim var klar med jobbsøknad. We can do it!
Eg og Joachim gjekk på cafe. Det gjekk an å sitte ute, for våren har begynt å kviskre oss i øyret. Me såg på alle som gjekk forbi, gamle ektepar som leier, skinnbuksemenn, bygdeoriginalar, franske fjortisar, velkledde pariserar og forvilla turistar.
Honey, lay off my shoes, don't you step on my blue suede shoes, you can do anything but lay of my blue suede shoes.
Eg har ei rødhettekappe og er svært fornøgd med det.

På kvelden gjekk eg og Ida tur i Parc des Buttes Chaumont. Det var litt skummelt, og me fann ein død fugl. Til våren har me store planar om å liggje der i tynne klede og drikke vin, for så å etterpå gå ned til Point Ephemere, der menneska skal være varme og ølen kald.

Og hvis du vil kan du høyre på denne songen, for den er nydelig:

Monday, February 23, 2009

Hvem savner jeg i dag?

Me låg på golvet og snakka med Ida på Skype. Eg satte kamera på stativ og tok bilder av oss, slik at me kan sjå tilbake på dei ein gong å tenke på tida då me var unge og ville i Paris.


I dag har eg savna Norge. Eg har savna alle menneska, som er så kjente og trygge. Dei som snakkar eit språk der eg forstår kvart einaste ord, og eg kan ordlegge meg akkurat som eg vil, for dei forstår. Eg savnar å kjenne til alle sosiale reglar. At hårfargen min er ikkje samtaletema kvar gong eg møter nokon første gong. Eg vil ikkje møte fleire amerikanarar som seier; "Yeah, we should totally hang out this week.", men så høyrer ein aldri meir frå dei. Eg savnar at ting er vanlig, sant og ekte. Eg savnar å ha brød i butikken. Eg fortalte Anna om Norgesavnet mitt, og ho hadde følt akkurat det samme i dag. For sjølv om me har det fantastisk i Paris, er det også mange ting eg savnar så mykje at eg berre må lukke auga og hyle ned i puta. Venner, familie, aviser, store koppar med svart kaffi, hav, leverpostei og klemming. For det er ein ting pariserane ikkje gjer. Ein kysser kvarandre på kinnet i tide og utide, men ein god klem får du ikkje.

Ordet nostalgi betyr direkte oversatt frå gresk sjukeleg heimlengsel. Det er den smerten eit sjukt menneske føler fordi det ikkje er i heimlandet sitt eller fryktar å aldri meir få sjå det igjen.

Og i dag har eg vore nostalgisk og søkt etter alt som er kjent. Då er det godt å komme heim til to, som er kjente, snille og varme.

Sunday, February 22, 2009

My hair hurts

Eg skal aldri meir drikke Caipirinha's.

Joachim sendte melding feil til meg i dag, som egentlig skulle til Ida; "Altfor mye rart. Men det var verre med Heidi."

Thursday, February 19, 2009

Prinsar og slott


I dag var det første dag som assistent, klokka fem i dag tidleg åma eg meg ut av senga, nervøs som ein ming-vase. Heldigvis gjekk det bra, det var fantastisk gøy, me var på eit lite forlatt slott på landsbygda. No vil eg berre høyre på Cat Power's "Sea of Love" og soooooove, mens eg drømmer om fransk rødblomstrete tapet og støv i vinduslys.

Wednesday, February 18, 2009

Origami

Eg har aktivisert meg sjølv i dag og lært å brette origamifuglar. Etterkvart blei eg avhengig, og greidde ikkje slutte å brette. Eg skal henge dei opp i taket. Snart skal eg avansere, og brette hus, elefantar og jet-fly.

Slik ser det ut når dei flyr:
video

Vesleguten

Silje kom på besøk, og kløppte like greit Joachim. Det var gøy.

Etterpå var me ute og møtte 500 partysvenskar som ville me skulle ta dei til ein bra stad. Me ville aller mest heim, og greide å rømme på vegen. Me sykla så raskt me kunne heim, det var midt på natta og me sang "I am the Walrus".

Tuesday, February 17, 2009

Slik at dykk kan sjaa at eg har det bra

Dette er min utsikt om dagen. Her sit eg og bloggar om teselskap og pin-up damer, seier "Bonjour" og ordnar, knipser, knappar, mailer og printar.

I dag fekk eg postkort med fisk paa av Hanne. Seinare skal eg mote gammal veninde, vaere wingmang og drikke vin. Midt i veka.

Få selskapet til selskapssiden!


For tiden har jeg ofret all min tid til å få skitt på klærne, sår i hånda, stress i hodet og vondt lukt under armene: vi pusser opp et utested.
På fredag åpner nye Selskapssiden på studentersamfundet i Trondhjem. Det blir skandinavisk design, uventede elementer, ny lyd og lys og dj Vinny Vilbass og gratis champagne. (full og sliten Caroline)



Dette er et bilde av hvordan det skal bli i rommet der Dj og dansegulvet skal være.

Me bur i første etasje

"Hadet Heidi!"
"Hadet Joachim!"

Mammaen til Anna er på besøk. Det er fint, familie er ikkje lenger enn ein flybillett unna. Joachim sa han elska meg i dag, eg elskar han også. Nei, me er ikkje kjærastar, heller ikkje søsken. Det går an det.

Monday, February 16, 2009

En bitteliten n står alene på et fjell

Denne videoen har eg leita etter langt om lenge. I dag fant eg den. Den er noko av det finaste eg hugsar frå barne-TV då eg var liten. Hadde tatt den opp på video, og spolte fram og tilbake. Eg trur interessa mi for melankolske kjærleikshistoriar går way back.

Best of Kval&Actionfilm


Eg elskar desse bileta.

Sunday, February 15, 2009

Eg saknar Bestemor, og har mange ballar i lufta.

Eg er slapp i bloggen om dagen, slenger inn eit par bilder frå leilegheita eller eit YouTube-klipp innimellom. Det er fordi livet som Marie Antoinette(drive dank og bruke opp fedrelandets pengar i Paris) er over. Eg er i arbeid. Det har vore veldig fint så langt, eg lærer språket betre for kvar dag som går og får gjere ein masse fine ting. Snart skal eg arbeide meir, og på torsdag skal eg være assistent for tidlegare nevnte fotograf, og eg trur det kjem til å bli sjukt spennande, eg har sett nokre location-bilder og det kriblar i alle nerver. No har eg helg, eg sov lenge i dag, og såg "Nytt på nytt" i senga då eg våkna. I går var det Valentines Day i Paris, det var heilt jævleg med turistar som stod og klina oppetter kvart einaste gatehjørne og metrovogn. Det er småflaut og klamt, men eg greier ikkje å la være å like det litt. Eg serverte rosa te og hjartesjokolade på jobben og såg mange menn med roser i hendene og kinna som gjekk forbi på gata. Eg sjekka mobilen min kvart femte minutt. Bestemor hadde bursdag, eg ringte ho, og det var fint å høyre ei bestemorstemme i telefonen, og det var det som varma mest i mitt hjarte i går.

Her kjem litt amour frå meg til deg. Klining er bra. Det er ein hobby. Som brettspel, hekling og glassmaling. Det er det som gjer "Kjell frå kontoret" til å føle seg levande etter arbeidstid.






Klin du og, heile året.

Thursday, February 12, 2009

Tysk stilleben 1889

(Fransk sit-com 2009.)

Frokost-Tv

Eg et frukost til det her. Det er så fantastisk at eg nesten må holde til for auga avogtil.

Tuesday, February 10, 2009

Muse

Eg ønsker meg ein muse, og den skal være enten litt sånn som Devendra Banhart:



Eller litt som Feist:


Monday, February 09, 2009

Lived in bars

Det er mandag i Paris, for det blir mandag her også. Det har regna heile dagen, og eg har vore på Montmarte med paraply. Sånn er det heime hos oss akkurat no:

Anna kviler i senga mi.

Joachim held kontakten med gamlelandet.

Eg heng med fletta, som Rapunzel.

Det som eg tenker på...

Eg tenker mykje på denne filmen:





Og har denne songen på hjernen:

Det er ein snurrig kombinasjon.

Sunday, February 08, 2009

Kunsten å være kval

Holga av holgadronning Mari, som forøvrig har verdens beste blogginnlegg om dårlig sjekking.

Avogtil kan eg kjenne at byen kryp innunder huden på meg. At den forandrar meg. Eg kan nesten kjenne at hjartet frys sakte i brystet. Eg sluttar å sjå opp mot himmelen, eg sluttar å sjå rundt meg, eg går raskare, og avviser alle utanfrå som prøver å få kontakt.
Ein gut på metroen, som igrunn var ganske søt, så søt at eg hadde lagt blikket på han to gonger satte seg ved sida av meg og sa:
”Kva språk les du på?”
Eg:”Norsk.”
Han:”Er det litt som tysk?”
Eg:”Nei.”

Eg fortsatte å lese.

Han:”Det syns eg.”
Han:”…”

Eg må passe meg, før eg stivnar heilt under genseren. Eg må ikkje gløyme å sjå til sida avogtil, eller sjå kva farge himmelen har over dei lyse bygningane. Hvis ikkje blir eg som ein hai, med tomme svarte auge, som må svømme fort framover for å halde seg i live, i havet heilt åleine.

Wednesday, February 04, 2009

Joachim du må våkne

Eg er far i huset og drar på arbeid om morgonen. Så langt har det vore som ein draum; svart te med melk, blogging, rødmaling, photoshop, kjolar i knitrande stoff, makroner, CocoRosie og naiv fransk.

Tuesday, February 03, 2009

4 filmsitat om håplaus kjærleik og frustrasjon

”Det fins tvåhundratusen brudar i denna stan, och jag känner bara sju.”


Enid: “We need to find a place where you can go to meet women who share your interests.”
Seymor: “Maybe I don't want to meet someone who shares my interests. I hate my interests.”



Joel: "Why do I fall in love with every woman I see who shows me the least bit of attention? "

Richie:"I can’t stop thinking about you. I went away for a year and it only got worse and I don’t know what to do."


Monday, February 02, 2009

Animalpersons

Denne veka har det skjedd mykje på kort tid, og det har egentlig vore ganske fint. Eg har greidd å få meg to slags jobbar, og eg er ganske fornøgd, men litt redd. Den første er den beste, og det er at eg får være med som 2assistent for ein fotograf når eg trengs. Det blir berre avogtil, men denne månaden får eg iallefall være med på eit slott utanfor Paris for å gjere ein serie. Skummelt, men spennande. Eg veit ikkje kor mykje eg kan blogge om det, men det kjem nok meir seinare. Den andre jobben blir å jobbe i ein kjempefin liten vintage-shop, og eg får gjere fine ting som å arrangere teselskap, lage flyers og oppdatere blogg. Det skal eg gjere med glede, og eg gler meg til å komme igang med alt dette. No kjem nok kvardagen til å bli ganske annleis, det blir slutt på å sitje heime med koppen i handa. Eg kjem ikkje til å bli rik, men det blir bra for språk og erfaring.

Eg feira med å danse natta lang på fredagen, og resten av helga såg slik ut:
I går var eg i dyrehagen med Anna og hennar klassekameratar; Engeli og Priscilla. Dei har om dyr på teaterskulen no, så dei var der for å studere korleis dei er og kva dei gjer. Eg var der for gøy. Me vart som små barn, og såg kenguru, krokodille, slange, geit, apekatt og mange andre pelsklumpar.
Eg likte aller best flamingoane.

Frosken mangla berre krone, så hadde den vore perfekt froskeprins.
Eg såg på kaninene. Dei var sjukt søte, men eg er så allergisk at eg såvidt kan sjå på dei. Cute killers.
Etter alle dyrene gjekk me heim til Priscilla og lagde herlig vegetarmat og såg på dokumentarar om enda meir dyr. Det føltes best å ete vegetar etter alle dyra.
På kvelden var eg, Joachim og Ida på La Caravan og gjorde ein øl. På siste metroen heim kom ein syngande gjeng inn i vogna vår og fekk sjølv den suraste parisar til å smile som filurkattar.
I dag sov me sakte og lenge. Etterpå drog me på familieutflukt til ein grønn kafè med masse kaker. Her er eg og Anna.
Alle hadde med seg bok. No les eg "Bienes hemmelige liv". 2009 har allereie vore eit bra leseår. Paris er generelt ein leseby. Då Benedikte var her påpeika ho at i New York hadde alle iPod på metroen, men i Paris har dei bok.
Joachim les Tore Renberg.
Anna les "Bly". Me er begge litt forelska i hovedpersonen, Kim Karlsen.
Me las. Eg såg for det meste ut vindauget og åt kake.
Ida kom med enda meir bok; "Zen and the art of motorcycle maintenance".
Eurotrash på McDonald. Eg følte me var ein familie.

God natt.

Sunday, February 01, 2009

Jemainisms

Andre sesong av Flight of the Conchords er godt i gang, og eg har sett begge episodar altfor mange gongar allereie. Jemaine står fortsatt hjartet mitt like nært, this goes out to all the ladies.

Blog Archive

Follow that blog!

Kval&Actionfilm?

My Photo
Heidi og Caroline
Dette er ein blogg om to. Caroline i Oslo, Heidi i Paris.
View my complete profile