Saturday, January 31, 2009

Fisk og fitte, sa eg til meg sjøl

Eg kan bli venn med alle unntatt dei som e kjedelige.
Ånei, ropte vi.
Man kunne se gjennom gardinene fra begge sider, godt det ikke var krig. Eg fekk et bord. Miriam ronke med sæ sjæl. Noen ganger er det passé med blomster.Godt at me huska å t med jakke. Kjøttsleiva var på tilbud. Rognebærene gav seg ut for å være epler, men sure var de uansett. Stekes på lav varme. "Igjen, igjen ropte presten og løp. Mormor smilte fra gyngestolen. I dag kom Yoda også. "satan" tenkte Barnum mens han forbannet Fred som aldri kom hjem, nå satt han der med mor som var syk, og Boletta som var på Nordpolen og drakk øl. I dag blir det aldri grønt, sånn we det hver Tirsdag. No vil eg ikkje meir. I siste liten, han e den typen ja. Nei, jæ veit ikke jæ. Sopp sa se, å jakka.

Friday, January 30, 2009

Bill Murray,i love you





Thursday, January 29, 2009

Francoise Hardy

Eg høyrer gjerne på franskt sekstital. Og ser på. Og tenker på.

Tuesday, January 27, 2009

Mr.Nice

Dette er Joachim, ein del av ein amerikansk overklassefamilie. Han er ein JA!-person, glad i å lage mat, aktiv, engasjert og ærlig. Glad i kafèbesøk og leik i parken. Han er alltid i godt i humør, og har ein elegant framtreden.Tar alltid vare på sine næraste, Joachim er ein sånn fyr du alltid kan ringe til når livet er leit, han gir deg blanke ark og fargestiftar til.

Bill.Mrk. "E-Mail My Heart"

Monday, January 26, 2009

Going online

Nokon spurte om dei kunne få blogge meg, eg sa ja og takk for gratis reklame i desse jobbsøkande tider.

Den finaste draumen

Då Karianne var på besøk hos meg fortalte ho meg ein morgon at ho hadde hatt ein draum om bittesmå rosa svanar, eg var ganske trøtt då ho fortalde meg det, men eg trur det var slik at dei var gøymt inni graset, og at ein måtte trø forsiktig for å ikkje tråkke på dei. Eg trur det må være den finaste draumen eg nokongong har høyrt om, og eg ser for meg at det kunne vore som i eit Tim Walker bilde:



Eller berre drømte eg det, Karianne?

Sunday, January 25, 2009

Det er søndag...


...og eg skulle ønske eg var på Mormors.

Saturday, January 24, 2009

"Kiss me."

I alle eventyr er det alltid sju. Sju hjelparar og sju dvergar. Eg fekk besøk av sju venner i forrige veke, først var det seks, men så kom Hanne på overaskelsesbesøk, Ragni vart så overraska at ho nesten vart litt streng. Me drakk vin og åt ost på kveldane, var på Pompidou, gjekk i butikkar og på kafear. Eg tok litt ferie sjølv. Ragni bestemte seg for at Chèvre var det verste ho visste, og det vart resten av turen eit hett tema. Etterkvart fekk ho også overbevist Marius. Hanne såg ein som kyssa ringen sin, Kaptein Sortebill. Eg var sjuk, og smitta etterkvart halvparten, Marte vart liggande i senga i to dagar, det var dumt, men ein kan jo sjå på det som ein ekstra avslappande ferie. Me lagde middag til 10 personar på vår bittelille kokeplate, og det var meir til overs. Marte hosta ut tanna si på metroen, det er kanskje det sjukaste eg har opplevd. Ein dag var me på Montmartre, og Johannes og Marius vart svindla på beste turistvis, me meinte alle det var til pass for dei. Me haldt humøret oppe og køyrte karusell. Eg hadde lasta ned nyaste episode av Flight of the Conchords, me såg den. Me var på eit spennande nachspiel i ein syk leilighet med kyllingar i taket og tørketrommel til bord. Eg skulle ønske alle eg kjente også budde her, det er kanskje det verste med Paris, dei som ikkje bur her.
La Perle.
Blonde jenter. Kan setje den mest standhaftige franskmann ut av spel.
Johannes, 10 minuttar etter han vart svindla. Fortsatt med humøret i behold.
Pomidou.
Denne skulpturen likte eg. Ragni i bakgrunnen.
Pompidou.
Johannes med kartet.
Me var på Mad Vickys Tea Gallery, det er folka i CocoRosie som driv det, og dei hadde ein kjempespennade utstilling med eit rom ein kunne krype inn å sjå på TV og leike i. Drømmerom.


Me tok passbilete, og forelska oss like greit i denne karen som hadde verdas kulaste passbilete.
Hit skal eg tilbake.
Eg saknar dykk.

Thursday, January 22, 2009

Eg skal aldri meir være ensom

Eg har to nye venner, Erling og Bernt. Me fann dei på gata, og tok dei med til hjerterom og husrom. Dei er fine å komme heim til, og til å henge ting på.

Og ny hatt, brukt med stor suksess allereie to gonger. Nyttårfortsett.

Heime hos meg

Eg stjal dette biletet frå bloggen til Karianne for å illustrere meg sjølv akkurat no, foran dataen, i full sving med kontorarbeid. Etter alt det trygge og koslige besøket eg har hatt er det på tide å klaske seg sjølv i ansiktet og ta kalde dusjar om morgonen, for no er det Karriere som står på plakaten. Eit ord som er fullt av stramme nakkemusklar, usunne måltid, papir, koffertar, panikkanfall og stillesitting.

Wednesday, January 21, 2009

Lis er stille

Nokon på Flickr har laga ein teikning av biletet mitt. Det syns eg var gøy.
No har eg hatt besøk i ei veke av Caroline,Ragni,Marius, Synnøve, Hanne, Marte og Johannes. Eg fulgte dei nettop til flytoget, for så å komme tilbake til tom leilighet. Eg skal spele "All by myself" med Celine Dion og ete sjokolade.

Wednesday, January 14, 2009

Heidi...

...Nå kommer vi å tar deg!

Monday, January 12, 2009

Eg angrar ikkje

Eg fekk ikkje webkamera til jul i 1998, men i 2008. No er eg kobla opp til verdsveven med lyd og bilete og klar for Skype dag og natt. Me leikar med kameraet istadenfor å støvsuge.

Her kjem ei helsing frå alle oss i Rue Raffet. Me skulle synge Edith Piaf for dykk, men oppdaga raskt ei mystisk errormelding på skjermen. Legg merke til ubetalelige ansiktsuttrykk.
video

Besøket



Eg har hatt besøk av to med briller. Og ein uten. I dag reiste den siste. No sit eg med ein forkjølelse og ventar på nyttårets inspirasjon.

I går var me på eit nydeleg loppemarked der det var gamle damer og menn som dansa swing og drakk vin. Stemningen dogga på brillene.

Life on Mars


Friday, January 09, 2009

Blindern


I går var jeg med Andreas på Blindern, eller Blinderen som kval ville si.
Vi tok trikken opp dit og t-banen ned, jeg følte meg urban. Å ta trikk til skolen
er som å få halve med sjokolade og halve med tutti-frutti på softisen, en spennende blanding som skaper glede og harmoni,men samtidig er ny og spennende.
På Blindern var det stort, større enn Dragvoll. Det var grønne lamper på
lesesalen og voksne studenter med tunge bøker. Jeg kjøpte meg en pensumbok, tok fatt på det nye stoffet og prøvde å fremstå som at det å sitte på en lesesal på Blinderen var den største selvfølgelighet, selv om jeg følte alle kunne se at jeg ikke hørte
til der, at det var noe rart med meg,foreksempel sånn man kan føle at folk ser på en om du skulle ha hatt en fyldig bart der det ikke bør være fyldig bart eller at det sto skrevet fy-ord i pannen min.
Da det var tid for lunsj kunne vi spise suppe, jeg pratet med en kokk fra stavanger som så ut som en sjømann, han anbefalte suppen og jeg tok han på ordet.
Etter lunsj måtte jeg snike inn en kopp kaffe, for på Blinderen er det strenge regler og enda strengere biblotekarer, jeg svettet litt under armene og koppen kjentes veldig tung i det jeg snek meg inn med en kaffelatte(snobbekaffe for en undercover student).
Boken jeg skal ha i pensum heter "kunstens filosofi" den er dansk og svevende. Men jeg måtte fnise der jeg satt på oh store Blindern, under grønne lamper å leste følgende setning i min danske bok "kan lort på dåse være kunst?" fnis-fnis og god stemning, det var på tide å dra igjen. T-bane. Osloby. Buss. Tidenes sureste busssjafør. Lørenskog. Sofakrok.

Glasauge

Det tok meg ikkje mindre enn eit halvt år å få månedskort på metroen. Tidlegare har eg reist på småbillettar, luft og kjærlighet. Eg har søte brilleslangar på besøk om dagen. Altså Åsmund og Karianne. Meir kjem.

Monday, January 05, 2009

Ein tsunami av mat og venner

No skal eg skvise heile jula inn i ein mager blogg.Eg har hatt det veldig bra, med familie, god mat og gode venner. Eg har vore i både Bergen,Oslo,Stord og Stavanger, og fått møtt mange fine.Eit perfekt opphold i fedrelandet.
Ann-Sirèn lagde magisk julebord til magiske jenter og ein hoppande hund.
Hunden hoppa og jentene skreik. Gutane dansa og jentene gret.
Nikon-jentene.
Eg var hos Hanne for å sjå på juletre og etterpå var me på fest på skulen hennar, der var det betasuppe og heimelaga øl.Me dansa som om ingen såg på.
Ragni. Eg og Ragni kidnappa mange. Dei fleste blei veldig glade, unntatt ein som stritta imot alt han kunne.
Nyttår hos Julie med utsøkt mat og selskap.
Prinsessetvillingar.
Godt nyttår.
Alle saman.
Og så blei alt svart.
Eg var i Oslo for å gå på Kaffistova med Caroline og Synnøve, drikke øl, og besøke Bikubo.
Andi hadde laga fine flettar på Elisabeth.
Å møte Synnøve var som ein liten forrett på det som kjem.

Actionfilm.
Me leikte vampyrar, utan blod, men med blåbær. Eg lo så det gjorde vondt.

Lyden av å hoppe i senga med Andi.

No er eg tilbake til verdensbyen.Eg såg ein mann grine på flyplassen. Vips var alle blonde toppar og allværsjakker vekk. Pardon, ikkje unnskyld. Åsmund er i byen. Anna møtte meg med klem og fruktsalat. Godt å være heime.

Kval og Actionfilm




Det vart heldigvis rom før eit møte mellom Kval og Actionfilm i jula. Det var akkurat som det skulle være, ein blanding av faenskap og kos. Som lyn og torden.

Saturday, January 03, 2009

Nyttårsdraumar


Det skal være vår, eg skal være på ein båt på Seinen med Anna, om eg treff igjen guten med sykkelen og FM2’en skal eg ikkje være redd for å smile tilbake, det skal bli påske og eg skal køyre med nokon til sydkysten, eg skal byggje ei teppehytte i stova, besøke Trondheim og gå alle dei gamle vegane mine, eg skal få meg eit puslespel med tusenvis av brikkar og naturmotiv som eg skal leggje på golvet, eg skal gå med røde sko, det skal være blomar på trea og t-skjorter på gutane, eg skal sykle uten jakke ned bakken til Eiffeltårnet mens eg høyrer på Depeche Mode, til sumaren vil eg arbeide som budeie i Gudbrandsdalen og eg vil gå meir med hatt.

Takk for det gamle


Eg står på loftet til Bestemor. På dette rommet budde far min då han var liten gut og eg berre var ei stjerne i melkeveien. Mest sannsynleg du også. På døra heng fortsatt ein gammal cowboy med teksten ”TOP SECRET”. No er mest gamle musefeller, bunadar og eit spøkelse som bur der.Hvis du står der like etter klokka 15.00, då sola byrjar å gå ned i vest, treff solstrålene blondegardinene og kastar gullblonde over alt dei treff. Det varar berre nokre få minuttar og like etter ropar Bestemor at det er kaffi.

Thursday, January 01, 2009

Den minste bloggen

Eg er ein dårleg julebloggar. Har berre vore så oppteken med å sjå på fjersyn og ete kromkaker.

Blog Archive

Follow that blog!