Wednesday, November 11, 2009

La piscine


Ein ting eg vil berømme Frankrike for er at det er så billig å gå i svømmehallen. For ein symbolsk pris får ein plaske rundt med små franskmenn i små badebukser. Alle må ha på badehette, og det er litt fint, for alle ser like rare og uskyldige ut. Eg likar å sjå på dei som kjem ut i hallen, og kanskje føler seg litt bleike og slappe, korleis dei sjenert plumpar ut i vatnet og etterkvart løsnar opp. Og eg skal ikkje sei at eg ikkje ser på korleis herrane ser ut i dei små badetrusene sine. Det eg ikkje likar, er dei som plaskar veldig, for no er me i byen, me bur tett og svømmer tett, og då er det ikkje greit å plaske på naboen. Det beste er etterpå, når ein er ferdig og skal ta på seg skoa ved utgangen, og alle menna i mørke dressar står barfot i gangen. Då er dei søte.

2 comments:

Anonymous said...

åh jag vill gå till simhallen med dig.M

Anonymous said...

La piscine er et fint ord. La plage derimot, er gyselig.

Alle bilder på denne bloggen tilhøyrer oss, om ikkje anna er nevnt.

Kval&Actionfilm?