
No har eg vore i Noreg i nesten to veker. Så langt har det vore heilt fantastisk. Eg har ikkje fått tid til å savne Paris eit einaste sekund, unntatt då dei viste noko fra Paris på tv, då fekk eg samme følelsen som ein får når ein er forelska i nokon veldig, veldig langt vekke.
Men no er det Oslo. Her drikk ein øl frå brune glasflasker, og lagar maten utandørs når været er fint. Ein kyssar ikkje kvarandre på kinnet når ein møtes, ein treng nesten ikkje helse i det heile tatt. Alle har ein felles forståelse for at "det er ikkje så farlig". Tonen er lett, alt er upretensiøst. Om ein vil ha noko på andre sida av bordet spør ein ikkje om å få det tilsendt, men ein strekk ein lang arm over heile bordet, for unødvendig konversasjon er overflødig. Det heiter ikkje lenger musserande, det heiter Cava, og det er det beste alle veit. Alle er uniformert i gladiatorsko, hodebånd og tights. Det treng ikkje være flatterande så lenge det er trend. Ein treng ikkje sjå kvarandre i augene når ein skålar, alle mine forsøk på å gjere det har mislykkast. Den konstante angsten for "tenk om det ikkje blir nok mat", eller å ikkje bli full nok. Allværsjakke og shorts i kombinasjon er det mest praktiske. Etter klokka 00.00 er det ikkje lov å leige bysykkel, med fyllesyklande nordmenn som god grunn. Får ikkje lov, sjølv om du er voksen. Men, det er jo sosialdemokrati, og det skal me være glad for. Søte,vesle Norge.
Det er så snurrig her. Det er Oslo som gjer det. Eg kan landet, men ikkje byen. Syklar rundt med kartbok og kan ingenting. Eg kjenner alt, men det står på feil plass. Kor er heime?

1 har sagt noko.:
shit, eg elskar at orda dine alltid står på rett plass
Post a Comment