Tuesday, May 19, 2009

Tips til Ann-Helen og resten av verda

Eg skulle skrive nokre Paris-tips til Ann-Helen, men og så tenkte eg at eg like gjerne kunne skrive dei på bloggen, slik at heile verda kan få lese dei, og eventuelt du som pakkar kofferten og reiser på einveisbillett til Paris etter å ha lest dette:

-Fine kafear og barer:

Cafe Cheri
Metro Belleville, 44 Boulevard de la Villette

Ein kafe med gamle skulepultar og stolar til kafebord. Fint å sitje ute i kveldinga og ta ein øl. Trådlaust internett, bra stemning, klientellet er ein blanding av studentar og gamle ringrevar.

L'Imprevu

Metro Rambuteau, 7, Rue Quincampoix
Ein mørk og krokete liten kafe, kanskje favoritten. Her fins VERDENS beste Chai Te, å leve eit liv uten å smake denne teen er bortkasta leving.

Cinquante
Metro Jaques Bronsergent, 50 rue Lancry
Fin bar med retrointeriør.Her er spesialiteten ingefærøl. Heimekoslig steming, allsang på søndagar.

Langs heile kanal St. Martin ligg også eit knippe søte kafear med unik stemning.

-Fest, konsert, & klubb:

Le Pop In
Metro Republique/Filles du Calvaire, 105 rue Amelot
Her er det alltid fest. Avslappa, bra musikk, bra folk, kald øl, svett og trangt dansegolv i helgene.

Le Truskel
Metro Grand Boulevards, 12 rue Feydeau
Ein sånn type stad ein alltid havnar opp på tilslutt, uansett kor hardt du prøvar å la være. Her er det dansing til langt utpå morgonen på kvasomhelst dag i veka. Dj'ane prøver så godt dei kan, men funkar ikkje alltid. Svett, sleezy, brunt og høg klinefaktor. Ein klassikar.

Social Club
Metro Grand Boulevards, 142 rue Montmarte
Seriøs klubbing heile natta. Dyr øl, men pytt. Mykje bra Dj'ar.

Point Ephemere
Metro Jaures, 200 quai de Valmy
Bar/klubb/kunsthall/resturant/konsertscene som ligg langs kanal St.Martin. Herlig parisidyll, festivalsteming, vår og evig lykke. Bra folk.

Andre: Rex, Bellevilloise, Noveau Casino og Bataclan for å nevene noko. Le Maroquinerie held også masse bra konsertar kontinuerlig. I Latinerkvarteret ligg også ein mystisk liten jazzklubb som heiter "Caveau de Obliettes" i 52 rue Galande.

-Mat & resturant:

Rue des Rosiers, metro St.Paul

Ei gate med ein del jødesjapper. Her finn du verdas beste falaffel. Eit must.

Laduree
Metro George V, 75 avenue des Champs Elysees
Eit hett turistmål. Her finn du alle dei franske kakene og makronane du kan drømme om. Ta deg ein kopp te og føl deg som Marie Antoinette.

La patisserie Viennoise

Metro Odeon, 8 Rue de l'Ecole Medicin
Bra plass å ete lunsj eller frokost. Salatar, supper og quiche til bra prisar. Og ein av dei finaste stadene å ete kake. Veldig parisisk.

Italiensk resturant eg ikkje hugsar navnet på,men noko typ "Bella Notte"

Metro Grands Boulevards, 26 Rue Bergere

Veldig sjarmerande italiensk resturant, greie prisar, herlig mat.

Le pain Quotidien
Metro Hotel de Ville, 20 rue de Archives
Biologisk mat. Veldig heimekoslig, for alle sit på langbord. Bra mat, søndagsfølelse.


-Shopping:


Ettersom eg stort sett berre handlar vintage, og er på "Ca va?"med alle vintageforhandlarar i byen kan eg ikkje by nokre særleg meir enn det:

FreeP Star
Metro Belleville
61 rue de la Verrerie & 8 rue Sainte Croix de la Bretonnerie
Etter mi meining er dette den beste vintagebutikken i Paris. Ca. alle kleda eg har er herifrå. Svinbillig, svinbra, gigantisk utvalg.

Episode
Metro Etienne Marcel, 16 rue Tiquetonne
Ein god andreplass. Litt dyrare, men reine, ryddige, bra utvalgte klede.

Guerrisol
Metro Barbes Rochechouart, 17 boulevard des Rochechouart
Her er det nesten gratis, men ein må leite litt meir mellom godbitane.

Kiliwatch

Metro Etienne Marcel, 64 rue Tiquetonne
Dyrt til å være vintage, men veldig mykje bra. Blanding av nytt og gammalt. Fotobøker, blad, bredt jeansutvalgt, klokker og solbriller. Solid.

Vintage Desire
Metro St.Paul, 32 rue des Rosiers
Billig og bra.

Fleux

Metro Hotel de Ville, 39 rue Sainte Croix de la Bretonnerie
Interiørhimmelen. Mykje fine snurrepiperier, lomokamera og ting du ikkje visste du trengte. Det var her eg kjøpte den fine kaninlampa mi som gjorde vinteren litt lysare.

Ellers tyt det over av designbutikkar og kjedebutikkar i området Le Marais og i Rue St. Honore. Bokhandelen på Pompidousenteret er fantastisk, avogtil går eg dit berre for å sniklese i bøkene.

Markedet ved Porte de Montreuil er også greit, men litt mykje Made in China, men det var der eg fant dei fine brillene mine:

Og selvfølgelig for turistar:
Eiffeltårnet, Centre Pompidou, Parc Buttes Chaumont, Musee d'Orsay, Louvre, Dyrehagen i Jardin des plantes, Jardin Luxembourg, Sacre Cæur, Notre Dame, Latinerkvarteret, Pere Lachaise ++++ Jardin Luxembourg

Dette er berre ein liten brøkdel av det eg kunne komme på fritt etter hukommelsen, og som eg hadde ork til å skrive ned. Det fins mange måtar å kjenne Paris på, og det her er berre måten til ei jente som likar å drikke øl i fine kjolar med kamera rundt halsen og lese bøker i parken.

1 comment:

hjartesmil said...

eg må berre sei faen. for no bestiller eg tur til paris i oktober. og det nesten litt din feil.

Alle bilder på denne bloggen tilhøyrer oss, om ikkje anna er nevnt.

Kval&Actionfilm?