Tuesday, December 23, 2008

From all of me to all of you


Eg har marsipankaker, babyar, hundar og bestemødre opp til øyrene.

Monday, December 22, 2008

En kärlekshistoria

Denne filmen såg eg i varme, lyse, vestlandssommarnetter. No skal eg sjå den mens regnet plukkar på ruta i den grå vestlandsjula.



Eg har vore på ein liten turnè dei siste dagane, med lite søvn og mange venner. Det har vore kjempefint, og eg skal blogge om det når augene mine ikkje lenger føles som blylodd. I dag kom eg heim til far og fekk servert skjeve med leverpostei, surmelk og vafler. Tida har stått stille i Norge. Alt står på sin faste plass, akkurat som eg håpa. Men eg hadde gløymt alt regnet, og at ein går med konstant våte sko.

Friday, December 19, 2008

Annaaaaa

Gratulerar med dagen Anna, det dumt eg ikkje kan være der, men me skal kose etter jul, det lovar eg. Me kan drikke Chai-Te og høyre på iPod på metroen om du vil. Det er fint å bu med deg,spesielt om morgonen når eg kan sei "ANNAAAA" gjennom døra. Du gjer meg glad.




ANNAAAA (eg reknar med at du kan høyre tilbakeståande sosiolekt inni deg når eg skriv det slik).

Final Destination

Eg rakk ikkje flyet. Flytoget var forsinka, vinen knuste, verda datt saman. Eg stod foran dei stramme folka i sikkerhetkontrollen og grein tårer store som klinkekuler, men dei ville verken la meg eller kofferten min få gå ombord i flyet som enno ikkje hadde letta. Flyet letta, og eg stod på bakken."Det blir ingen jul i år", tenkte eg og satte meg på ein benk. To tusen kroner og mange tårer seinare fekk eg meg eit fly til Oslo. No sit eg på Gardermoen og ventar på eit Bergensfly som går i morgon tidleg. Eg har drukke norsk vatn og ete norsk pølse. Det kjennes bra, og eg er glad igjen.Det var forresten herlig tragikomisk då eg hadde sjukt dårlig tid og måtte springe gjennom ein sånn ting som dette her. Hadde eg sett meg sjølv trur eg det hadde gjort dagen min.

Wednesday, December 17, 2008

Where is your boyfriend?

Mannen på nærbutikken sa ein dag til Joachim: "Where is your boyfriend?You know, the one with the long blond hair, i've seen her."

Slik er det når franskmenn snakkar engelsk. Det betyr at Joachim ville vært min girlfriend dersom me var kjærastar. Sånne små gleder får eg kvar dag av språkforståelsar.

17

Då eg var 17 år var den cd'en som snurra mest i cd-spelaren min Nathalie Nordnes sin. Og Air. Ho har ein song som heiter "Tour de France", den handlar om ei reise gjennom Frankrike der ho harvar over drøssevis av franske menn. Den kan du høyre på Myspacen hennar. No skal ho komme med nytt album til våren, det blir spennande å sjå om det snurrar like godt som då eg var 17.

Forøvrig var favorittboka mi på den tida "Mannen som elsket Yngve", og favorittfilmen var "Lost in Translation", og det er det fortsatt. Her er eg, Benedikte, Ann-Sirèn og Andi i fjæra ein tidleg morgon for å ha naturfagsprosjekt. Hadde Helene også vore på biletet hadde det vore komplett. Trøtte, søte nørdar. Me ser ut som uskyldige små kattungar.

Jentene frå sumarøya er trygge og varme. Dei kjennes som heime. Eg gledar meg til å klemme litt på dei i jula.

Tuesday, December 16, 2008

Alle har sitt...

...og mitt er at eg elskar å sjå reklamar for parfyme. Dei er som bittesmå kunstfilmar, masse Paris og amour.









Den finaste.

Denne har David Lynch laga.

Sunday, December 14, 2008

Hei Bestemor

No tek eg ein råsjangs på at Bestemor ikkje les bloggen min; her er kva ho får til jul av meg i år. Det trur eg ho vil smile av.

I går var eg på klovneteater med Anna, eg blir så trist av klovnar, det virkar som om dei alle ber på ei stor sorg. Eg blir også trist av klovnemenneske, av samme grunn. I dag er eg øm og trøtt i kroppen, og eg sov til det nesten vart mørkt igjen. Det vart nok ein morgonmetro heim i dag tidleg, for i Paris er natta like viktig som dagen, og ein må prioritere ein av dei. I går vart det natta, og dagen i dag forsvant inn i mange rare drømmar, og eg våkna av at Joachim rørte i teen sin.

Saturday, December 13, 2008

I’m not the kind of woman who slips notes into random mens coat pockets, but there is something about you.

Å ligge i senga å høyre på denne songen var det første eg gjorde i dag.

Friday, December 12, 2008

TaxiTaxi

Heidi: Jeg hører på disse å tenker på deg og By:larm.
Fine jenter, fin musikk, fin tid.

Thursday, December 11, 2008

En solskinnshistorie i 10minus

Dette er en historie om en sluttet sirkel. Den startet brått en dag i oktober. Det var en god dag, solskinn og jeg hadde vært på det lokale biblioteket. På vei inn i oppgangen min lar jeg blikke gli over bakgården. Det slår meg at noe ikke er som det pleier, et uvanlig tomrom. Jeg tenker meg litt om før jeg skjønner hva som mangler; Sykkelen min. Den barske, sølvfargede "gutte-sykkelen" min er borte. Det eneste tyvene hadde latt stå igjen var det ene hjulet. Jeg merket at jeg ble forbanna, å liret av meg noen gloser jeg har lært av min nordlenningskjæreste. Jeg håpet inni meg at ordene traff de slue gjerningsmennene. Tiden gikk og klærne ble tykkere. Snøen falt over Trondheims gater. To måneder senere: I kveld, da jeg gikk hjem fra Choco Boco på bakklandet kom jeg over en gammel traver. Han var barsk og sølvfarget, noe rusten i kantene, hjulene var flate, men like fult, det var "guttesykkelen" min. Der stod den alene i kulda, jeg sa hei og så tok vi følge hjem. Jeg satt han inn i kjelleren, trenger ikke være kald lenger, sirkelen er sluttet nå.

Tilværelsens uutholdelige letthet?

Eg er ein av dei som er glad i ein skikkelig god grin. Det kan være av kva som helst; stress, glede, kjærleik eller onsdagsfilmen. Og det er rart, for i Paris grin eg nesten aldri. Det er eit fredelig og udramatisk liv eg fører her nede. Men, for nokre veker sidan kom tårene då ei jente tulla med det heilegaste eg har; bileta mine. Det var på den magiske Båten, då ei uaktsom jente sletta alt på minnekortet mitt. Eg hadde så mange fine bilete frå Båten eg hadde teke berre minuttar tidlegare. Då måtte eg gå å felle nokre tårer over spelt mjølk. Heldigvis fins det menneske med lystgasseffekt.

Wednesday, December 10, 2008

Takk

Det var ikkje før eg flytta til Paris at eg skjøna kor glad eg er i å ha denne bloggen. Det er så godt å komme heim om kvelden, setje meg ned og berre skrive kva eg tenker og gjer, og at eg veit at alle dykk eg savnar oppi landet med dei blåe auga kan lese det. Når Paris blir for skummelt og eg må gøyme meg under dyna for the inner city pressure, er det så godt å kunne sende ut små meldingar på mitt eige språk, til mitt eige land, til eit land som har julebrus, til folk som veit kor eg kjem frå og sei "Hallo eg lev,ikkje gløym meg."

Dagens Inner City Pressure Moment:

Eg kjøper ein pakke spagetti på nærbutikken for mine siste cent, og betalar med ca. 40 småmyntar. Mannen i kassa hatar meg.

Tuesday, December 09, 2008

Historien om den ensomme løpar

Her kjem eit blogginnlegg som handlar om verken vin, ost, fest eller kaffikoppar:

Som eit tiltak for helsa og økonomien har eg begynt å jogge rundt i skogen me bur like ved. Eg har alltid meint at jogging må være den døvaste formen for fysisk aktivitet ein kan foreta seg, einsamt og monotont. Men plutselig ein dag gjekk det opp for meg at det er jo heilt fantatisk å springe rundt i denne skumle skogen (proppa full av cruisarar og prostituerte). Kanskje det er mangelen på natur rundt meg som gjer det så fint. Eg trur eg også kan takke iPoden min, eg har funne dei perfekte springe-rundt-songane:

Sebastien Tellier- Divine (likar å starte med denne, det sexar opp stemninga på den traustaste regnværsdag)

Hercules and love affair- Blind

Jenny Lewis- Next Messiah

CocoRosie- God has a voice she speaks through me (denne songen har eg høyrt kvar dag sidan dei spela den på Roskilde, den får hjartet mitt til å slå litt fortare)

Tv on the Radio- Dancing Choose

Arcade Fire- No cars go (ein sikker vinnar)

Feist- Mushaboom (om denne songen har ein farge er den rosa)


Monday, December 08, 2008

Je chercher du travail

For to dagar sidan gjekk det eit lite lys opp for meg. Eg trives ikkje på skulen. Desse her internettstudia på ettermiddagen. Kvifor gjer eg det då? Eg trives ikkje med å stå opp om morgonen å ikkje ha nokon stad å gå. Eg blir gåande rundt i leiligheita med kalde føtter og varme tekoppar. Ser litt på YouTube. Ser i taket. Tar på lebestift. Tar bilde av det. Tar den av igjen. Ser ut vinduet. Det var fint i begynnelsen. Då hadde eg eit flunkande nytt Paris å gå til om morgonen. No har eg tom konto og ikkje metrokort. Eit kvardagsliv. Eg passar ikkje til å ikkje ha ein stad å gå om morgonen. Eg vil være produktiv og effektiv. Gi meg litt tempo, litt press. Det er fint å leve rolig og franskt, men ikkje lenger enn dette. Eit halvt år i stillhet. Så no har eg bestemt meg; eg skal droppe meiningslause franskstudier og finne ein jobb. Eit arbeid. Ein jobb eg kan like. Der eg kan ta bilder. I Paris.

Sunday, December 07, 2008

Hei.

I går feira me bursdagen til Joachim enno ein gong, hos Ida, som også hadde bursdag. Det var gøy, og veldig internasjonalt, trur det var folk frå Norge, Tyskland, New Zealand, Korea, USA, Japan, Italia og såvidt nokre franskmenn.

Hei eg er ein bjørn.
Hei eg er ein liten bjørn.

Hei eg er glad.
Hei eg har bollesveis og bart.Hei me er søte.
Hei eg er lei.

Hei eg har bursdag.Hei eg har også bursdag.
Hei me er tyske.
Hei fest.

Det snurrar i min skalle.

Eurotrash

Denne veka fekk me besøk av Mari og Karina. Eg trur dei hadde det bra i Paris, Mari kjøpte mange gardinkjolar for nesten ingen pengar og Karina opplevde total lykke iallefall 4 gongar.

Hei.Me såg denne boksen.
Søte.
Det er når eg møter folk igjen at eg kjenner kor mykje eg saknar dei.

Kom tilbake.

Saturday, December 06, 2008

Code-Breaker

Eg har ein ny, veldig morsom genser, den er full av rare detaljar som duskar knappar og glitter. Den skal eg ha på i familieselskap i romjula.

I går reiste Karina og Mari. Eg hadde elska dei om dei hadde veid 200 kilo.

Etterpå var eg på Louvre, der er det gratis på fredagskveldar. Eg hadde enno ikkje vore der, fattar ikkje kvifor eg ikkje heng der kvar fredag. Eg såg Mona Lisa for første gong. Ho er liten og fin, og eg syns litt synd på ho som heng bak ein glassvegg med 100 amerikanarar med mobilkamera foran seg. Eg tenkte eg er glad eg ikkje er eit måleri som heng i samme rom som henne.

Thursday, December 04, 2008

Hei me har det bra send meir pengar

I anledning Britney og Joachim's bursdag er Karina og Mari på besøk. Me har hatt oste-bonanza og snakka om gamle tider. Det er fint å få besøk å finne ut at dei fortsatt er dei samme gamle venene, sjølv om me har landegrenser mellom oss. I går var me ute i regnnatta og gjorde nok eit intensivt forsøk på å vekke til live dei franske dansegolv. Me takka nei til whiskey-fyllekjøring, og tok ein Taxi istaden, god kveld.






Eg har pusha "Department of Eagles" på heile gjengen, og i morgon leverer eg eksamen kl. 19.00, og står på konsert kl. 19.30, det kjem til å bli som julebukk og 17-mai på eingong. Du kan sjå eit klipp med "Department of Eagles" på Lydverket her, det gjer godt for hjartet.

Tuesday, December 02, 2008

Hei Joachim.

I dag har du bursdag. Eg er glad i deg, makker, venn, sambuar og gammal studiekamerat.
Her er eit bilde frå då me var stuck i ei hytte langt ute på vestlandet.

Monday, December 01, 2008

I like you, very much. Just as you are.

I dag er det 1.desember. For lenge sidan, då det kanskje var september, sa eg; "i desember, då skal eg bli forelska." Så langt kjenner eg ingenting.

Eg har lagt frå meg alt eg har i hendene. Eg har vaska klede, golv og bad. Eg har teke på kjole, farga etterveksten og stiva meg opp. For ein stad oppi himmelen sit det to jenter på eit fly, som heiter Mari og Karina. Dei er på veg til Paris, akkurat no.

Blog Archive

Follow that blog!