Saturday, November 29, 2008

1 ting å gjere før du dør

Å bu i kollektiv.

No har eg budd i tre vidt forskjellige kollektiv dei siste tre åra. Kvar gong er det som å stifte ein liten familie, alltid fullt av feil(som kjøkken i eit skap, ingen stolar, berre ei kokeplate, ikkje lys på badet), oppvask, tacomiddagar og tekoppar. Det beste er at ein blir kjent med kvarandre på ein måte ein ellers aldri ville blitt kjent på. Ein får vite om alle små særegenheitar som me alle sit inne med. Lidenskapar, tvangstankar, matvanar og fetisjar. Her i huset har me alle rare ting, Anna gløymer alltid kokeplata og slukker lyset med ei trommestikke, Joachim vil aller helst ikkje gå med briller samtidig som han har på lue og må sjå "Hairspray" kvar gong livet går for trått, eg kastar av meg kleda til eg står i strømpebuksa så snart eg kjem inn døra og må referere til ein film kvar gong det oppstår ein situasjon som minnar meg om ein film. Det fins så mange andre pinlegare og meir intime finurlighetar, men dei skal eg halde utanfor bloggen.

"Kven har ete opp all honningen?"

Her er me, eg , Anna og Joachim, på golvet og et middag, for me har ingen stolar. Bileta av er teke av Øyvind då han var her.

Friday, November 28, 2008

We lived on sunlight and chocolate bars

Sumaren 2008 var ein perfekt sommar. Festival, familietur, regn, bøker, brune armar, fisketurar, togturar, ein sumarforelskelse, moreller, nattbad, og lange varme keisame dagar som ikkje er keisame i det heile tatt når eg tenker tilbake på dei.Ein av dei beste minnene eg har frå i sumar er dagen etter eksamen. Me hadde feira heile natta, eg hadde bada i Ilsvika klokka 6 om morgonen, trøtt og sjanglande sykla eg inn til byen og tok båten til Munkholmen med Karina og Mari, med jorbær og pølser i bagasjen. Etter ei stund kom Joachim båtande også, han sprang av båten og hoppa ut i vatnet. Då var det sumar. Heile dagen berre låg me der og høyrte på musikk, leste avisa og småsov. Eg tenkte eg var lukkeleg.

Samme kveld var me ute, det var så sinnsjukt varmt på Brukbar at me bestemte oss for å gå å bade. Det var nakent og kaldt, og etterpå dusja me alle saman i ein varm og skummel dusj, og me gjekk heim i soloppgangen med trusa i handa.

Roskilde.Det er berre musikk og kjærleik som kan få meg til å drikke øl dagen lang og danse natta lang, sove 4 timar, for så å gjere det samme dagen etter. Me hadde det så bra.
Danse i regnet.
Den aller siste natta var den verste/beste/lengste. Me dansa, slowdansa, kidnappa og plyndra alt me kom over. Elskar dette bildet. "The Chair".

Etter Roskilde var eg på hyttetur med familien. Det regna kvar dag, og eg var storfornøyd med å kunne sitje inne å sjå ut vindauget, lese bok og drikke te. Og ete kilovis med moreller.

Og sumarøya:


Og så var eg på hyttetur med dei som ikkje er særleg koslege, men kule. Me bada nakne ikledd skjegg og bart om natta.

Men no er det ikkje lenge til eg ser dykk alle igjen.

Thursday, November 27, 2008

Vil bare minne om...


"kan du aksepter den rosa her?"

Vi sitter vel alle på hver vår haug å pønsker ut nye konsepter?

Kjøpefri Dag

Eg vil minne meg sjølv og alle om at i helga er det Buy Nothing Day. Det handlar selvfølgelig ikkje om å la være å kjøpe noko kun den dagen, det handlar om å kjøpe mindre heile året. Dropp å gå på H&M, Cubus og alle dei andre klona butikkane som masseproduserar klede med dårleg kvalitet, som reklamerar for "Høstnytt" og "Vårnytt" og alt som er nytt. Det er berre å fysisk la vær å gå inn i butikken. Ta deg heller ein tur på Fretex og finn noko som ingen andre har, og som ikkje bidrar til den kvalme overfloden eg skjems av å leve i. Eg får dårleg samvittighet kvar gong eg handlar på H&M, og det er berre eg som kan gjere noko med det.

I fjor laga eg og fem andre strøkne frøkner denne reklamekampanjen på skulen, eg blir fortsatt heilt svett av tanken på korleis me fekk tak i alt stæsjet til alle bileta, og ikkje minst at alt me fekk tak i var heilt gratis. Det var noko det kjekkaste me gjorde på fotofagskulen, og eg hadde ikkje før eg fekk oppleve det trudd at seks heilt forskjellige jenter kunne greie å samarbeide så godt ilag. Det vart mange kaffikoppar på kafé, fellesmiddagar og latterkrampar, eg blir heilt sentimental av å mimre tilbake. Frøken Strøken reklamebyrå, eg er sikker på me kunne nådd til helvete og heim om me ville.



Det siste bildet er forvrig min favoritt, eg lo så eg grein då me skulle ta det.

Tuesday, November 25, 2008

Kvardagsmonster

Avogtil kan eg sitje midt i Paris å tenke på nokon som er 2283 km unna.
I dag tidleg var eg og Anna i skogen og gjorde ein "Heidi vasar rundt i ein skog og tar bilete av trist jente med kvit kjole". Plutselig kom ein hund, som eg først trudde var eit monster. Så kom eigaren, som var ein rar liten mann som trudde me var russarar. Me fekk lov til å ta bilde av hunden, som faktisk spydde, det gjekk fort og gale før hunden sprang sin eigen veg, men det var gøy og rart.

Me held på å fryse ihjel, for ovnane i huset er kaputt. Me tenner lys, kokar te og småjoggar rundt for å halde varmen. I natt vurderte eg å sove med hue og vottar, og då eg våkna kunne Anna fortelje at ho faktisk hadde sove med hue. Eg gjekk på kafé for å lese og få i meg litt varme, men det endte med at eg sovna over boka og måtte gå heim.

Monday, November 24, 2008

Historien gjentar seg

Nokon på Flickr viste meg ein Monet som var klin lik eit av bildene mine:
Sånne ting er pussig, men eg likar det.

I helga sov eg og Anna på båten, då me våkna var det bølgeskvulp, svanar og snø utanfor dei små runde vindua. Tenk at det går an.

Saturday, November 22, 2008

I det blå

Anna bur i det blå rommet. Ho kokar te-vatn om morgonen og seier "Nå har jeg satt på vann, nå må du stå opp, forresten har jeg kjøpt en pain au-chocolat til deg." I dag spela ho "Kurt blir grusom" på lydbok mens me åt frukost. Eg drakk te under teppet, det var fint.

Friday, November 21, 2008

Eg og le Lapin, heime ilag

Eg har blitt innhenta av kvardagen. Etter å ha levd som Marie Antoinette sidan august, er eg blakk og har eksamen pustande i nakken. Denne veka har eg holdt meg heime, inne. Såvidt har eg kikka nasa ut i nabolaget, men skynda meg heim igjen til bøker og fonetikkprøvar som skrik etter meg,for berre å gøyme meg under ein burka av tepper og dyne. Eg har bladd i bøker, sovna over bøker, lest i bøker, ikkje lest i bøker. Eg vil mykje heller drikke ingefærøl med nokon eg er forelska i, og høyre på Joanna Newsom.

Wednesday, November 19, 2008

I have the golden ticket

Eg har kjøpt billett til Department of Eagles, og dei skal spele på ein bitteliten scene som er kjempefin. Dei gir meg litt julestemning, har på følelsen av at dei er dei som kjem til å være keisaren over iPoden min i desember.

Tuesday, November 18, 2008

Eurodisney

Dette er eit bilde eg tok av Øyvind. Berre at det blei sletta av ei dum, klåfingra jente eg ikkje kjenner. Difor tok eg eit nytt av meg sjølv, men mys litt, så er det Øyvind. Maska kjem frå eit skap i leilegheita som er litt som skapet i Narnia.
Kvardagsskrekk frå Paris:

Melding frå meg til kontakten på lista som heiter "Ikkje Ta Telefonen":
"Hello, i'am sorry, but i cant meet you. thanks for the fish, but i wont be able to receive it. Heidi."

Monday, November 17, 2008

Ein gul knapp


Eg har sydd fine prestekragar på keisame greier. No er dei fine og minnar meg om Pushing Daisies.

Joachim, her er bildet av deg på sykkelen

I går sykla me og var på kafè heile dagen.

Sunday, November 16, 2008

Tenkeboksen

Eg fekk eksamensangst i dusjen i dag. Det er der både dei verste og beste tankane kjem. Eg ler og grin, tenker på kva eg skal ha til middag og kva eg skal gjere med livet mitt. Eg konkluderer, shamponerer og filosoferer.

Saturday, November 15, 2008

Lost in Translation

Eg vart bedt i bursdag ein dag. Tok på meg bursdagskjolen og gjekk. Der var alle japanske. Alle snakka fransk, og var herlig forståelsesfulle for min tullefransk (eg berre puttar inn eit norsk ord her og der og om eg gløymer noko, funkar fint).Me åt spennande mat under lavt tak. Eg måtte le då eg kom over dette biletet på fjesboka istad, for det var akkurat slik eg følte meg, som ein diger, kvit nordmann. Men kosleg var det, eg elskar å havne på alle desse rare plassane eg aldri skulle kunne forestille meg.

Heidi blir grusom

Eg har vore dårleg til å blogge om bursdagen min og alt det fine som skjedde då, kanskje fordi eg har vore djupt ned i "Charlotte Isabel Hansen" boka dei siste dagane. Men eg hadde bursdag, med besøk av Andi og Elisa, kake og presangar.Me opplevde rare ting, som å foreksempel havne på casino langt uti Frankrike (alt utanfor bygrensa er for meg Frankrike), der me spratt champagne, kakka toppen av crème brulèe og gambla med større pengar enn eg tør å tenke på. "Eg er glad eg ikkje er rik", tenkte eg, og la meg om kvelden med god samvittighet for at eg lev på 10-kroners vin og baguett. Pengar gjer ein grusom.


Men når me ikkje levde kakse-livet, levde me det gode livet, me åt crepês til frukost foran Eiffeltårnet,var på marked og pruta med glimt i auget, fant fine butikkar med knappar og garn, drakk vin og åt ost, dansa til Datarock og det aller mest spennande var då eg og Andi skulle på eit galleri som heiter "Mad Vickys Tea Gallery", det er eit galleri som CocoRosie driv, det var desverre stengt, men me kikka inn bak gardinene, der der stod eldstesøstera i CocoRosie og laga mat i nattkjolen, det var heilt sprøtt og eg følte meg langt over gjennomsnittet stalker.Så no veit eg kor dei bur, det er ikkje langt unna meg, det er rartrartrart. Eg har lyst til å knakke på døra å sei "Dykk er så fine.", eller kanskje berre leggje igjen ei eske kinderegg og springe.

Thursday, November 13, 2008

Prins Valiant


Jeg har en venn. Han heter Johannes. Han er fra en dal og har mange søsken.
I helgen lot Johannes seg klippe. Saksene lå i små barneskoleelevers hender.
Ei lita trønder pia jobbet med sveisen. Johannes synes hun brukte litt lang tid
å var litt for nøye, han ba henne ikke være så beskjeden, resultatet ble en bulket
linje i panna. Ei dame som prata engelsk tok bilder å filmet det hele. Johannes ble
en del av litt kunst. Dette gleder meg. Tidligere i livet har jeg fått kjeft for å sitte på
et kunstverk, dette er bedre: Nå kjenner jeg en del av et.
Ragni synes han lignet Prins Valiant, jeg må si meg enig!


Eg les.

Til bursdagen min kom den siste Tore Renberg-boka i posten, frå Cathrine. Eg elskar å eige mine eigne bøker, slik at eg kan knekke dei i ryggen, lage eseløyrer, søle kaffi og dryppe tårer i dei. Etterpå kan eg setje dei inn i bokhylla, bustete og godt leste.

Om du kjenner deg litt stusseleg i dag, kan du berre sjå litt på biletet ovanfor. Det var ein kar me møtte på Montmartre i helga. Han kunne klemme som ingen andre, ein lang god klem med lukka auga, som fekk meg til å gløyme eit lite sekund kor eg var.

Monday, November 10, 2008

Bytting

Ein av dei beste stadene å høyre om ny musikk frå, er frå venner. Dei kjenner meg og me har mykje til felles. Ein av dei beste musikk-bytte-vennene mine er Andi. Av ho fekk eg Yael Naim. Her er Yael Naim, som covrar den kulaste Britney-songen:

Thursday, November 06, 2008

Bursdagspakke


Du trur kanskje at æ har glæmt dæ på bursdagen din, men det har æ ikke. Æ har nemlig fått planta ei lita boks med lækre swarovski dimantøredobba under senga di. No ble du vel gla?

Det høres ut som om dine samboere er riktig så snille mot deg, dessuten kom vel Andi i dag? For en bursdag- Paris,gode venner og pakker! aiaiai. Helt angående pakke, det kan godt hende at det kommer noe rart i posten om noen dager, nei du skal ikke se bort i fra det nei!
I mellomtiden får du ha en veldig lykkelig bursdag. Også kn du tenke på at selv om du er i o store Paris, sitter det en jente langt oppe i Norge å er glad i deg.

Faire de bursdag

I dag har eg bursdag, og lite visste eg om dei to søte som hadde stått opp tidleg og laga frukost med bursdagssang,egg,frukt,yoghurt,kaffi,muffins og pakke.Anna hadde sneke seg gjennom rommet mitt i natt,og inn på rommet til Joachim, slik at dei kunne stå opp før meg og gjere lure ting. Men så hadde dei blitt bekymra for at eg hadde oppdaga det, og at eg kanskje kom til å tru at dei hadde eit forhold og sneik seg inn til kvarandre om nettene.Men lite visste eg, og vart kjempeglad og overraska. No skal eg gjere fine bursdagseventyr, som eg kan blogge litt om i neste episode.

Sparegris

Eg bestemte meg for at i dag skulle eg ha min eigen Kjøp-ingenting-dag. Ikkje ein liten euro skulle ut av lommeboka. Dette har aldri skjedd i Paris' historie.Det har heller aldri hendt at eg har vore heime ein heil dag. At desse to tinga går hånd i hånd gjer meg litt trist.

Eg prøvde å studere, men sovna over boka. Me har berre krølla i sofaen, tatt bilder av oss sjølv, høyrt på radio og ete graut. Akkurat som i gamledagar.

Tuesday, November 04, 2008

Kjære Actionfilm, min gamle venn frå studenterdagene

Caroline!Hugsar du at me ein gong snakka om å lage ein sånn som dette herran?Etter to år vart eg endelig slått av ein kreativ raptus,og berre gjorde det.Eg syns me skal få firmabil, kulepennar og refleksar også.Me kan reise jorda rundt å lære folk å leve etter kval&actionfilm's livsfilosofi, kva seier du, er du med?

Din sanne venn, Kval.

Eller ikke?

Den sløve tirsdagen ble brått ikke så sløv da tre hyller raste ned fra veggen å i gulvet med et knas, glass,kaffetrakter,bøker,briller,permer,lysestaker,fotoutstyr:knæs!
En skrue løs? nei,6! Jeg lurer på om dette kan ha noe med karma å gjøre? uansett, jeg skjelver.

Sløv tirsdag



I dag er en tirsdag da alt er sløvt og lysten for bøkene er minimal. Derfor brukes tiden til å se ut av vinduet, tenke på juleferie og glede meg til bedre tider. For ikke veldig lenge siden så jeg ut av vinduet og der sto jenta på bildet å kikket opp. Hun hadde helmelk og rent mel i posen. Vi hadde lunsj og la planer for da Marte kan begynne å tygge. En veldig hyggelig gest til en helt vanlig Tirsdag å være.








Nå kan vinteren bare komme for jeg stiller med nye vintersko. De er både fine og fornuftige. Passer perfekt til mine flateføtter. Ikke akkurat sex og singelliv, men desto mer sjarme.

Duckfeet!

I got election

Eg fann eit YouTube-klipp frå Jenny Lewis-konserten eg var på. Det er frå då ho spela "Next Messiah".Då vart det endeleg litt fart i franskmenna, og eg var i himmelen.Den gjer at eg får lyst til å springe fort i regnet.

Monday, November 03, 2008

Den beste presangen

På torsdag har eg bursdag, og eg får ein kjempefin bursdagspresang, Andi kjem nemleg på besøk. Eg gler meg som syttendemai. Forrige gong eg hadde besøk var det av Benedikte, det er noko som er så godt med å sjå eit ansikt eg har kjent sidan me var små midt blant alle franskmenna.Eg og Benedikte foran Eiffel, legg merke til linseluset i framgrunnen.

Kjærleiken

Eg har lyst på ei dagbok som har hengelås og rosa ark, der eg kan lime inn bileter som dette og skrive om kjærleik og tegne "Hest er best" inni små hjerter.

Saturday, November 01, 2008

This is Halloween

I går var det Halloween,det er alltid ein fornøyelse. Eg og Anna lot oss inspirere av tvilliangane frå The Shining, og eg syns me vart ganske skumle. Halloweenfesten var på ein bar i snuskegata, der var det jordbærøl, lebestiftgutar og turtles. Dei spela Daft Punk- Around the World, perfekt halloweenmusikk.
Come play with us.
redruM!
Familiebilde.

Kvelden endte med styrtregn, me stod i gata og vinka etter taxi på reinaste Carrie Bradshaw-vis, og det regna frå alle kantar. Det var litt gøy, og endeleg heime krølla me oss på golvet med te og puter.

Blog Archive

Follow that blog!