Vanlegvis kjøper eg Gullbrød når eg kjøper sjokolade, men det har dei ikkje her. Lost i sjokoladehylla. Ikkje eingong Lohengrin har dei.Thursday, October 30, 2008
Sjokoladefabrikken
No har Joachim også ein liten snue på gang. Me leigde skrekkfilm på videosjappa og kjøpte godis. Perfekt anledning.
Vanlegvis kjøper eg Gullbrød når eg kjøper sjokolade, men det har dei ikkje her. Lost i sjokoladehylla. Ikkje eingong Lohengrin har dei.
Vanlegvis kjøper eg Gullbrød når eg kjøper sjokolade, men det har dei ikkje her. Lost i sjokoladehylla. Ikkje eingong Lohengrin har dei.Drømmealbum
Det fins så mykje fine folk. Om du også set pris på folk med stil og klasse kan du klikke deg inn på denne sida her : http://renz-o.blogspot.com/. Eg skulle ynskje dette var fotoalbumet mitt og at alle folka på bileta var venene mine. Tenk så fine våre festar ville sett ut:






Wednesday, October 29, 2008
Bob's båt
Anna kjenner ein som heiter Bob, og som bur på ein gammal husbåt som ligg ved Seinen. Han ba oss på "Random-party", det går ut på at alle tar med ein ingrediens, og så lagar ein eit helvetes måltid utav det alle tek med. Eg tok med ein ananas, som eg har bært med meg på metroen og på gata i heile dag (passa ikkje i veska). Båten. Eg trur det ligg ein lang og komplisert kjærleikshistorie bak denne båten, som det vanlegvis gjer med båtar.
Iallefall, denne båten er noko av det sjukaste eg har sett. Med lyslykter,piano og masse krummelurar overalt. Det var som å trø inn i ein disney-film, og eg måtte nesten grine litt. Eg kan ikkje tru at folk bur på denne båten, det er for fantastisk. Bob viste meg taket av båten, og derifrå kunne ein sjå eiffeltårnet som blinkar, La Defense (bydel med spesiell arkitektur) og Seinen som sildrar forbi.
"Verdandaen" med lyslykter og gamle lenestolar med bestemorputer.
På kjøkkenet var det hett,mange kokkar, meir søl, men maten vart god, det var pasta carbonara, omelett, pannekaker og meir.
Etterpå var det skikkelig folkehøgskulestemning med gitar, tamburin og whiskey in the jar. Ein kunne trampe så hardt ein ville i golvet, for under var det berre Seinen som høyrte på.
Båten Anna?
Eg, heilt fortapt.
Denne båten altså.Dei vart berre for mykje for Heidi frå øya.
Tuesday, October 28, 2008
Høst 2000
Somme songar vert eg aldri lei av. Eg elska denne songen, og ikkje minst musikkvideoen då eg var 14 puslete år.Eg hadde teke den opp på kassett frå radioen, og spela den på walkmanen min (dette var på den tida då tidenes mest upraktiske oppfinnelse; MiniDisc var hipt, og eg hadde framleis walkman og var heilt ute). Eg hadde sommarfuglar i magen og var så forelska at eg ikkje kunne ete eller sove.Det er ufattelege 8 år sidan.Elskar den framleis.Songen altså.
Forøvrig såg Joachim ein mann på metroen som hadde MiniDisc. No skal ikkje eg utnevne meg sjølv til guru for what's not and what's hot, men MiniDisc er not.
Ein anna gong såg me ein som hadde walkman på metroen, det var hot.
Det regnar gjennom skoa
Det er børskrise og økonomiske nedgangstider. Heldigvis kostar vinen 10 kr, og det billegaste dopapiret er rosa. Dei kan aldri ta oss.
Her er oppmuntring:
Bill Murray, som er den personen eg ville bedt på kafè om eg kunne velge mellom alle personar i heile verda.
Franske filmar om komplisert kjærleik i Paris på sekstitalet. Det blir ikkje betre.
Marilyn før ho vart hipp.
Verdas søtaste kanin.
Ikkje fortvil.
Eg drømte så fint i natt. Eg hadde vore på biltur, og etterpå stod eg i hagen til bestemor å plukka rips. Den var ikkje heilt moden, men eg plukka likevel.
Her er oppmuntring:
Bill Murray, som er den personen eg ville bedt på kafè om eg kunne velge mellom alle personar i heile verda.
Franske filmar om komplisert kjærleik i Paris på sekstitalet. Det blir ikkje betre.
Verdas søtaste kanin.Ikkje fortvil.
Eg drømte så fint i natt. Eg hadde vore på biltur, og etterpå stod eg i hagen til bestemor å plukka rips. Den var ikkje heilt moden, men eg plukka likevel.
Sunday, October 26, 2008
Kanin på sofaen
På fredag ba Anna teatervenene sine på norsk mat hos oss. Me kunne by på laks, eggerøre, spekemat, rømmegraut og snus. Snusen slo svært godt an hos ei ifrå Kina.

Eg kjennner meg som ei god kvinne etter å ha koka rømmegraut til folk frå Australia,England,Spania,Sverige,Kina,Irland og Argentina. Heile verden var representert,det var reinaste Melodi Grand Prix. Gryta vart heilt tom,og somme forsynte seg tilogmed fleire gonger.Etterkvar skrudde me av alt lyset og fortalte spøkelseshistoriar. Anna hadde den aller skumlaste.
I går var eg og Joachim i Jardin de Luxembourg for å sjekke trøkket. Det var det mykje folk, nesten som på festival. Det var fint og høstlig.

J-dog. Can't tame him.
Alle satt i ettermiddagssola å leste avis. Eg skulle ynskje eg forsto alt i dei franske avisene, men det gjer eg ikkje,enno.Eg saknar avis. Etterpå var me på ein liten kafe og drakk øl. Der var det høflige menn med stram skjeggkant. Kafeen såg ut som ein slik stad der dei under krigen hadde ei svær luke i golvet, og under den luka var det masse jødar i skjul og ein gammal radio.
Etterpå drog me ut for å møte ein svenske.Me var på Pop In og Le Truskel. No har byen blitt så liten at eg byrjar å treffe igjen folk eg har møtt før. Det er rart. Plutselig var alle svenske. Det vart ei lang natt ettersom klokka vart stilt ein time tilbake. Ei dame med stor pelskåpe skulle absolutt være med oss heim, og eg bestemte meg for at eg aldri skal bli innpåsliten med pelskåpe,det er ein særs dårleg kombinasjon. Så det vart til at ho fekk sove på sofaen.
I dag har eg vore heime å sove, det er nedgangstider på børsen og husleiga er 400 kr dyrare enn den var i byrjinga.Det gjer meg trist.

Eg kjennner meg som ei god kvinne etter å ha koka rømmegraut til folk frå Australia,England,Spania,Sverige,Kina,Irland og Argentina. Heile verden var representert,det var reinaste Melodi Grand Prix. Gryta vart heilt tom,og somme forsynte seg tilogmed fleire gonger.Etterkvar skrudde me av alt lyset og fortalte spøkelseshistoriar. Anna hadde den aller skumlaste.
I går var eg og Joachim i Jardin de Luxembourg for å sjekke trøkket. Det var det mykje folk, nesten som på festival. Det var fint og høstlig.
J-dog. Can't tame him.
Alle satt i ettermiddagssola å leste avis. Eg skulle ynskje eg forsto alt i dei franske avisene, men det gjer eg ikkje,enno.Eg saknar avis. Etterpå var me på ein liten kafe og drakk øl. Der var det høflige menn med stram skjeggkant. Kafeen såg ut som ein slik stad der dei under krigen hadde ei svær luke i golvet, og under den luka var det masse jødar i skjul og ein gammal radio.Etterpå drog me ut for å møte ein svenske.Me var på Pop In og Le Truskel. No har byen blitt så liten at eg byrjar å treffe igjen folk eg har møtt før. Det er rart. Plutselig var alle svenske. Det vart ei lang natt ettersom klokka vart stilt ein time tilbake. Ei dame med stor pelskåpe skulle absolutt være med oss heim, og eg bestemte meg for at eg aldri skal bli innpåsliten med pelskåpe,det er ein særs dårleg kombinasjon. Så det vart til at ho fekk sove på sofaen.
I dag har eg vore heime å sove, det er nedgangstider på børsen og husleiga er 400 kr dyrare enn den var i byrjinga.Det gjer meg trist.
Trondheim by night
Spurven, vinen og sykkelturen
Det var en gang en liten spurv som skulle på vinsmaking med kafe-jobben sin. Vinen var veldig god og kollegaene ble bare snillere og snillere. Da klokken slo stengetid var fornuften borte, men humøret på topp, og hungeren for litt kunst og kultur med noe attåt i glasset meldte seg. Hva som skjedde så er noe usikkert, men det ryktes om at noe viktig forsvant og at det siden ikke er sett. Da det glade selskab vendte nesen hjemmover var det med meget skjeve skjøter og hanglet hjulføring. For noen ble denne hulføringen til en utfordring av dimensjoner for store for kunn små spurver. Noen timer etter var haka sydd igjen, men kjeven knekt, fortennene halvert og leppa som et vepsebol. Knærne var både gule og blå i likhet med hender. Stakkars, stakkars lille ulykkesfuglen. Nå er nebbet boltret igjen , kun flytende føde gjennom sugerør, og all kakkling skjer skriftlig. Moralen er at om man skal på vinsmaking, lar man sykkelen forbli hjemme. Snipp snapp snute.
Saturday, October 25, 2008
Friday, October 24, 2008
Good Friday

Når eg ser i spegelen om morgonen er det dette eg møter. "Sjå på deg sjølv", seier dei eg bur med. Ja, det er litt rart at dette er meg.
Eg har hatt ein nydeleg morgon, eg er ferdig med ein del skulearbeid, eg har drukke så mange koppar kaffi eg vil og lest i "Beatles":
"Det var fattern i ny bil, en knallrød Saab kom smygende inn Svoldergate som en kjempemarihøne. Jeg spurta ned, fattern krøyp ut, lente seg mot det varme biltaket, hadde kasta jakken og bretta opp skjorta, jøss for en vår. Så kom muttern flyende, hun falt rundt ham, og det er slik jeg aller helst vil huske mor og far, ved siden av den nye bilen, arm i arm, en maidag i 1967."
Eg tenker ofte på sekstitalet.Og eg tenker ofte på Paris på sekstitalet. Om 40 år seier ein nok "Åh tenk å bu i Paris i 2008 då!". Når eg blir gammal bestemor med blondeduk på bordet skal eg dra fram fotoalbumet frå det herrens år 2008, og vise falma, gule bilder, og alt kjem til å være retro og rart. Men eg trur det var ekstra fint i sekstiåra, når ein berre kunne høyre musikken på svære LP-ar, det var ikkje berre å klikke seg inn på myspace for å sjekke noko nytt (men gud eg elskar myspace). Her er foreksempel Pink Floyd på sekstitalet, sjå kor tøffe dei er, ingen i heile verden som er like tøffe no:
Anna kjenner nokon som bur på ein båt på Seinen, den ser visst akkurat ut som det du ser om du lukker auga og forestiller deg den finaste, mest romantiske husbåten du kan tenke deg. Og kanskje, kanskje skal me på fest i den båten i kveld. Det håpar eg, eg trur eg skal spørje om eg kan flytte inn, eg har alltid drømt om å bu på ein båt, og ha masse lyslenker, leve litt som Steve Zissou, og ha festar som varer heilt det blir lyst og då skal alle ligge krølla saman på dekk i store ulltepper mens me høyrer på "Good Friday" av CocoRosie.
Thursday, October 23, 2008
Jeg går å gleder meg til vi skal komme en hel haug med folk på besøk til kollektivet i Paris. Alt hva vi skal gjøre, drikke, kjøpe, se, spise, leke, tenke, lukte... Jeg har en forestilling om at det kommer til å bli perfekt på en uforglemmelig måte. At vi kommer til å ha det kjempe gøy, så vi imellom må klype armen for å kjenne at det er sant. Det kommer til å bli som i eventyrene, spennende og utfordrende, men med en lykkelig og vakker slutt! Ja, jeg vet jeg hauser det veldig opp, for å få det litt ned på jorda igjen; Jeg tror bilde under kommer til å beskrive mye av hvordan det kommer til å bli:


Mange folk, mange kameraer, mye vin og fine klær.
Tenk alt folk gjer når dei er åleine
I går såg eg det finaste eg har nokon gong har sett. Eg var på veg heim frå butikken, då eg gjekk forbi ei leilegheit. Det var mørkt ute, og det kom varmt svakt lys ut frå vindauget i leilegheita. I vindauget kunne eg sjå to silhuettar, ein mann og ei dame. Dei dansa, tett inntil kvarandre, heilt sakte. Det skjedde i sakte film, nesten i svart/kvitt. Eg måtte berre stoppe å sjå, det var så jazzy og film noir. Eg kan banne bein på at det var denne songen dei dansa til:
Takk til Åsmund for bandtips. Eg kjem til å stjele det.
Takk til Åsmund for bandtips. Eg kjem til å stjele det.
Tuesday, October 21, 2008
Snørr

Eg la meg i går,følsom og kald i kroppen.Då eg tok av sminken kjentes vatnet som kaldt metall mot huda,og boka eg leste kjentes tristare.Eg veit godt kva desse tegna betyr.Forkjølelse.No sit eg med papir i nasa og lærer meg franske ord.Eg skal kjøpe kjeks og koke kaffi.Det er egentlig litt godt å være litt øm og var i kroppen,og sitje å syns litt synd på seg sjølv.Snyte seg så det ular gjennom huset,og gjere ting litt saktare enn vanleg.
Min akilles

Jaime fortalte at ho ein gong hadde likt ein fyr så godt fordi han alltid brukte å ta ho på haka. Ho tok meg på haka for å vise.Det stemte heilt.Det er kjempegodt.Du som les dette må få nokon til å gjere det på deg.Helst med ein gong,før du gløymer det.Det må gjerast med eit lurt smil og litt ømhet.
Eg for min del vert heilt satt ut av spel dersom du pjuskar meg litt håret.Då smeltar eg innanfrå og ut.
Sunday, October 19, 2008
Til Joachim
One day we're gonna live in Paris
I promise
I'm on it
When I'm bringing in the money
I promise
I'm on it
I'm gonna take you out to club showcase
We're gonna live it up
I promise
Just hold on a little more
And every night we'll watch the stars
They'll be out for us
They'll be out for us
And every night, the city lights
They'll be out for us
They'll be out for us
One day we're gonna live in Paris
I promise
I'm on it
I'll find you that French boy,
You'll find me that French girl
I promise
I'm on it
So go and pack your bags
For the long haul
We're gonna lose ourselves
I promise
This time it's you and me for evermore
And every night we'll watch the stars
They'll be out for us
They'll be out for us
And every night, the city lights
They'll be out for us
They'll be out for us
Afterparty
I dag er det Søndag og eg har vore trøtt som eit barn etter eit bursdagsselskap.Eg møtte Anna i Notre Dame-parken,der stod det ei dame og skreik.
Så kom mange av teatervennene til Anna,ein av dei kunne steppe.Me drakk kaffi og lærte oss kinesisk.
Alle elska sykkelen min,og ville prøve den.Eg skjønar dei godt.


Me hang utanfor Pompidousenteret.Det er eit veldig spennande bygg,det ser ut som om nokon har tatt eit hus og vrengt det.Det er eit kunstsenter som eg enno ikkje har vore inni,eg tenkjer å spare det til diverse besøk,men eg trur ikkje eg greier å halde meg stort lenger.Etterpå var me i gavebutikken.Der har dei mykje fine ting og bøker,eg fann ein Rainbowmaker,det var så fint at eg nesten ville grine litt.
Be the art:
Eg har følt meg som songen under i dag,rar og flytande,med rasp i halsen:
Så kom mange av teatervennene til Anna,ein av dei kunne steppe.Me drakk kaffi og lærte oss kinesisk.
Alle elska sykkelen min,og ville prøve den.Eg skjønar dei godt.

Me hang utanfor Pompidousenteret.Det er eit veldig spennande bygg,det ser ut som om nokon har tatt eit hus og vrengt det.Det er eit kunstsenter som eg enno ikkje har vore inni,eg tenkjer å spare det til diverse besøk,men eg trur ikkje eg greier å halde meg stort lenger.Etterpå var me i gavebutikken.Der har dei mykje fine ting og bøker,eg fann ein Rainbowmaker,det var så fint at eg nesten ville grine litt.
Be the art:
Eg har følt meg som songen under i dag,rar og flytande,med rasp i halsen:Ca va with the hat?
Okei.Verden er liten.Dette kan eg bevise:Bevismateriale nr. 1: Me var på fest hos Ida fra Bodø,som kjenner Marius frå Bodø.Midt i svartaste Paris.
Bevismateriale nr. 2: På festen var det to norske som me ein gong møtte hos Susan.Heilt tilfeldig.
Bevismateriale nr. 3: På samme festen sa ein mann "Oh yes,i've seen you before on the metro,on the number 9."
Den siste er heilt vill.
Er det Paris eller er det Trondheim?
Eg styrer ferja.
Joachim åt noko frå ein pakke med japanske tegn på.Slik gjekk det.
Techno

I går var vi på techno festival. Det rare var at ingen danset, vi satt på hver vår stol å lyttet.Eller èn danset, han hadde hanekam.
Saturday, October 18, 2008
Disko
Ein dag gjekk det opp for meg at me dansar for lite.Me berre sit med beina i kryss og drikk vin.Eg delte meininga mi med Joachim.Han var einig.Me vart frustrert og slo i veggen,me elskar jo å danse.Så i går gjekk me ut med eit mål for auget; å danse.Som vanleg vart det vår oppgåve å starte dansegolvet,for franskmenna stiller seg heller inntil veggen rundt dansegolvet,og hvis det er ekstra god stemning trampar dei kanskje litt med foten og svaiar litt med vinglaset.Me var på ein stad som heiter Le Pop In,der er det lite og koslig,med ein svett dansekjellar.Dj'en var schizofren og visste ikkje om han skulle spele Madonna eller Joy Division,og då me spurte om han hadde noko Sebastien Tellier gav han oss eit blikk som sa sur sitron.Eg trur ein ville fått det samme blikket i Norge om ein hadde sagt "Kan du spele noko Bettan eller?".
Så gjekk me på eit stort disko.Me vart svette i luggen.
Friday, October 17, 2008
Metrodesperados
Høyr på den her songen mens du et smågodt og les gamle donaldblad:
I går var eg rastlaus og fnisete etter å ha vore heime heile dagen med lekser.Så spurte cafedama vår om me skulle møtast på ein bar.Me kjøpte ein Desperado og kasta oss på metroen.Då me kom dit fann me ein tom resturant og ein mann i plastikkdress utanfor."Det kan ikkje være her",tenkte me,men etter å ha gått gjennom resturanten og ned ei trapp kom me til eit rom med diskokule,ca.3 øldrikkande menneske,Willy Wonka på gitar,og Jamie og dei kule sykkeltyskarane.Det var så latterlig at det var bra,og Willy Wonka måtte stoppe midt i"konserten" for å snakke med søstera si i telefonen.På metroen heim kom ein herre bort til meg og Joachim og sa han hadde sett oss på tre ulike stader i løpet av kvelden.Small town.
I går var eg rastlaus og fnisete etter å ha vore heime heile dagen med lekser.Så spurte cafedama vår om me skulle møtast på ein bar.Me kjøpte ein Desperado og kasta oss på metroen.Då me kom dit fann me ein tom resturant og ein mann i plastikkdress utanfor."Det kan ikkje være her",tenkte me,men etter å ha gått gjennom resturanten og ned ei trapp kom me til eit rom med diskokule,ca.3 øldrikkande menneske,Willy Wonka på gitar,og Jamie og dei kule sykkeltyskarane.Det var så latterlig at det var bra,og Willy Wonka måtte stoppe midt i"konserten" for å snakke med søstera si i telefonen.På metroen heim kom ein herre bort til meg og Joachim og sa han hadde sett oss på tre ulike stader i løpet av kvelden.Small town.
Alt hva man kan fylle tiden med...

Å gud som jeg er fantasifull. Jeg sitter her å venter på at kaffen skal kicke inn, hører på Antony and the Johnsons mens jeg cruser internett, å det skal sies, jeg er sikker på at jeg snart har rundet det! Uansett, jeg er meget fantasifull, alt er spennende å må utforskes FØR jeg begynner å skrive denne eksamensoppgaven...
Kom over en ganske fin side med ukjente tegn, men forsto nok til at man kan laste opp bildene sine der, så gjør siden dem til gammeldagse. Det er veldig fint! Og noe som har hold meg underholdt siden 11.(Nå er klokka 12.30). Bare se på resultatet:




Romantiser gjerne rundt nostalgiske bilder du også: http://labs.wanokoto.jp/olds
Thursday, October 16, 2008
Tahiti Rain Song
Det regnar for andre dag på rad.Eg vil ikkje det skal regne,eg vil krølle håret og sykle.
Lenge har eg utsatt ei oppgåve i fransken.Ein filmanalyse.I dag sjerpa eg meg,stod opp tidleg,laga koppevis med kaffi og begynte å sjå filmen "Naissance des Pieuvres".Anna haldt meg med selskap.Den handlar om å være 15 år,være ulukkeleg forelska,ha for tjukke armar,kanskje være homo,å ikkje lenger kunne få barnemeny og å drive med synkronsvømming.No sit eg å analyserar alt dette.Har tatt på rød lebestift for å piffe opp stemninga.
Anna gjorde tøying og bøying på golvet etter filmen.Ho driv også med rulling.Dette må ho kunne på teaterskulen.Ho går i klasse med små akrobatiske kinesarar,så eg skjønar at ho må øve litt.
Me har eit dilemma i huset.Joachim har kjøpt ny skjorte.Den har lang kappe bak.Eg meinar at han skal bære kappa med stil,slenge på nokre malingsflekkar og uttrykke seg som den kunstnaren han er.Kanskje eit par malepenslar i håret.Anna meinar at kappa skal av.Joachim står ein stad midt imellom.Eg sleng ut eit spørsmål til dykk lesarar: Kva skal the Joachim gjere?Skal han være flagrande,mørk og mystisk?Eller vise litt booty?
Dette er ikkje ny gardin,det er ny kjole.Paris treng litt gardiner i gatene,eg er lei av dei svartkledde.Men parisarane kler seg fint,det skal dei ha.I går såg me ein mann på metroen,eg vil tippe han var ein stad mellom 80 og 90 år.Han var kledd som om han kom rett ifrå catwalken,og såg kulare ut enn dei fleste eg kjenner.I handa hadde han eit Vogue.Eg skulle gjerne komt på te og croissantar hos han,mens han fortalte røvarhistoriar frå Paris på 40-talet.
Wednesday, October 15, 2008
Tristesse
Uff.Eg våkna med dårleg kjensle.Såg bort på fisken.Han var død.Den andre lev,men vil ikkje ete.Eg veit ikkje kva eg skal gjere.Og alt som var så bra.
Men songen ovanfor kan gjere ein som meg glad.
Svartekunst
Lenge har eg leita etter ein kafe med sofaer ein kan synke ned i,og ein kafe som har Te Chai.Ein dag eg gjekk å spionerte i eit mystisk,mørkt smug,dukka det opp ein kafe som hadde begge deler."Flott",tenkte eg,gjekk inn og bestilte med ein Thè Chai,satte meg godt til rette med boka mi,ante fred og ingen fare.Så kom bestillinga mi på bordet."Flott",tenkte eg igjen,løfta koppen og tok ein liten sup.Eg kvapp.Eg hadde ikkje forutsett kva som skulle komme.Det eg smakte var så godt at eg nesten vart litt rørt,litt flau,og eg måtte sjå rundt meg for å sjå om dei andre cafégjestene hadde sett kva som hadde skjedd.Eg måtte sende melding til Joachim og sei han måtte komme.Han kom,og fekk servert det samme mysteriet som meg.I dag måtte Anna også prøve.Det er trolldom i den koppen,det er eg sikker på.
Eg og sykkelen min.Har foreløpig berre kræsja to gonger.Om ein har sykkel i Pari,er ein det samme som ein bil.Ein må sykle der bilane køyrer,og stoppe på rødt lys.Det er actionfilm på høgt nivå for meg.Kjenner meg som ei metrovogn.Har på hanskar,eg er pacific blue på nynorsk.Eg kjenner litt nokre tyske jenter som brukar proffe sykkelhanskar og virkar jævlig kule.Kanskje eg kan vere med i den kule,tyske sykkelbanden deira no når eg også har sykkel.
Monday, October 13, 2008
I eksil
No har eg budd i Paris i to månader.Om kvelden syklar eg forbi Eiffeltårnet som blinkar.Då skal eg heim til 16 arrondissement,der kjenner eg meg trygg og heime.Der har eg grønn seng med ei pute som luktar av parfymen min.Det er ikkje lenger berre fire veggar med ting imellom.Dama på nærbutikken kjenner meg igjen,og har byrja å smile til meg.Eg synes ikkje lenger det er rart at eg ikkje skjønar kva folk rundt meg seier.Eg er utlending.Rundt meg bur det 3 millionar andre.Eg veit at innimellom bygrensene fins alt.Eg lurar på det nokon gong går an å returnere til Norge,gløyme alt,og fortsetje å leve eit vanleg liv med brunost og fjell.
Sunday, October 12, 2008
Diskopprydding
Jeg sitter å rydder opp på harddisken, det viser seg at tre år gamle ønskelister,gamle eksamensoppgave-forsider og jobbsøknader tar opp mye plass. Det er mye ubrukelig som lagrer seg på en harddisk etter hvert som årene går, men fant også noe fint. Denne msn-samtalen med Hanne Kroken foreksempel:
Caline sier:
det som er bra. det skjer aldri noe på myspacet mitt, men med en gang jeg skriver noe til deg skjer det noe, jeg blir glad
Hanne sier:
livet er som myspace
Caline sier:
dagens visdom!
Hanne sier:
gled en, de gleder deg tilbake
Caline sier:
fin du
Caline sier:
jeg må virkelig tisse
Hanne sier:
livet er som en pølse med prim. Fint, men fult av dårlige kombinasjoner
Hanne sier:
tiss i stolen
Caline sier:
ligger i sengen, orker ikke tisse i den, det er en av livets dårlige kombinasjoner
Hanne sier:
hehe
det som er bra. det skjer aldri noe på myspacet mitt, men med en gang jeg skriver noe til deg skjer det noe, jeg blir glad
Hanne sier:
livet er som myspace
Caline sier:
dagens visdom!
Hanne sier:
gled en, de gleder deg tilbake
Caline sier:
fin du
Caline sier:
jeg må virkelig tisse
Hanne sier:
livet er som en pølse med prim. Fint, men fult av dårlige kombinasjoner
Hanne sier:
tiss i stolen
Caline sier:
ligger i sengen, orker ikke tisse i den, det er en av livets dårlige kombinasjoner
Hanne sier:
hehe
Fant også et lite skriveri jeg har rablet en gang for lenge siden, det var også litt artig:
Nesens velbehag.
Jeg liker å presse nesen ned mot overleppa for å kjenne porene ned mot den myke huden på overleppa. Kontrasten er god. Mykt mot grovt. Nesten som å ta på pappas skjegg. Jeg kan vippe nesetippen frem og tilbake langs hårene på leppekanten. Det knekker litt i nesebrusken, dette gir kiling ned langs ryggraden og kinnbenene. Men jeg liker ikke at folk ser meg gjøre dette. Leke med meg selv. Det er forbundet med å pille nese, en skal ikke gjøre det. En skal oppføre seg pent, smile til de som ser og neie til de eldre. Dette vil jeg ikke. Jeg vil bare sitte å presse litt på nesetippen uten at noen ser det. Stor glede i små ting, det er velbehag.
Nesens velbehag.
Jeg liker å presse nesen ned mot overleppa for å kjenne porene ned mot den myke huden på overleppa. Kontrasten er god. Mykt mot grovt. Nesten som å ta på pappas skjegg. Jeg kan vippe nesetippen frem og tilbake langs hårene på leppekanten. Det knekker litt i nesebrusken, dette gir kiling ned langs ryggraden og kinnbenene. Men jeg liker ikke at folk ser meg gjøre dette. Leke med meg selv. Det er forbundet med å pille nese, en skal ikke gjøre det. En skal oppføre seg pent, smile til de som ser og neie til de eldre. Dette vil jeg ikke. Jeg vil bare sitte å presse litt på nesetippen uten at noen ser det. Stor glede i små ting, det er velbehag.
Friday, October 10, 2008
Floker
Ein dag stod eg ved sida av ein mann på metroen.Han hadde på seg mørk dress,og var antageligvis på veg heim frå kontorjobben sin.Plutselig såg eg at eg hadde lagt igjen eit langt,lyst hårstrå på ermet på den mørke dressen hans.Eg turde ikkje ta det vekk.No tenker eg heile tida på kva som kan ha skjedd dersom kona hans fann hårstrået då han kom heim.
Life.Death.And life again.




Andre sesong av Pushing Daisies er endeleg kommen.Eg lar meg så lett fortrylle av blomstrete tapet,kirsebærpai,femtitallskjolar og håplaus kjærleik."I spent so much time praying, I've run out of things to say. I'm having awkward silences with God!" ,Olive
Thursday, October 09, 2008
That was fun
I går var eg på Jenny Lewis-konsert,det var så bra!Ho spela alle songane eg ville ho skulle spele,og når ho spela "Melt your heart" ville eg det aldri skulle slutte.Ho kom inn med smilande rødvinsfjes,og song om alle løyndomane sine.Etter konserten gjekk ho forbi meg på utestaden,eg tok mot til meg og spurte om eg kunne få ta eit bilete (eg hadde med fm2'en og trur det hadde vorte eit strålande bilete).Ho hadde akkurat teke av seg sminka og tatt på nattkjole,og var på veg heim,og spurte om det gjekk greit at eg heller fekk ein klem.Det gjekk greit det også,og me snakka om Norge,Erlend Øye og Ragni.Etterpå mista eg siste metroen heim,mista sålen til skoen,og vart forfulgt av ein plagsom liten franskmann.Heldigvis kom ein taxi som eg bokstaveleg talt kasta meg inn,taxisjåføren viste meg tunnelen der Lady Diana kræsja,det var spennande.Ein vellukka kveld.
Hva tenker Ica-jenta?

Dette bildet er tatt i osloveien, på vei til mormors første gang jeg skulle treffe Karina. Det var da jeg skjønte at som student kunne man drikke øl selv om det bare var tirsdag.
Nå sitter jeg på biblioteket som heter Gunnerus, det ligger på kalvskinnet og er en ganske nær nabo av mitt hus. Det er et fint bibliotek, jeg liker å sitte her, selv om man må være helt muse stille, høyheltesko,snørr i nesa,musikk i ørene eller lyd på telefonen er nesten helt forbudt. Jeg trosser grensa hver dag med knekkebrød og kaffe som må helles i kopp. Living on the edge, som døm sier. Biblioteket er et sånt som ser gammelt ut, med to etasjer og bøker fra gulv til tak.Man kan ikke se ut fordi det er persienner, men man kan se at sola lager fine runde mønster på veggen gjennom små hull den finner frem til. Jeg blir litt nostalgisk av å være her, fordi jeg var her en del første høsten jeg bodde i Trondheim. Da var alt annerledes. Heidi,Bonnie,Siv&Camilla,Ila,Ica,filter. Det er så rart hvordan man gjør ting viktig i forhold til hvor man befinner seg. Foreksempel hvor jeg handlet mat: Ica og bunnpris på ila. To fine steder, somvar ganske vesentlig en tid i livet. Men hvor lenge er det ikke siden jeg har vært der nå? Det
er ganske rart at man kan savne en møkkabunnpris og en litt flau Ica, men etter å ha vært innom,jeg vil si nesten hver dag i to år, så er det rart når man pluselig ikke gjør det lenger. Jeg lurer foreksempel på om Ica-jenta undres over hvor vi har blitt av.For jeg lurer jo på hvordan det går med henne,burde ikke hun gjøre det samme? gjør hun det samme? Jeg tror egentlig det.
Jeg har lovet meg selv å ikke glemme å ta turen bort til kafe filter, men det er liksom ikke så vrient å få til, det er værre å stikke bort på ica for å kjøpe dyr mat man må bære langt. Forresten flip-flopps går også på lista over ukule props å ha med seg på lesesalen.
Selv om akkurat den tiden i Trondheim er forbi, da alt var nytt, ica var stedet man ofte pyntet seg for å gå til kvart på seks en lørdags ettermiddag og filter fungerte som stue. Er det fint å sitter her på lesesalen med et retrospektivt blikk, å mimre over goodtimes i osloveien!

Heidi lærer noe nytt på skolen, vi prøver det ut!
Wednesday, October 08, 2008
Silver Lining

Eg byrjar å bli svært velståande her nede i gamle Pari.I går fekk eg sykkel.Den kjøpte eg av ein søt ein på Montmarte,og eg sykla heile vegen heim i regnet og var lukkeleg.Det er slik at om ein skal sykle,så må ein sykle der bilane køyrer,om ikkje drep fotgjengarane deg.Det var veldig skummelt,og avogtil følte eg at eg sykla like fort som metroen.Eg hadde iPod på øyret og tok matpause ved Eiffeltårnet.Då eg var nesten heime kræsja eg inn i ein anna sykkelgut,og eg fekk bruk for min utsøkte fransk og sa: "Ca va?"Hadde eg levd i ein litt meir romantisk komedie hadde det endt med rekkehus og hamster.I kveld skal eg på Jenny Lewis konsert,endelig.
Med ein fot i himmelen og den andre litt her og der
Eg befinn meg ikkje på jorda om dagen,eg befinn meg i trollmannsverda.Eg les den aller siste boka om Harry Potter,og eg greier ikkje leggje den ifrå meg.Det er kjempeskummelt,eg gøymer meg under dyna og håpar Voldemort forsvinn snart.Eg trudde Joachim var død i går.Han kom aldri heim,me kunne ikkje fatte kor han kunne vere.Det var hans tur til å mate fisken,og eg måtte gjere det sjølv.
Eg ringte til han og sa: "Hei!Er du død?"
Han svara:"Nei,det er eg ikkje."
Eg: "Okei,snakkast heime."
Etterpå kom Joachim heim.
"Har fisken fått mat?", sa han.
"Ja,du gjekk glipp av det.",svara eg.
"Takk for at du ringte og høyrte om eg var død forresten,det set eg pris på.", sa han.
"Det var så lite.",svara eg.
Eg trur heile denne hendelsen må ha ført til ein grusom draum eg hadde i natt.Eg drømte at eg og fisken var på stranda, men ved eit uhell kom det masse reker og sjøpølser og drepte han.Eg angra veldig på at eg hadde teke han med på stranda,men det var ikkje noko å gjere med.
J-man
Saturday, October 04, 2008
Kvitenatta


I natt er det Nuit Blanc,eg veit ikkje heilt kva det er,men det er kunst og kultur heile natta.Me skal kle godt på oss,og snart ta metroen til der me trur det skjer.For i natt skjer det,overalt.
I got mad love for you shorty. That’s on the real.
No kjem 90-talls-retroen!Me var og såg "The Wackness" på kino i kveld,som er lagt til sumaren 1994.Og det var ein fin film,det var ein film av den typen som gjer både godt og vondt samtidig,når du ler medan ei tåre heng i augekroken.Mange fine quotes, som "I love so much i wanna listen to Boys 2 Men when i'm with you."Og masse fint lys.Og kjærleik.Vond kjærleik.


Friday, October 03, 2008
Det er duket for atter en helg. De to siste dagene er magen blitt fylt opp av kjøttmat laget av kokker og dyr kaffe med kake til, mamma og pappa har vært på besøk. Men nå er de reist igjen. Vi sitter tilbake med lusne studentkontoer å må underholde oss selv. Det gjør jeg som regel best i lag med folka på bildet, bare se hvor flinke de er til å få tiden til å gå: Mobil, gameboy og kaffi, i dyp konsentrasjon. I morgen er det tilbake til gamle røtter i osloveien, fest hos Tilsammans.De er forøvrig hyggelig og snille og vi har gått inn for å holde kontakt med dem!
Helga tar som sagt fatt, jeg sitter her i sofane å er redd for at jeg skal kjede meg. Håper det skjer noe moro i dag. Vi går inn for alkoholfri dag. Skulle ønske jeg hadde kjøpt meg en moropakke!
Ferjekapteinen
På søndag stod eg i leiligheten til Susan og baka pizzadeig.Plutselig stod Benedikte der også.Det var så fantastisk gøy,og eg blei så glad at eg måtte grine litt.Eg har aldri vore så lenge vekke frå gamlelandet før,og å sjå eit kjent fjes var kjempegodt!Så eg har vore turist denne veka,og det var ekstra fint å kunne vise fram byen "min".No har me vist Paris kven som faktisk er kaptein på denne ferja.
Cafe Cheri,ein kafè der dei har gamle skulepultar som kafèbord,og mange bygdeoriginalar som stamgjester,blant anna oss.Eg såg ikkje før nettop at ein fyr i bakgrunnen tek bilde av meg imens eg tek dette bildet.
Eg viste Benedikte Free P'Star,min favorittbutikk i Paris.Der har dei masse fin vintage til 40,80 og 160 kr.Dei får inn nye ting nesten kvar dag,og no er eg på hels med folka som jobbar der.
Me fann ein butikk med kjempefine fuglebur-lampar og andre spennande ting.
Eg forelska meg i kaninlampen,og måtte nusse den.
Selvfølgelig måtte me opp i toppen av Eiffel.Eg har aldri sett Paris ovanfrå om kvelden før,så det var spennande.I toppen av Eiffel er folk fylt av kjærleik og vind.Då me skulle gå ned igjen sa Benedikte: "Sikker på at me ikkje skal prøve oss på nokon først?"Eg svara: "Å møtes i toppen av Eiffeltårnet er jo ein god historie."
Benedikte: "Ok, me går ein runde til!"
Seinare på kvelden var me på spennande eventyr med fyrstekake,politi,vintagemann,sjokoladefrokost,svaneleik og verdenskrig.Desverre vart ingen bilete tatt,men spennande var det.
Dagen etter var me i katakombene.Det var dystert og skummelt,så etterpå måtte me rekreere oss på ein kjempefin kafe på Montmartre.
Eg og Anna på den fine kafeen.
Me drog opp til Sacre Cæur,det kjennes alltid godt å komme litt opp på toppen av det heile.
Me tok Amelie-karusellen,og me har akkurat funne at ein scene frå då Amelie leitar etter Bredotou vart filma like utanfor huset vårt.
J-Dog and B-Dog.Can't tame them.
Karusell.
På kvelden drog me ut,Anna fann ut at ho ligna på ein metrobillett.Benedikte fekk kultursjokk av franskmenna,men det har me alle.Me dansa masse,og eg fekk komme inn i DJ-boksen og setje på Datarock,det var gøygøygøy.Ein gut prøvde å lure Anna med å fortelje at det var han som lagde håla i osten på ostefabrikken,og eg måtte spørje ein gut etter legitimasjon.Me menga oss med it-girlsa og that-boysa,og ein mann spanderte vin på heile klassen.På metroen heim var det meste ganske pinleg,aller mest då ei gammal dame trudde Benedikte prøvde å slå ho,og ho kvakk sånn at ho byrja å grine.Joachim meinte at heile kvelden hadde vore noko av det pinlegaste han hadde vore med på,eg er delvis einig.
Dagen etter reiste Benedikte,det var trist,så eg bestemte meg for å fylle tomrommet med ein ny fisk.Han heiter Luc,er gul,og interesserar meg.Eg håpar det går betre med han enn det gjekk med Jean-Baptiste,men han virkar mykje piggare.Eg likar kor fint han ser i kamera.
Som om ikkje fisk var nok,måtte eg gå tilbake til kanina eg forelska meg i og ta den med meg heim.Den heiter Le Lapin,og lyser så fint på nattbordet at eg må nusse den avogtil.
Joachim,aka Carrie Bradshaw.
Subscribe to:
Posts (Atom)
Blog Archive
- January (9)
- December (23)
- November (32)
- October (52)
- September (24)
- August (24)
- July (36)
- June (31)
- May (29)
- April (34)
- March (28)
- February (25)
- January (22)
- December (21)
- November (28)
- October (38)
- September (35)
- August (26)
- July (22)
- June (14)
- May (19)
- April (16)
- March (16)
- February (11)
- January (15)
- December (8)
- November (10)
- October (15)
- September (10)
- August (5)
- July (7)
- June (13)
- May (17)
- April (15)
- March (20)
- February (23)
- January (21)
- December (12)
- November (21)
- October (28)
- September (34)
Kval&Actionfilm?
- Heidi og Caroline
- Dette er ein blogg om to. Caroline i Oslo, Heidi i Paris.




