Monday, September 29, 2008
Hverdag
Thursday, September 25, 2008
Ein gjeng som får mor di til å sende flybillett i posten
I dag fekk eg eit lite brev frå Johannes,med teikning av ein sykkel,bilete og litt praktiske opplysningar.Eg fekk eit bilete av bakgården i Oslovegen,og eit bilde me tok den siste natta me alle var samla i heimen.Det var kjempekoslig,og eg har hengt det over senga mi.Eg saknar dykk:


For me var ikkje koslege,me var kule.Og me hadde aldri fruktfat og konfekt,men me hadde øl i boden og kaffi på the-Johannes-way.Me hadde hyttetur året rundt, og ein grønn sofa å sitje i.Av underhalding kunne me by på stegespel og VHS-filmar.Dei kule 4-eva.
Ein tidleg morgon i 21 rue Raffet


Me har ein homo-skog like ved oss.Der heng det leopardtruser på greinene.Men ein treng ikkje ta av trusa,ein kan også berre jogge.Det gjorde nokre av oss.
Wednesday, September 24, 2008
The walk of lame
I går var me på ein bar der det var noko dj-greier.Me drakk Guiness, og prøvde å få litt fart på dansegolvet,men det funka dårlig.Etterpå rakk me ikkje siste metroen heim,dørene lukka seg bokstaveleg talt foran nasa på oss,men det er ikkje alltid like lett å gå ifrå ein mørk og mystisk Pierre til fordel for metroen.Iallefall var det berre å ta årene fatt,og begynne å gå heim i regnet.Heile denne vegen gjekk me:
Det er ca.halve Paris.Då me kom til Champs Elysees drog med eit par strofer av "ååå champs elysees...", og inni meg tenkte eg "ååå tove med t...",som eg alltid gjer om eg skulle befinne meg på Champs Elysees,som forøvrig er ei ganske lam gate med kaffi til 70 kr. koppen.Me spionerte inn vindauget til Jimmy Choo,Louis Vuitton og Baby Dior,og kjente oss som fattigfransar.Men det er me jo.Så i dag sov eg ganske lenge,Anna lagde arme riddarar til frukost,og me fekk kjempefint brev av Oda og Siggen i postkassa,heilt ifrå Stockholm.
Tuesday, September 23, 2008
No thanks,i have laundry day


Etterpå fekk me besøk av foreldra til Joachim og eit vennepar av dei.Det var kosleg,og me åt brødskjever på golvet.
Monday, September 22, 2008
Affermative
Me har cyber-matrix-theyear2000-skule.Eg,Joachim og Susan.Klassen.Læraren viser oss teikneserie,og me skal fortelje handlinga på fransk.Han viste eit bilete av ein mann som sprang opp ei trapp,og eg sa at han skulle heim å elske med kona si.Det var Susan som sa at eg skulle sei det.Desse fransktimane har ein tendens til å bli pinlige.Eg tok nye modellkortbilete i dag, i ein offentleg hage.Det kom nokre fjortisjenter med tannregulering og spørte kva blad bildene kom til å komme i.Eg sa det var Vogue.Eg har ikkje redigert dei enno,så imens kan me nyte Camilla Åkrans sitt bilete ovanfor.
Kids in the streets drinking wine on the sidewalks
Ho syng: "Is it love,or is it just Paris?"
Kitchy,sleezy,veldig franskt.Herlig.
Denne songen surrar på iPoden min når eg er ute å går.
Og kva er vel betre enn ein homoerotisk fransk musikal om dødsfall og trekantforhold?
Iallefall har eg forstått det slik at det meste handlar om skrudde forhold,galskap,ulukkeleg kjærleik og vin.
L'homme qui aimait Yngve
I dag foreslo eg:"Kva om me kjøper jævleg mykje god mat og legg oss i eiffelparken?".Heile verden sa ja til det.Så kjøpte me kinamat,frukt,pain au chocolat og mystiske små calzonar og la oss i høstløvet foran Eiffel.
Så gjekk eg og Anna på cafe ein stad der det var flott arkitektur,men lukta litt bais.Anna fanga meg i eit passe retard,men også litt småsexy augneblink:


Anna skreiv eit sjukt langt brev,for ho gjer nemleg det,og fortalte at ho gjerne kunne sende ein sneip ho hadde funne på bakken i posten.Eg leste i franskboka mi,og lærte meg å sei kva klokka er,eller å seie at ein er interessert i nokon som heiter Luc på fransk.Begge deler kan være kjekt å kunne.Eg smuglytta også på samtalen til dei på nabobordet,og eg skjønte at dei snakka om Jackson Five og grønnsaker.Så såg me den filmen som er nevn i overskrifta atter ein gong,og det er ein god film å ha i Paris.
Sunday, September 21, 2008
Ost og film
I dag har det vært fint i Trondheim. Det har vært loppemarked med kjøp av damestøvletter og fint stoff. Vaffel og saft i sola. Galleri. Søndagsmiddag. Medlemskap i samfundets filmklubb, vi så min nabo Totoro. Den er fin. Jeg er Mei, Marte er storesøsteren, Marius er Totoro og ragni er kattebussen.Marte er grei, hun har kjøpt en stor ost til meg i utlandet. Den kan jeg knaske på når det kniper og ellers ta frem i lystig lag. Takk!
Saturday, September 20, 2008
To market,to market!
Me har ein blomsterjungel i gangen,den er mystisk,og veks rundt ein heil vegg som er eit speil.
Eg og Anna var på marked på Porte de Vanves og Porte de Montreuil.Anna fann spegel og sokkar,eg fann brosje,armband og hårklemmer.Me åt crêpes,og eg fekk sjokolade i heile andletet.
Porte de Vanves.Eit hav av duppedittar til røvarpris.
Anna er i Paris,og eg kan bevise det.Etterpå var eg i Le Marais og åt falaffel i ein liten park.Sjølv om eg berre har vore i P-town i ca.2 sekund, må eg setje det på lista over "Favoritting å gjere i Paris".
I går såg me "2 days in Paris" igjen, for Anna hadde ikkje sett den.Den er så jævleg morosam,for den tøysar med alt det negative/skumle/sære med Paris og pariserar, i ein scene skrik hovedpersonen til kjærasten sin: "We're not in Paris, we're in hell!"Og eg skjønar følelsen så godt, når folk snakkar til deg og du ikkje skjønar eit ord,og alle oppførar seg rart,og du ikkje kan dei sosiale reglane som fks. at ein ikkje skal ta av seg skoa når ein er på fest,og at alle kyssar deg på kinnet,og at du for guds skuld ikkje skal håndhelse,for då virkar du som ein tulling,og alle creepy menn som stirrar deg med berre centimeters avstand inn i andletet på metroen mens dei kviskrar ord du ikkje kan eller vil forstå.Welcome to crazytown.
Friday, September 19, 2008
Who likes to rock the party?

To stykk fysisk nedbrutt ungdom.Heidi likes to rock the party.
Ein dag gjekk eg på gata.Toppen eg hadde på meg hadde sånne små knappar bak,og plutselig spratt dei opp,og eg måtte stå med begge armane bak på ryggen å prøve å kneppe dei igjen.Det var ikkje så lett.Plutselig kom ei dame og sa noko på fransk,og så kneppa ho igjen alle knappane.Etterpå gav ho meg eit kjærleg dunk på ryggen.Eg kjente meg godt tatt vare på.
Wednesday, September 17, 2008
Noe trivelig

Modellen,tafsemannen og snørremannen.

Eg tok modellkortbilder av ei jente som heitte Inge.Me hadde det ganske gøy,og japanske turistar ville ta bilde ilag med oss.Eg syns det er ganske skummelt på modellbyrået,der er det ontzontzontzwearethefashionpeopleontzontzontz, mens eg er ontzontziamheidifromthenorwegianislandontz.Eg ontzar berre med.
I går var det ein mann som antasta meg på metroen,etterfulgt av verdens kvalmaste blikk.Eg flytta meg berre,men eg burde ha knipsa han på nasa.I dag satt ein mann på metroen og plukka seg i nasa,og tørka busemenn på genseren.Eg vart ikkje sulten.
Anna in tha house,let me hear you scream!
No har det flytta ei jente inn til oss,ho heiter Anna.Ho skal gå på teaterskule om dagen,og sove i køyeseng om nettene.Me kjenner ho ikkje frå før,og for at eg og dykk trufaste lesarar skal bli litt betre kjent med ho har eg stilt ho nokre spørsmål det er greit å få avklart i starten:Yndlingsdyr: "Jeg ville hatt en tam røyskatt,men jeg synes det er veldig fint at de ikke er tamme."
Kaffi eller te: "Kaffe om morgenen og te om kvelden."
Caps eller lighter: "Lighter.Jeg røyker ikke,men da kan man tenne lys."
Hest eller Hanson: "Hest."
Favorittmedlem i Backstreet Boys: "Brian."
Yndlingsdag i veka: "Søndag,men det kan både være yndlingsdag og dagen jeg liker minst.Søndag er dagen med mest ytterpunkter."
Favoritt-frukost: "Arme riddere,mammas arme riddere."
Favoritt-Britney Spears musikkvideo: "Toxic, men det er bare for at sangen er bra, ikke nødvendigvis flyvertinne konseptet."
Brune,gule eller grønne bananer: "Gule.Er det noen som liker brune?"
No kjenner me Anna litt betre allereie,dette var kjekt.
Meir kjem.
Tuesday, September 16, 2008
Hesten som vart sendt til limfabrikken
Le paresseux cheval
Le lendemain, le laboureur sont venu et ont emmené le cheval alors qu'il mangait de l'herbe sur la terre. Les autres chevaux, a déclaré: “Maintenant, il va lui donner une réprimande. Quand ils sont revenus à l'étable le soir, le dernier cheval n’était pas revenu. Ils ne le voient jamais de nouveau.
Eg har skreve ein fabel,og eg har skreve den på fransk (google translate har også skreve ganske mykje,og Susan har retta).Den handlar om ein hest som er så lat og aldri arbeidar på jordet,han berre står og et gras.Dei andre hestane åtvarar han og seier han må sjerpe seg,men han gjer det ikkje alikevel.Plutselig ein dag kjem bonden og hentar han ute på jordet.Dei andre hestane ser han aldri meir.
Eg har også laga eit bilete til for dei som ikkje skjønar verken norsk eller fransk.
Kva faen?
Hadde eg vore parisar i 1887-1889,hadde eg tenkt:"Kva faen er det som skjer her no?No orkar eg ikkje meir."Og tårnet hadde berre blitt høgare og høgare og kvar gong eg såg det skulle eg sagt:"Køddar du med meg?Endo høgare?"
Mel
Ingenting er så morsomt,men samtidig så vondt som Mel i Flight of the Conchords.Eg elskar når ho "tilfeldigvis" kjem opp frå grøfta og når ho seier "What are you gonna do to me?DO IT!"Men det verste er egentlig at eg kjenner meg litt igjen i ho når eg er forelska sjølv.Monday, September 15, 2008
Moral
Denne songen og musikkvideoen er noko av det finaste eg veit.Eg vil være ein kyssande robot.
Eg gjer lekser.
Sunday, September 14, 2008
På strøket
I går var me i bursdag til Philippe som Susan bur med.Han er "gud bedre så skjønn",seier Joachim,me gav han eit løfte om ein middag.Alle elskar middag,men sjølv er eg ei breakfast-kinda-girl.Joachim fekk eit knapt besøk av foreldra sine i går,og dei gav han eit teppe.Så la han seg i senga mi og prøvde og freiste meg.Legg merke til Aaron Carter-hyllesten over senga,den har eg fått av Andi,og er noko av det gjevaste eg har.
I dag har me vore rekt litt rundt i strøket vårt og sett kva me fant.Me såg ein grusom mann i rosa genser og Luis Vuitton veske som sprada rundt i eit veikryss.Me såg også nokre folk som var kledd i pengar.Eg fekk lyst til å slå dei med hanske i ansiktet og sei "Faen,sjå på deg sjølv!"
Eg foreslo at me skulle gå på kafe for å studere litt.Her sit Joachim og studerar.
Her er eg når eg studerar.Eg har nye briller frå ei luguber sjappe på Montmartre,og mannen som jobba der prøvde å svindle meg for 50 euro.Han trudde eg var eit lett bytte,men det var eg ikkje.Dei har glas tjukke som glasa i popemobilen.Dei er heilt sikkert skotsikre også.Minus 5 på begge sider,eg er ein fjerdedel til blind har eg høyrt.
Innimellom dei harde øktene med studering åt eg creme bruleè.Det var godt.
Love from Lizzard

Heidi & J har flytta
og det var ikke til hytta
Nei,jaggu til verdens mest romantiske by
der ville de to unge nordmenn søke ly.
Husrom skulle de få,
leiligheten var helt rå.
Med kjøkken i skapet og grønn seng,
særegenheter kan nevnes i fleng.
De kjøpte seg en fisk,
det var litt av en risk.
Han gikk dessverre bort ganske fort,
eller som man sier på fransk: il est mort.
Fransk her,og fransk hele tiden
språket kan dere forstå siden.
Nyt dagene og se dere rundt,
det tror jeg kan være sunt.
Tiden flyr,
i Norge er det kyr.
Det hadde ingen sammenheng,
tror det er best jeg hopper i seng.
Vel,masse lykke til på deres vei,
håper jeg kan stikke innom en dag å si hei!
Peace out!
Friday, September 12, 2008
Amour
"Je t'aime Bianca" står det i eit digert hjarte nedi veien vår.Eg bli glad kvar gong eg går forbi,og tenker "berre i Paris".Det er kjærleik overalt.Par som klinar som om det var 2001,på metroen,på hjørnekafear,dei slyngar seg om kvarandre utan å bry seg om at andre stirrar.Gamle ektepar som går hand i hand i dei finaste kleda dei har på søndagar,femtenåringar med brune auge og skuleransel på ryggen som råklinar mens dei ventar på metroen,gamle,unge,rike,fattige som alle er like forelska.
Thursday, September 11, 2008
Trusselbrev til meg sjølv
Om eg kjem heim til jul og har blitt ein slik som går med genseren over skuldra,då kan Ragni få skyte meg i kneskåla.
Wednesday, September 10, 2008
Veckans Babe
trommevirvel
trommevirvel

CAROLINE!!!!
Du er Veckans Babe,gratulerar!Dette fordi du er god til å gjere triks og fordi du lev eit liv i gledens tjeneste.
*Om du vil stille som kandidat til Veckans Babe kan søknad og passbilete sendast til denne adressa:
Heidi Furre
21 rue Raffet
75016 Paris
France
Som dykk ser er det lang kø,men alle søknadar vil bli vurdert seriøst.
Den glade kval
I dag såg eg antiloper i dyrehagen og åt pain au chocolat i ein labyrint.Imens var Air og Sebastien Tellier inni iPoden.
Tuesday, September 09, 2008
Noko du kan sjå på




Så fine og enkle.
Monday, September 08, 2008
Alt eg kan drøyme om
Under Byen
Tv on the Radio
Jenny Lewis
Sigur Ros
Ratatat+++++++
Sunday, September 07, 2008
Sovedag
I dag hadde eg ikkje på vekkerklokke,det var godt,og plutselig kom Joachim inn på rommet mitt og sa at klokka var 4.Me kom heim med metroen klokka 7 i dag tidleg,me var så trøtte og kalde,det regna,men Joachim hoppa rundt og sang "I'm singing in the rain".Me sovna på metroen,så me kjørte altfor langt,og måtte gå av og kjøre tilbake.No har eg drukke te av den nye koppen,og det er godt å kjenne søndagsfølelsen.
Saturday, September 06, 2008
Vin på nattbordet
Me får inn internett i senga mi,det er godt.No surfar me og drikk vin.Oppenfor oss er det ein fest som høyres litt spennande ut.Det er sikkert rikmannsungdommane.Eg syns dei rike folka ser ut som om dei er litt kvalme heile tida,kanskje det er fordi dei blir kvalm av seg sjølv der dei går rundt å bærer Luis Vuitton-veskene sine.I dag var me på marked,eg kjøpte ein tekopp,ein plakat og ein topp som ser litt ut som det Britney har på seg i videoen til "Toxic" når ho er flyvertinne.Om det høyres rart ut ja?
I går var me ute i det området som heiter Le Marais,det er der all the beautiful boys,the pimps,the queens and the criminals er.Og dei beste bruktbutikkane.
Eg var også på eit modellbyrå for å spørre om dei hadde nokre modellar til meg,og det var skummelt,alle var veldig viktige og opptatt og heilt "we are the fashion people" og eg følte meg som om eg var ho jenta i The devil wears prada når ho møter Anna Wintour for første gong.Men så fekk eg snakke med ein mann,og han var hyggelig og fant fram mange modellkort,og sa eg kunne sjå på dei i helga og ringe han på mandag.Så eg overlevde.
Ein kveld var Jean-Baptiste død.Heilt plutselig,men eg skal innrømme at han har oppført seg rart og ikkje ete maten sin.Det var trist.
Kjøkkenet er i eit skap,men glad alikevel!
I stad ringte den kule cafè dama og spurte om me ville være med på konsert.Me ville,så no skal me ut!
Thursday, September 04, 2008
Nice mumu
No har eg hatt internett-matrix-cyber-chat-2000-skule.Eg hatar det,og lærer ingenting,for læraren snakkar berre fransk og eg skjønar ikkje fransk (enno).Imens læraren snakka fransk inn det eine øyret og ut det andre lagde eg ein reklame som viser kva eg har gjort i dag:Eg var på ein kjemperar og spennande brillebutikk på Montmartre,der jobba ein søt gammal brillemann,og han skal gi meg nye briller til onsdag.Han hadde tekniske apparatfrå ca.1950 han brukte på augene mine.Eg har kjørt grønn,rosa og blå metro.Eg har ikkje piratkopiert "The Virgin Suicides" (piratkopierar ikkje ein ny film kvar gong eg har internett-matrix-skule som kosebit etterpå).Og så er det ein spennande butikk eg har sett på lenge,men alltid har vore stengt,men i dag var den åpen,og der var det masse fine billige vintage-ting,og eg fant verdens kulaste 70-talls skuleveske,og kjøpte den av ein enno kulare 70-tallsmann og han ga meg 2 euro rabatt,og eg håpar det var fordi han også syns eg var kul.
Caroline,i dag fant eg Mad Vickys Tea Gallery etter litt intensiv kartlesing,det var stengt.Stod litt utenfor og håpte Cocorosie skulle komme slentrande forbi,men det skjedde ikkje.
Det har skjedde noko heilt sjukt inni meg,for kvar gong eg ser eit tal les eg det på fransk istadenfor norsk,heilt av meg sjølv.
Wednesday, September 03, 2008
Ein liten venn
No har me flytta inn i den ordentlege leiligheten.Her er det kjøkken i eit skap,køyeseng,spindelvev,location i bakgården og rosa dopapir.Strøket er ganske rolig,og eg trur det er mest rike familiar som bur her.Eg har funne ein fin sushiplass rett borti gata,det er herlig og farlig.Joachim sovna straks me flytta inn.
Dette er rommet mitt.Veggane er mala i ein farge eg tippar heiter "Warm peach",den er litt småkvalm.Senga er det drøyaste eg har vore utfor,det er som å sove i julenissens slede.
Joachim er tafatt på rommet.
Og det aller beste er;me har fått ein gullfisk!Han er ein fransk fisk,og heiter derfor Jean-Baptiste,og han er veldig sjenert,og kanskje litt retard.Me adopterte han på dyrebutikken i dag,eg sa: "I want him" og peika på fisken som svømte heilt åleine i eit hjørne.Han vil ikkje ete,eg trur ikkje han føler seg heilt heime ennå,men det er greit,for det gjer ikkje me heller.Han bur eigentleg på kjøkkenet,men eg får lov til å ha han på rommet i natt.Eg må heile tida sjekke at han ikkje er død.
Jean-Baptiste i tilvenningsfasen tidlegare i dag.
Eg og Jean-Baptiste.
Me har handla inn forskjellige ting heimen.Det er alltid like gøy å gå på butikken,for alle maten er ny,spennande og mystisk.Det er også mange freaks som går rundt og snakkar med seg sjølv på butikken,her ser Joachim litt ut som ein av dei.
Tuesday, September 02, 2008
Kug
Monday, September 01, 2008
Førebilete
Somme gonger føler me oss like kule som Flight of the Conchords,der me går rundt i byen og virkelig forstår kva "Inner City Pressure" handlar om.Eg hadde mest lyst til å være Jemaine.
Andre gonger er me like kule som Mary-Kate & Ashley fordi me berre driv dank heile dagen,akkurat som dei.Joachim hadde mest lyst til å være Mary-Kate.
Melt my heart
"Hei kjære Heidi. Godt at du har komt deg vel frem. Eg kan snakke med deg på Skype når du har tid og anledning. Send gjerne epost og fortel korleis du har det. Håper at du får ditt livs eventyr.
Helsing pappa "
The lonely hearts club

Joachim plagar meg HEILE TIDA,og stikk fingeren sin inn i nasa mi og seier at eg er polsk.ÅÅÅ.
Om eg skulle lagt ut dette bildet på foto.no skulle eg kalt det noko slikt som "Lonely angel in my eye".Eg stemmer for at me lagar ein klubb der ein visar bilder med foto.no-navn.
"Lonely nipple in my eye"
Blog Archive
- December (19)
- November (32)
- October (52)
- September (24)
- August (24)
- July (36)
- June (31)
- May (29)
- April (34)
- March (28)
- February (25)
- January (22)
- December (21)
- November (28)
- October (38)
- September (35)
- August (26)
- July (22)
- June (14)
- May (19)
- April (16)
- March (16)
- February (11)
- January (15)
- December (8)
- November (10)
- October (15)
- September (10)
- August (5)
- July (7)
- June (13)
- May (17)
- April (15)
- March (20)
- February (23)
- January (21)
- December (12)
- November (21)
- October (28)
- September (34)


