Thursday, July 31, 2008

Meir kos

Når eg først var inne på musikkfoto kan eg like gjerne peise på med meir.Shout out louds legg ut så masse koslige bilder frå når dei er på turnè,det ser ut som om det har det bra:







You are what you love

Når det blir høst skal Jenny Lewis komme med ei ny cd.Det gledar eg meg til,ho ligg på femteplass på 25-mest-spela-lista på iTunes' n min,og det er ganske bra.Ho har så triste og fine tekstar og syng foreksempel ting som:"Not nobody, not a thousand beers,will keep us from feeling so all alone."Og så håpar eg at nokon tek enno fleire fine bilete av ho:





Wednesday, July 30, 2008

Å kline til Mmmbop


Her er det mange kjente fjes,takk til Helene for tjuvegods.

To dager i helvette


I går kveld: var det lysshow på himmelen som avisene kaller det så fint. Det var tordenskrall fra en annen verde og x-antall lynnedslag. Jeg skal ikke si at jeg var vettskremt, men det var litt uggent når det skrallet så fælt utenfor at huset ristet.


Lørenskog med lyn. Foto: http://www.rb.no/




I dag: En lokal mann forskanser seg i bilen sin utenfor lendsmannskontoret å truer med å sprenge rubbel og bit. Hele Lørenskog blir stengt av og mange blir evakuert. Vi får et tema å snakke om på vaskejobben, men alle svetter litt ekstra.


De fikk hjelp fra bombehunder og en hel bombetropp fra oslo, samt skarpskytere som lå på taket og i skogen å fulgte med på mannen med bomba. Dette har VG fortalt meg.

Nå skal jeg lage pannekaker å roe nervene. Tenke på at alt var bedre før, da var det mye pannekaker, grøt og poteter. Nå har vi pasta og bombemenn.

Tropenatt

Det er så varmt i leiligheten.Greier ikkje sove,sjølv om eg skal på arbeid i morgon.Difor har tatt ein kalddusj og sett "En kjärlekshistoria".Det var ein perfekt sommarfilm.

Eg jobbar i ei kantine i ein bank.Det er ei einmannskantine,eg er kaptein på skuta.Det er skummelt, må bestemme sjølv kva mat eg skal lage,og bestille varer sjølv."Hallo,ja dette er Heidi i banken,eg skulle gjerne hatt to kilo tomat til i morgon."Men eg kosar meg,høyrer på radio,drikk kaffi og drøymer meg vekk.

Er åleine heime i nokre dagar.I dag kjeda eg meg grenselaust,så fekk eg lyst til å teikne på asfalten med kritt,men det går liksom ikkje å gjere åleine,det ser berre dumt ut.No er det ein mann og ei dame som kranglar i gata utanfor,dei er veldig sinte og ropar "ALDRI MEIR!"Hadde det ikkje vore for tropenatta skulle eg ha lukka vindauget.

Tuesday, July 29, 2008

Forsoning

Eg har aldri heilt vore ven med stillife.Kanskje fordi eg brukte store delar av vidaregåande til å ufrivillig tegne forkasta vasar og fat med plastikkfrukt.Men i dag kjøpte eg meg eit blad av typen art&fashion,og inni der fant eg ei fotograf som heiter Laura Letinsky,og ho har teke dei fine stillebena under.Då vart eg ven med fruktfata og vasane igjen.





Monday, July 28, 2008

tægga


Jeg har tægga, en panda med veranda!

Joda, vi leker buttikk...









Det er moro å leke at man har noe man ikke har. Vi har ikke fisheye linse til digitalkamera, men vi har det veldig gøy for det. Pappa, Bror og meg.

27 juli. Rasta. Sønnaveien.

I ettermiddag har jeg følt meg fremmed. Det er veldig varmt ute, jeg var nydusjet og alene hjemme uten mye planer.
Den plassen jeg bor på er en typisk plass man bor, her er naboer,plener,hunder,postkassestativ,dobblegarasjer og skilt der det står at barn leker, så en må kjøre forsiktig.
Om en er alene hjemme i et stort hus og i tillegg nydusjet kan en få en følelse av at man må bruke renheten og tiden på noe. Jeg vasket litt på badet og sydde i en knapp, men etter at det var gjort var det fortsatt mye kveld og tid igjen, og jeg følte meg fortsatt ren. Så derfor bestemte jeg meg for å gå ut av huset, jeg gikk først ut på plenen(vi har rips som er gode der). Etter det gikk jeg inn i huset og ut på andre siden, ut på veien foran huset. Det var da det slo meg, da jeg sto foran huset mitt, i ei velkjent gate, jeg har bodd i største deler av livet mitt, men når jeg står her nå og har lyst å se noe annet enn innsiden av det gule huset mitt, så har jeg ingen steder å gå. Alt er så kjent, jeg har vært overalt, over hver minste sten og busk i nabolaget opp igjennom oppveksten, men nå, når jeg er tilbake og eldre, så har jeg ingen steder å gå, det virker veldig fremmed. Det er akkurat som om mine løyper ikke passer lenger, siden det er så lange siden jeg har brukt dem, og nå, nå som jeg er stor kan jeg ikke lenger gå der. Til tross for denne rare følelsen ruslet jeg en liten tur bort etter veien, kikket litt på husene jeg kjenner så godt, men som allikevel fremsto som helt nye for meg. Jeg gikk inn en stikkvei å følte meg nesten helt maltplassert da en dame jeg kjenner ansiktet på, kjørte sakte forbi meg å skulte. Det endte med at min lille tur ut av huset var en forflyttning på knappe 300m. Der jeg hele veien følte meg fremmed. MEN, jeg fant en stor busk med bringebær langs veien, plukket med meg en neve hjem til kvelds- yoghurten.


I hagen

Utenfor huset mitt


Ei neve bringebær

Roskilde!

Her er minner frå festivalen der verda stoppar opp og kardemommeloven gjeld:
Bussen til Roskilde,ein lang veg.
Ein bensinstasjon i Sverige,eg kjøpte kaffi.I køen,før me vart trøtte og slitne.
Toetasjerstoget.
Ein jævla turist.
Toging.
Togstasjonen i København.
Is i Køben.

Finn to mongoar.
Kosete menn på madrass.

Karima.
Eit folkehav med slitne folk.
Hilde og Hege,a party with beer.
Kvar morgon når sola stod opp måtte me gå ut av teltet og sove utenfor,dersom ein ikkje ville døy av kvelning.
Ronkeklubben.

Ragni på Band of horses.
Band of horses!
Karina i hengekøya med sexy kjole.
CocoRosie,eg står langt framme.
Pappvin!

Frå venstre:Andi,Hilde,Hege,Hanne og Ragni på Jay-Z i regnet.
Øl mellom øktene.
Me ventar på Digitalism.
Jose Gonzalez,såg ingenting,høyrte ingenting,veldig varmt.

Friday, July 25, 2008

Going steady

No er det matfestival i Stavanger,då går ein rundt og smakar på ting heile dagen.I kveld var me på noko som heitte Extreme Dinner,då satt me i marokkanske telt,og blei mata med 16 rettars middag,alle rettane vart servert i ei skei.Dei var magedansing,og ein fekk ny vin heile tida.Det passa meg bra.Då desserten kom gjekk kjærasten til pappa ned på kne og fridde til han,han brukte nervepirrande lang tid på å sei ja,men han sa ja.Me vart alle glade,og eg gav min tillatelse.Det var på tide,etter 7 år.Eg grein og grein,det var så romantisk,og eg har aldri sett nokon bli fridd til før.Det var som å være i ein amerikansk film.

Wednesday, July 23, 2008

Hva preikeru om?

I dag gjekk me på tur til preikestolen,der har eg aldri vore før.Det var mange utlendingar som ikkje hadde skjønt at høghæla sandalar ikkje er tingen når ein skal opp i høgda.Eg såg ei italiensk dame som tryna i ein steinrøys,men det gjekk bra.Det var ein veldig fin tur:
600 m.o.h.
Eg måtte krype ut på kanten.Kasta nektarinsteinen ned og såg den falle.Når eg er ved slike høgdar blir eg redd at eg plutselig berre skal klikke mongo og trille utfor.Eg prøvde å sjå for meg kva eg kom til å tenke på under fallet,og eg vart einig med meg sjølv om at eg skulle prøvd å nyte det.
Dei vaksne holdt på å få angina når eg tok dette biletet. Eg og ein tyskar dristar oss utpå.Dama til han tyskaren var dritredd.
Dei vaksne.


Eg høyrte på den nye Sigur Ros'n og tenkte at det var passande preikestolmusikk.Når me kom ned att var det lov å ete is.

Tuesday, July 22, 2008

Måtte eg brenne

Eg har begått ei dødssynd;eg har fråtsa.
På onsdag startar den årlige matfestivalen i stavanger(er eg på rett plass eller er eg på rett plass?).I den anledning har min pappa besøk av masse andre ungdommar på hans alder her i leilegheita.I dag vart eg med dei vaksne på resturant,og eg ante ikkje kva eg gjekk til.Det er grusomt,men eg åt mat for samme sum eg et for i løpet av ein månad.Det var litt smertefullt for ein grandiosa-etande student,men det var også heilt fantastisk.Først fekk me biff tartar marinert i spennande smakar,så ein vårrull med røkt svin,så ei fiskesuppe med aure og pasta,så kylling og foie gras (ja,no føler eg meg klar for paris),så fekk me ostar og nøtter,så fekk me ein heilt sjuk dessert eg ikkje heilt kan forklare,men det var bringebær der,og det var det beste eg har smakt.Me fekk ein ny vin for kvar rett,og innimellom rettane fekk me smake på andre ting for å ta "pause".Det er det verste eg har vore med på,kjenner meg som Annie når ho kjem til Mr.Warbucks,og aldri har sett slik rikdom.

Forresten,Johannes,på gourmetresturant brukar dei Kvitseidsmør.The one and only.

Huff,dette skal eg aldri meir gjere.La meg leve lukkeleg og uviss i fattigdom,med godt samvit.

Monday, July 21, 2008

Once


I dag såg eg "Once" på kino,har prøvd å makke meg på den sidan fredag,men det har vore utselt kvar dag,sikkert fordi den er klint utover i alle aviser med terningkast fem og lovord.Men ikkje utan grunn,eg fekk hjarteflimmer og våte auge.Den var skummelt ekte,og det er ikkje rart hovudpersonane vart kjærastar i verkelegheita,tilogmed eg satt heile filmen og berre verka etter at dei skulle kaste seg over kvarandre.

Greidde også å prestere å havne i feil kinosal først,og ikkje berre i ein vanleg sal,men i ein luksussal,med lenestol,kaffi og sjokolade."Jaja",tenkte eg,det skulle berre mangle ettersom billetten var røvardyr (95 gronkar!!!).Det var litt pinleg når mannen som hadde setet mitt kom og spurte om eg var på rett plass,eg sneik meg diskrè ut med kaffikoppen min,som ikkje var min.

For å orientere meg litt andre stader enn i bykjerna,har eg jogga litt rundtomkring på stader eg ikkje har vore før her i Stavanger.I dag fann eg ein park,den var heilt folketom,eg syns det var litt rart sidan det var søndag.Så eg stod der å drakk litt vatn mens eg kikka etter fine stader og ta bilder,og plutselig satt det ein mann på huk bak ein hekk og gjømte seg!Eg kvakk som faen,og han såg det,eg gjorde eit forsøk på å stay kul,før eg etter 2 sekund snudde og sprang så fort eg kunne ut av parken.Eg meinar at det er ikkje utan grunn ein sitt bak hekkar og gøymer seg.Det var meir enn nok spenning for meg på lenge,så eg måtte heim å sjå på Stompa.

Sunday, July 20, 2008

Par(ad)is?

Snart er eg her,kallar det heime,har ei seng å gå heim til om kvelden,kanskje ein tekopp i skapet tilogmed.Min franske kopp i mitt franske skap.Kanskje eg har vener som heiter foreksempel "Marcel" og "Stephaniè".Og etterkvart kjem eg til å få eit heilt vanleg liv,med rekningar og keisame tirsdagskveldar.

Me har komt inn på skule,fransk språk og kultur,alt eg kan sei er "baguette".

Over-Make

Eit triveleg bilete frå Roskilde.Reint tjuvegods frå Andi,då mine filmar ligg hos FotoKnudsen over helga.
Eg er tilbake til det stadiet då ein var prepubertal og lengtande,då ein var heime på laurdagar med foreldre og taco,og gutar var noko eg hadde lest om i bøker frå TL-klubben.Eg er altså hos min pappa,i Stavanger,me har ete nachos(eg lagar guacamolen,det er min jobb) og sett ein stusseleg thriller.Eg kan ikkje hugse sist eg var heime ein laurdag,det gjer meg rastlaus om søndagen,og ødelegger heile konseptet om kviledag.

For å ikkje verte så rastlaus har eg pynta bloggen,det skulle berre mangle etter to år med den brune krulledussetingen.

Saturday, July 19, 2008

Eg lengtar 2


video

Eg tenker litt på det at eg har flytta frå Trondheim.Eg saknar livet mitt,veiane mine,stadene mine,skulen min,vennene mine!Det er ein liten kjærleikssorg,eg veit det måtte ta slutt,men det er litt trist likevel.Det slo med ikkje før eg satt på toget frå Trondheim at eg hadde flytta for godt,eg fekk ikkje tid til å tenke på det oppi alt stresset dei siste vekene.Eg har lagt ved Fotofagskulen-The Movie,som me såg siste skuledag,den er litt lang, med snuskete musikk,men triveleg for dei den angår!

Eg lengtar


Cocorosie har ein ny song,den er såfinsåfinsåfin,det var den siste songen dei spela på Roskilde,etterpå bar yngstesøstera eldstesøstera av scenen,og dei var så fine,og det visar så godt at dei er glade i kvarandre.Eg skulle ynskje eg kunne oppleve augneblinken om igjen.Har leita kloden rundt etter songen,men finn den ikkje,har spela den ihjel på myspace no.

Eg var i ein drømme-secondhandbutikk på Roskilde,der spela dei ei dame som heiter Yelle og syng på fransk.Det er noko for meg,eg bør lære meg teksten,og forstå den etterpå.Denne songen likar eg,til tross for den billige bildekollasjen:

Friday, July 18, 2008

Familjen

Ein mann i sin beste alder ser på havet.


Sønn og svane.


Far og svane.


Far hjelper sønn ut av knipe.

Wednesday, July 16, 2008

Let's trash this place and kill someone tonight!

Eg har vore vekke frå verdsveven i lengre tid.Grunnen er Roskilde og familieferie.Men no er eg tilbake der eg høyrer heime;krokrygga foran ein skjerm i meir urbane strøk.Men la meg fortelje litt om reisande onkel Heidi's opplevelsar:

Roskilde:
Eg,Ragni,Helene og Andi reiste til Roskilde dagen før festivalstart for å leggje oss i kø utanfor campen(blodseriøse).Det første som møtte oss var regn,det var rett inn i sydvest og støvlar.Me bygde oss eit hus av presenning.Under det nye huset fekk me nye venner.Etter kvart vart det slutt på moroa og me måtte stille oss i kø.Klokka 4 om natta vart sperringane sprungen ned,eg og Ragni sprang som faen med all bagasjen,Andi mista kofferten sin(men fant den igjen nokre dagar etter!),eg var totalt massakrert dritings,me fekk satt opp telt og vips var Roskilde igang!Kanelsneglar og skumle doar,alt var herlig.Campen vår var sammensatt av venners venners venner,og den var koslig.Eg og Ragni var på raid,me fant mange spennande dansevenner,det var mest spennande i ein camp der dei hadde sjukt mykje kule 90-talls cd'ar,masse mc music,mr music,absolute music,der dansa me litt vals,og vart einige om å gå tilbake dit neste dag.Me var på skateshow,og der runka me litt.Me raida fleire dansecampar der me ikkje kjente nokon.Eg fant også Karina inni alt dette,som hadde tatt på seg kjole og dolla seg skikkeleg.Ein dag tok me pause og reiste til København for å "find a place to shit".Me fant også ein itallion stallion.Svenskane i nabocampen likte oss skikkelig godt,og ville sitje i campen vår heile tida,også når me hadde det keisamt.Ein av dei spurte "er det tidleg på morgonen eller seint på kvelden?"Siste natta kom det to nakne svenskar inn i campen og lurte på om dei kunne få øl i byte mot at dei dansa for oss,det er det beste eg har sett.I alt dette gløymte me ikkje det me kom for,nemleg musikken.I tilegg til tidlegare nevnte konsertar var eg på desse også:

Efterklang
Neil Young
Lykke Li
Joan as policewoman
Alphabeat
Sharon Jones and the Dap Kings
Hot Chip
Jay-Z
Digitalism

Radiohead var fantastisk,eg skal aldri gløyme det.Band of Horses stod til alle mine forventingar,det var perfekt.Favoritten CocoRosie var enno meir underfundig og eventyrlig enn forrige gang.Efterklang var svett.Familjen klokka 03.00 var sykt gøy,sjølv om eg ein halvtime tidlegare hadde tatt det eg kalla ein powernap på festivalområdet.Sharon Jones var sexy.Siste kvelden var me på Jay-Z,det regna og eg hadde under nullpunkt forventningar,men så vart det dritbra,me stod bakerst og dansa som på disko i 7. klasse,og så gjekk me på Digitalism,og det virka som om alle som var der måkte ut siste rest av energi i kroppen.Me hadde heile festivalen brukt uttrykket "Let's trash this place and kill someone tonight!" (kvifor?),og me fant ut at i kveld var siste sjangse til å "kill someone",så me kidnappa folk og satte dei i ein stol mens me dansa som eit mongohelvet rundt dei,og etterkvart kom dei fleire folk og dansa mongohelvet,og me kidnappa fleire folk i stolen.Etterpå kom ein fyr å sa "thank you for the chair".Me tok også ein litt stakkarsleg fyr og la han i bakken,han mista nesten buksa og blei redd.Både han og "The Chair" kan sjåast her:


Trur eg skal gjere "The Chair" oftare.Forresten såg eg ein danske som satte noko i halsen,og kompisen måtte ta Heimlich på han,det var så komisk at eg måtte le av dei,men dei tok det med fatning og lo litt sjølve.Så kom Andi,og eg fortalte ho kva eg hadde sett,og då byrja ho også å le,tilslutt stod me i ein ring å lo.Det var gøy.
I dag ankom eg Stavanger etter eit ekslusivt opphald på det idylliske sørland,saman med min far,hans sambuar,hennar dotter og min bror.Eg har slappa av,lest bøker,fiska middag til heile familien,hoppa frå brygga,ete jordbær og moreller,sove i køyseng,kjørt båt så langt ut på havet at eg blei redd og våt og sove til 11 kvar dag.I morgon skal eg skjerpe meg og arbeide i bank.

Saturday, July 05, 2008

Musikk og kjærleik

Eg er på Roskilde!Akkurat no!

Det har så langt vore fantastisk,og me er berre halvveis inn i konsertdagane.Byrjar å bli litt sliten,men om 45 min skal eg slappe av på Jose Gonzalez.Jippi!

Desse banda har eg sett til no:

Slagsmålsklubben
Jong Pang
Casiokids
Dengue Fever
Teitur
Radiohead
MGMT
The Dø
Band og Horses
Santogold
Cocorosie
Yeasayer
Kings of Leon
Familjen

Forøvrig har me det svært bra,me snakkar mykje om bæsj.

Thursday, July 03, 2008

Edith Piaf-land!

Jeg har kommet hjem fra en reise, det har både vært en roadtrip, interail og charterferie i et. Jeg har fått rare skiller å funnet ut at blåskjell er en ny favoritt. Her er noen bilder:


Nothredam og mariellenhaug

Et stykk tykk hund!

Shakespeare and co

To små indianere


Etter denne kvelden kom vi hjem med blinkekjeder og blomstekranser: vellykket!



Ine og palme

Henrik bader i fine farger

Ventetid på togstasjonen, vi var i den røde timen.



Det er moro å veksle penger...

Dette er røra du må stå i, på et slags rulleteppe fo å komme deg opp å frem på CDG-flyplassen i paris, nå er dere advart kjære Heidi og jokke; ikke bli redde!
Til sist, hva kjøpte du i taxfree'en?

Blog Archive

Follow that blog!