Monday, December 31, 2007

Siste dagen i året

No skal eg snart feire nyttårsafta med fine kvinner.Det likar eg.Eg likar også dette:

Rosenkål
Røde sko
Det bladet som heiter "Soundvenue"

Eg likar ikkje dette:

Masse ledningar som er surra saman
Jordbæris
Lyden av musikk som vert avspelt frå ein pc.

Friday, December 14, 2007

Buy Nothing Day






Her det det me alle har venta på,reklamekampanjen for Kjøpefri Dag.No tek eg juleferie.Takk.

Frøken Strøken reklamebyrå








Dette er kvinnene som eg har via all mi tid,energi,og kreativitet til dei siste vekene.No er me ferdige.Me vant publikumsprisen,i fotofagskulens store reklamekampanjekonkurranse.Hurra promp!Etterpå fekk alle bok i julepresang frå Roar,akkurat som i fjor,og me åt laks på skjeva,akkurat som i fjor.Me gav Roar ein pepperkake-Hasselblad.

Tuesday, December 11, 2007

Furre og Pettersen på party

Her er eg og Benedikte på fest ein gong rundt 1990.Me held stilen,kanskje litt soss.Frekt med sånn krage rundt halsen.Eg er den i midten med kul frisyre,og Benedikte er skøyaren til høgre.Kom over dette bildet no.Det var flott på ein sein mandagskveld.
Her er me for ganske nøyaktig eit år sidan.Dette er solid ungdom.

Snart kjem du heim frå utlandet Benedikte.Det blir fint og sjå deg igjen,og eg gledar meg til at du skal fortelje om Spice Girls.Håpar du kan ha på like fin kjole som på det øverste bildet.Herregud,tenk på den dagen i fjor,i Bergen då me åt frukost hos Ann-Siren og du skulle reise.Så rart.Eg håpar du kan komme og knuse nokre senger med Caroline snarast.

Thursday, December 06, 2007

Father,i am your Luke

Dette er min far når han er på kontoret.Det er lenge sidan eg tok bildet,fant det igjen i dag,syns det er så søtt.Der sit han,kvar dag til klokka er ca.4,og stortrivst.

Wednesday, December 05, 2007

Reklamedame

For tida har me reklame-oppgåve på skulen.Me har delt oss inn i reklamebyrå,og eg og 5 unge fremadstormande kvinner har starta reklamebyrået "Frøken Strøken".Me held på å lage reklamekampanje for "Buy Nothing Day".Det er svært omfattande,mykje å tenke på,mykje å finne,gjere,men også veldig gøy.Det er bra me får svette litt på ryggen.

No er eg åleine heime.Det er rart,for det er eg nesten aldri.Eg spelar høg musikk,og ryddar på rommet.Det er fint.

Monday, December 03, 2007

Ein stor dag


I dag har både Joachim og Britney hatt bursdag.Her er eit gammalt bilete av Joachim,og eit gammalt bilete av Britney.Slik var dei før,i dag er det heilt andre boller.Gratulerar til begge!

Søndag-ein dag for ettertanke og skallebank


I går var eg på fotofagskulens fantastiske julebord.Me åt taco og drakk øl til det var tomt.Etterpå var heile skulen på Storås,det var vellukka,eg trur eg dansa mykje.Har smerter på ulike stader i kroppen,det er eit sikkert teikn på at det var ein vellukka kveld.Ovanfor er eit mobilbilete frå Storås.

I dag hadde Joachim bursdag,me laga cowboy-frukost,og såg Koht i familien på dvd.Det var heilt fantastisk,og eg har lyst til å sitje inne å ete cowboyfrukost med Koht i familien resten av livet.Etterpå gjekk me på Mormors for å ete bursdagskake.Det var ein ypparleg søndagsbursdag.

Karina tek bilete av oss mens me nyt den fantastiske maten.

Etter alle kakene på Mormors gjekk eg og Synnøve ein liten kveldstur langs nidelven.Det var romantisk,me hadde på høge hælar og gjekk arm i arm heile vegen.Då me kom til Ila-kirke var me så heldige at det var julekonsert der akkurat då.Me gjekk inn og sat oss blant alle dei gamle,og alle song Deilig er jorden i kor,og då fekk eg julefølelse.Ila-kirke er dessuten ei svært fin kyrkje,likte spesielt taket,så eg er glad eg endeleg fekk vore inne og sett i dag.

Blog Archive

Follow that blog!