Wednesday, October 31, 2007

Daglegdagsen

Slik ser det ut dersom eg ikkje har briller på og ser ut soveromsvindauget mitt om kvelden.

I dag har eg gjort skulesaker.Eg har også spasert til byen mens eg fraus på beina.Tenkte på Åsmund, og sendte melding til han om at eg tenkte på han.Han ville gjerne komme på kakao,om det ikkje hadde vore for at han er i nord.Fant ein kjole i byen som eg hadde sett litt på før som plutseleg var på halv pris.Syntes eg var heldig.

Når eg kom heim sov eg litt på sofaen.Har begynt å gjere det i det siste,for sofaen er alltid så god og varm.Då eg våkna dreiv dei andre med kaffi-drikking.Eg syntes det var altfor seint til det.Me hadde litt tulle-yoga i stova på tampen av kvelden.Eg var instruktør.Det heile utvikla seg til rå og beinhard styrketrening.Så snakka me litt om festen på Lørdag og at me skal servere kanapèar,og at det er morosamt.Manglar berre reke-kabaret.

Me har forresten fått oss VHS-spelar.Eg skal gå på Fretex og sjå om eg finn nokre gode videoar.Sist eg var der hadde dei "Villhesten" og ein trim-video frå 80-talet,så eg håpar dei er der fortsatt
.Johannes sit i sofaen og prøvar å gjere seg sexy for at eg tar bilde.Caroline drikk kaffi på eit uanstendig seint tidspunkt på kvelden.Synnøve ser på Greys Anatomy.Det var visst trist,men det veit eg ikkje noko om,for eg følgjer ikkje med på denne serien.

No skal eg slappe av med litt roleg bossanova.

Tuesday, October 30, 2007

Sykkylvens next Top Model

Her er gruppeportrettet mitt.Det er av venene til Synnøve.I morgon skal eg ta barneportrett,det blir skummelt,eg håpar eg får ein snill unge.No er eg på skulen.Eg har briller på.Karina gav meg rømmegraut istad.Då blei eg glad.

Sunday, October 28, 2007

Gode utsikter


Dette er ein parfyme-reklame der CocoRosie medverkar med musikken.Det likar eg,det er ein fin video,som gjer at eg gledar meg til eg skal på konserten.November blir ein fin månad.Neste helg skal me ha halloween-bursdag,eg har ordentleg bursdag,eg skal til Oslo på konsert,eg skal besøke Lasse og eg skal på ShoutOutLouds konsert.Glade november.

Kan eg få by på litt russisk sjokolade?

Helga.Dette har skjedd:Etter forrige helgs ville eskapadar vart det ein rolig fredag med Idol.Eg og Johannes laga pannekaker og hadde masse rømme på dei.Joachim og Karina kom på besøk og me såg desse filmane: "Lovers Guide 2" og "Mongoland".Klokka 1 om natta ville Joachim at me skulle lage mat, så me laga eit betre middagsmåltid og naut det saman.

Lørdag:Eg tok bilder av venene til Synnøve til gruppeportrettoppgåva.Biletet ovanfor er eit stemingsbilete frå fotograferinga.Dei ordentlege bileta kjem seinare.Dei var mange jenter som snakka mykje og lo.Eg fekk følelsen av å vere i bursdag,sånn skikkelig rosa jentebursdag der alle har fin kjole og klikk-klakk sko.

Etterpå åt me Lørdagsgraut,det synes eg er ein fin tradisjon.Sovna på sofaen,og då eg våkna var eg plutselig blitt sjuk, men eg lata som ingenting og gjekk på fest til Runa.Der var det kjekt.Etterpå var me på Storås og viste fram gode dansemoves.Eg såg ein slosskamp på vegen heim.

I dag:Mari,den lidenskapelege,tok bilete av kollektivet vårt.Eg og Synnøve gjekk på Bunnpris og kjøpte litt russisk konfekt.Den smakte heilt jævleg,og eg blir fortsatt litt trist av å tenke på den, men me kan servere den dersom me får gjester,dei tør sikkert ikkje seie at den er vondt uansett.No skal me gå oss ein tur.Først må eg vekke Svina som søv på sofaen.

Wednesday, October 24, 2007

Bananar i lange banar




Dersom bileta ser lyse ut,betyr det at du sit på ein ukalibrert skjerm.Det er synd for deg.

Studio high fashion

This is me and my norwegian friend Svina.The picture is taken in Trondheim 22.10.07.Johannes is the photographer.

Tuesday, October 23, 2007

Lysteikningar


Dette er det eg kallar bryllaupsbilete.Eg er på skulen.No skal eg heim.Då skal eg lage omelett med kylling.

Monday, October 22, 2007

Den sleske dirigenten


Dette er Johannes litt tidlegare i dag.Eg lo godt når eg knipsa desse bileta,nesten så eg skulle tisse på meg.Det beste var dirigent/konfirmant/brudgom stilen til J-man.Eg ler fortsatt.No har me kosa oss med pizza og Top Model.Fant vinter-støvlettar og rød kjole på Fretex.Alt i alt ein positiv dag.

Friday, October 19, 2007

Born in november

Her er den siste oppgåva mi,ungdomsportrett.Kanskje litt uortodoks.No er eg og Johannes åleine heime.Caroline er i hovedstaden,og Svina er på farten.Home-alone 2.Eg har drukke julebrus,og me har ete lakrisdrops og kaffidrops.


Thursday, October 18, 2007

I love horses

Her er eit knippe kule hestar du kan kose deg med dersom du vert einsam og trist:





Stemningsrapport frå heimen: Har kjøpt bussbiljettar til Oslo og Coco Rosie konserbillett.Har kjøpt flybiljett til Lasse.Har kjøpt flybiljett heim til jul.Har i det heile kjøpt bilettar til mykje.I dag har eg tatt bilete,kan blogge dei ved ei anna anledning.Eg har også ete havregraut til frukost, Grandis til middag,Jaffa-kjeks og ein stor sekk mandariner.
.
Kva skjer med dei andre?
Synnøve: Ligg på sofaen med pc'en på fanget.Er på facebook.
Johannes:Sit i den kjipaste sofaen med pc'en på fanget. Ser på tullete forum på intranettet.
Caroline:Sat foran pc'en i stad.Har angiveleg lagt seg,men er sikkert fortsatt på internett.
Eg:Sitt i favorittsofaen.Er på internett og tenker på foto.
.
Hybel

Alle smulane frå kneippen og pulverkaffien
Om kveldane sit me under pledd i den grønne sofaen.
Dette er heimen min.
Og det tek 5 min å sykle vekk.

Monday, October 15, 2007

Working class hero

Jeg sitter på biblioteket på dragvoll. Jeg har briller på, å tazter priv med en oppgave som handler om grafiske teknikker og mobilkameraer. Det hele vil jeg si at er en middels opplevelse. Det sitter en del folk rundt med, som jobber med sine oppgaver. Vi studenter er flittige underpress! Jenta som sitter rett over for meg tror jeg har tatt seg en liten pause fra skrivinga, hun sitter å flirer ned i pc skjermen, tydeligvis ikke semesteroppgaving. Men ellers rundt meg er det jobbing og hodebry på høyt plan:

Bilde fra tidligere i dag, under lunsjen.

Dei fine filmane


Eg likar Mew heilt inn i hjartet.

The Shins covrar "Breathe",dette blei eg glad av når eg fant det på tuben.

Eg skal på Coco Rosie i Oslo 11 november.Eg likar dei på grunn av barten.




Dette var ein av dei kulaste videoana eg visste om når eg var liten.

Flyplasstemning.

Den fine mappa

Eg har ei mappe på datamaskina mi,der eg alltid lagrar bilete eg finn på internett som eg likar.Den heiter "Rare ting", og inneheld mykje rart og stygt.Avogtil blar eg gjennom mappa og kosar meg med bilder eg hadde gløymt eg hadde lagra.





Wednesday, October 10, 2007

Lasse

I helga var eg å besøkte Lasse,det gjekk fort,men det var fint.Eg ler av Lasse,det er derfor eg har likar han.Og på grunn av dei mørke krøllane som susar i den ville vestlandsvinden,og at han likar raske spaserturar og fettinnhaldige middagar.Det er det eg ser etter hos ein mann.

Tuesday, October 02, 2007

Blury Paris









Blog Archive

Follow that blog!