Tuesday, September 25, 2007

Reisende onkel Heidi

Om berre nokre få timar skal eg setje meg på eit fly som peikar mot Paris (eg skal tenke på deg Åsmund).Mp3-spelaren er full av franske tonar: Air,Daft Punk,Charlotte Gainsbourg,Phoenix og Justice for å setje meg inn i den riktige modusen.Me har sett dei episodane av Sex&Singelliv som er frå Paris,og alpelua ligg i kofferten.Eg kjem aldri til å få sove i natt.

Saturday, September 22, 2007

Hjemmeklubb



Hei. Vi er hjemme. Det er lørdag, klokken er 21:27..Vi legger inn snøret og setter i prøppen! Vi har kjøpt lørdagsgodt og skal kvile oss. Men ikke alle. Furre er ute å flyr, snart skal Johannes fare å drikke øl,spille tvspill på storskjerm å klø seg på balla. Det er kun Svina, Wez og en nordlening her i heimen.Vi har hjemmeklubb!Om ikke lenge kommer guttene fra fremtiden å skal ha ekte hjemmeklubb med oss. Alle hjerter gleder seg til det.

Nå snakker Johannes og Synnøve med Ragni på intranetten. De snakker om tiss og om grove ord Ragni lærer på språkene til de landene de er på besøk i.Snart skal øksebanden(-Joachim og + Synnøve) reise til Paris. Der skal de spise lange loffer, å si [vole vo ku'she ari va' si'sva] til alle franskmenna de møter. Jeg ønsker de kjønnssykdommer! æsj!


Snart skal vi lage tapas å se på kjendisnytt med Dorthe. Ai,ai,ai for en lørdag.

Hybelsau

Eg har teke bilder med det mystiske gamle kameraet mitt.Det er nokre lysskadar og diverse dritt,og eg gadd ikkje fjerna alt støvet fra dei mishandla negativene mine.Syns det blir stygge og spennande bilder.Eg likar.I dag har eg tatt bilde av eit brudepar.Eg syns dei var det finaste brudeparet eg har sett,dei hadde bunad, og kom kjørande i ei lita boble.
I går var me på fest hos Eirin og dei ho bur med.Var på Storås etterpå, og han dj'en som pleide å spela på Cherrox var dj der, og det var god Cherrox-steming.Eg møtte både cowboyar og indianarar.


Once you go speedfreak,you never go back.

Wednesday, September 12, 2007

Fishing with Marco







Her er min moteserie fra den siste oppgåve på skulen.Den vart ikkje heilt som eg hadde tenkt, men det får briste eller bære denne gongen også.No sit eg på skulen, kontaktlinsene brenn i augene og eg er stiv i nakken.Det er på tide å gå heim å sjå idol.

Monday, September 10, 2007

Fest,forresten



Me hadde forresten ein fest forrige Lørdag.Det var mange der,mange eg ikkje kjente,mange fra førsteklassen.Me hadde Baileys, og doen slutta og funka,men eg og Caroline reparerte den with our bare hands.Karina og Synnøve bytta klede,det var humor på høgt nivå.Tilslutt gjekk nesten alle på Storås,og me som var igjen kunne ete nudlar frå eit svært fat og høyre på Pink Floyd.Eg sovna mens alle tegna bart og hjerter i ansiktet mitt.Eg og Karina skreiv mange dikt i frukostnytt, her er eit kort utdrag:

Fred

Me.
Altså eg og du
og dei andre.
Slappar av.
Og det er Fredag.


Furustolane

Dei er så ordentlege.
Og rake i ryggen.
Stolte
som hanar.
Dei kan beisast,
men eg orkar ikkje.


Ostesmørbrød

Flate.
Steikast levande
hylar i ovnen.
Dei likar det også.
Dei veit det er dette dei skal,
dei skal til meg
og dei andre på festen.


Wenche Foss

Diva og pioneer
serverar øl
Frå før
i tida.
Bestefar likte ho nok,
og eg likar ho også,
det er så rart,
med dei store,strame krøllane,
og at me
skal ha dette til felles
som nasjonaldagen
og julaftan
på ein gong
berre at det er Wenche Foss.

Den rotnorske sjela.


No er det kveld og dei andre i heimen har lagt seg.Eg er oppe og ser ein sterk dramafilm på tv-norge.Mari og Karina var på besøk tidlegare.Me har åte pizza,drukke cola og feira at det er Søndag.

Thursday, September 06, 2007

Blitzkrig (bop?)

Blitz på location.Det er eit helvete.Eg får heilt frysningar på ryggen av å tenke på det.Tanken på at ein klasse på 30 har 3 blitzar å dele på, og at når ein først skal bruke ein, bør ein egentlig ha ein til...Slagskygge, flatt lys, blitzar som ikkje synkroniserer,synkkablar som dør.Men fint blir det tilslutt.Til sist endte eg opp med ein håndholdt,takk til Karina som holdt den.Og takk til Ine-modell og Johannes-reflektorholdar.

Bodø

Det har skjedd noe, jeg er ikke lenger i Trondheim. Jeg er i "Nordlands paradis" som glunten sa det så kjekt. Her er det regn ute, men koselig inne. Jeg har kjøpt meg vintersko og vært på et samfunn å drokket øl.Det er en hund her som jeg gir skorper med leverpostei å klapper på stumpen, så den ikke skal knurre. I dag skal marius få briller, kompisene hans kaller han for Trondheimssossen. lol!

Wednesday, September 05, 2007

Vaskemaskina i blokka


Våt og hård
og den minnar meg om slik ein raspar ost med
og at eg får lyst til å vaske kleda i bekken.
Slik som Askepott gjer kvar julaftan
rett før ho får prinsen.

Charlotte Gainsbourg

Dette er ei dame eg likar.Ho er først og framst syngedame med fine songar.Ho er nokre gonger modell i Vogue, foreksempel,berre at ho er kulare enn alle dei andre modellane.Og så spelar ho i "Science of Sleep", som eg har lyst til å sjå heile tida. Den filmen gjer at eg på ein måte får ein slags forelska følelse inni meg,og at eg aldri skulle ønske den blei ferdig.På samme måte som med sushi.

Tuesday, September 04, 2007

Eg ligg på ei hemmeleg skattekiste



Eg har eit kamera. Det er eit gammalt mellomformatskamera av merket Agfa. Eg har vore litt redd for å bruke det, for det er eit slikt trekkspelkamera, der alt er veldig tungvint. Men no har eg tatt motet til meg og prøvd det, og eg synes det er spennande.Tok nokre bilde ut av vinduskarmen, og her er dei.

I går var eg og synnøve på "funk".

I dag forsov eg meg.

Snart skal eg på pirbadet.

Blog Archive

Follow that blog!